Det Norske Teatret: Øyvind Rimbereid: SOLARIS KORRIGERT, strøymeversjon

publisert på shakespearetidsskrift.no mars 2020

Teater i koronaens tid

Premieren på Det Norske Teatret si strøyming av Solaris korrigert frå 2015 fungerer ikkje heilt som live-hending, men likevel er filmatiseringa av oppsetjinga vel så god som teaterframsyninga. Den pinleg dårlege CGI-en gjer nokre sekvensar til pute-TV.

Av Elin Lindberg

Øyvind Rimbereid: SOLARIS KORRIGERT

Tilrettelagt for scenen av Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig

Regi: Peer Perez Øian

Med: Ane Dahl Torp

Trompet og elektronikk: Sjur Miljeteig

Scenograf, kostymedesignar, visuelt konsept: Unni Walstad

Lysdesignar, visuelt konsept: Kyrre Heldal Karlsen

Videodesignar, visuelt konsept: Roger Gihlemoen

Det Norske Teatret, premiere på strøymeversjonen 20.mars 2020

Det er verkeleg ei underleg tid – verda er omsnudd. Utfordringane er store og kaotiske, men vi klarar oss og vi finn nye måtar å leve på. Musikarar strøymer konsertar eller held konsertar i bakgardane, museum og galleri har virtuelle omvisingar. Teatera slit sjølvsagt. Strøyming av gamle oppsetjingar er eit godt og interessant initiativ. Premieren på strøyminga av Solaris korrigert på Det Norske Teatret viste nokre av utfordringane.

Å sjå på noko saman – VUL det einsamma i uss da fersvinna?

Noko som kjenneteiknar dei fleste teaterframsyningar er at vi er mange i same rom som opplever noko saman. I desse tider kan vi ikkje det. Då er det fint å få ein invitasjon til å sjå ei teaterframsyning frå di eiga stue. Det Norske Teatret byr på nettopp det. Premieren er på eit fastsett klokkeslett, slik som strøyminga av konsertar og liknande kan vere. Det Norske Teatret startar denne visinga utan nokon form for presentasjon eller «live-kommunikasjon» til publikum. Det er litt pussig. Kvifor nyttar dei ikkje høvet til å kome med ein kort introduksjon eller til å ønskje velkomen i strøyme-teateret? Det kunne vore gjort av ein av dei involverte i framsyninga eller kanskje teatersjefen sjølv? Ei saknar eit grep som kunne gjort denne strøyminga til noko meir enn berre ei filmvisning som du like gjerne kan sjå ein annan dag.

WAT vul aig bli om du ku kreip fra din vorld ttil uss?

Da denne teaterversjonen av Øyvind Rimbereids langdikt «Solaris korrigert» hadde premiere på hovudscenen på Det Norske Teatret hausten 2015 melde eg han for dette tidsskriftet. Eg heldt òg to gonger eit føredrag om diktet i Bikuben på Det Norske Teatret i forkant av framsyningane. Eg kjenner diktet godt sidan eg har skrive masteroppgåve om det. No er det interessant å sjå på om den situasjonen vi er i, gjev oss nye perspektiv både på teksten og på denne framsyninga slik ho blir strøyma fram for oss.

Diktet er på ein måte ei helsing frå eit menneske som lever om meir enn 400 år, i år 2480. Eg-personen i langdiktet presenterer seg som ein mann på 38 år (like gamal som forfattaren var då han skreiv diktet). Vi får ikkje vite kva han heiter, han kallar seg berre «aig» som kan vere  ei blanding av «eg» og det engelske «I». Han er ein slags arbeidsleiar for eit lag med robotar («greipmaskinar») som arbeider på havbotnen med å «repairing hydropipes». Han bur i SIDDY Stavgersand saman med kjærasten Shiri som er ein slags fotograf/kunstnar.

ROBOTS treng ne draumar

Det kan verke som identiteten som arbeidar er viktig for eg-personen. Etter den framifrå prologen til diktet som står som ein kanal der eit menneske frå 2480 kommuniserer med tida vår, kjem denne presentasjonen av arbeidssituasjonen til eg-personen. Øyvind Rimbereid har ofte skrive om fysisk arbeid og handverk, det gjorde han òg i den seinaste utgjevinga si, Hvit hare, grå hare, svart som kom i fjor. I denne framifrå diktsamlinga finn vi mellom anna «Ode til sandpapiret» og «Ode til hengselen» – altså høgstemte, lyriske dikt om desse smått prosaiske objekta som heng saman med nettopp fysisk arbeid og handverk.

I denne strøyma teaterversjonen kjem Ane Dahl Torp ut på scenegolvet gjennom ei industri-aktig dør. Ho er kledd i ein grå overall, som ein maskinarbeidar. Vi ser tydeleg at ho har grease på hender og armar – det gjorde vi ikkje då vi sat i teatersalen. Det er nemleg ikkje måte på kor lovprisa greasen blir i diktet, utan at eg skal kome nærmare inn på det her. Men ja, eg trur på Ane Dahl Torp sin framtidsarbeidar i denne filmversjonen.

Språket

Det aller viktigaste med «Solaris korrigert» er språket det er skrive på. Rimbereid har konstruert eit framtidsspråk basert på dei språka som omkransar Nordsjøen og Stavanger som er heimstaden hans. Det er eit særs vellukka prosjekt. Konstruert er forresten kanskje ikkje eit heilt passande ord her, for språket verkar svært organisk og menneskeleg. I Rimbereids diktsamling Herbarium som kom i 2008, finn vi prosadiktet «Kvann. Angelica archangelica». Her skriv Rimbereid på eit språk som går like langt tilbake i tid som språket i Solaris korrigert går fram i tid. Denne underleggjeringa gjer at stoffet kjem under huda på oss på ein heilt særeigen måte. Det svært rørande diktet om ein plaga mann startar slik: «Saa roligt Ansichtet thil den drucknede Philosophus er, naar her i vor Closterkielder ligger, i den skiønne pagt med sig selff, oc ocsaa gud.»

No er lest og talt tekst to forskjellige ting. «Solaris korrigert» er skrive på eit slags framtids-stavangersk. Dialekta frå Stavanger er vestnorsk og ein høgtonedialekt, i motsetnad til austnorsk som er ein lågtonedialekt. (I høgtonedialektar er det ein lågare tone i første staving og ein høgare tone i den siste stavinga.) Derfor meiner eg at det skurrar litt i Ane Torp Dahl si handsaming av språket i Solaris korrigert på austnorsk. Det blir litt skjerande og barnleg somme stader.

Kvalitetskontrastar

Framsyninga bruker ein del CGI (computer-generated imaginary). Dei freistar å lage duplikat av hovudpersonen. I førelegga til diktet, mellom anna Stanislav Lems roman og Andrej Tarkovskijs film, speler duplikat av minna til hovudpersonen ei vesentleg rolle. Det skal mykje ressursar til for å få dette til å fungere på ein teaterscene. Dei har ein ikkje funne her. Bruken av CGI for å illudere desse duplikata er så pinleg dårlege at ein mest ikkje klarar sjå på dei utan å raudne. I den filmatiserte versjonen av teaterframsyninga har dei redigert bort noko av dette, men enno på langt nær nok. Eit anna svakt punkt i framsyninga er den særs pompøse scena der Dahl Torp, drapert i eit stort teppe, stig høgt til vêrs på ei slags søyle. Her manglar det berre at ho set i med ein Melodi Grand Prix-song. Det er pinleg pompøst. MEN – det som fungerer veldig godt er scena der både Dahl Torp og Miljeteig står på ein scene på scena. Musikken er drivande. Teksten blir framført tøft og musikalsk. Det er så framifrå! Eg tar meg i å ønskje at dei framførte heile teksten på denne måten. Miljeteigs musikk er flott og Dahl Torp får eit særs godt grep om teksten her.

Teater i ei underleg tid

«Tidlegare låg framtida ein eller annan stad langt borte, bortanfor horisonten. I dag har framtida og no-et smelta saman.» Dette er eit sitat frå Andrei Tarkovskijs film Stalker og det passar godt til diktet «SOLARIS korrigert» av Øyvind Rimbereid. I dette science fiction-diktet blir framtid og notid eitt fordi det bruker ei tenkt framtid for å seie noko om vår eiga tid. Røyndomen vår endrar seg dag for dag i desse tider. Det er slett ingen dum idé å gripe tak i dette diktet igjen for å bruke det til å reflektere rundt tilhøva våre. Det er vanleg å lese diktet som ein dystopi, men det ligg òg ein underliggande optimisme her. Det som blir sett på som ein feil av maskinane som undersøkjer eg-personen, blir til eit adelsmerke for mennesket og noko vi absolutt treng akkurat no. Han har etter deira meining for mykje kreativitet og fantasi – «ein noko for staerk production af eigne picts». Dahl Torp gjentek dette fleire gonger i oppsetjinga, akkurat no får det ein trøystande og lindrande verknad. Den trua eg-personen formidlar om at alt kjem til å gå bra er kanskje òg noko å ta med seg slik situasjonen er no: «Ja, wi kan mastr detta».

Det Norske Teatret: SOLARIS KORRIGERT

Ujamn Solaris

Det er framleis teksten i langdiktet Solaris korrigert som speler hovudrolla

Solaris02

Øyvind Rimbereid: SOLARIS KORRIGERT

Regi: Peer Perez Øian

Med: Ane Dahl Torp

Trompet og elektronikk: Sjur Miljeteig

Scenograf, kostymedesignar, visuelt konsept: Unni Walstad

Lysdesignar, visuelt konsept: Kyrre Heldal Karlsen

Videodesignar, visuelt konsept: Roger Gihlemoen

Det Norske Teatret, hovudscenen, premiere 16.oktober 2015

 

Øyvind Rimbereids dikt ”Solaris korrigert” frå 2004 sluttar ikkje å fascinere. Eg er ein ikkje heilt uhilda meldar av framsyninga fordi eg har skrive masteroppgåve om diktet. Korleis eg ser på oppsetjinga blir sjølvsagt prega av det. Tidlegare er det blitt laga ein operaversjon av diktet: Ad undas, der  Lisa Baudouin Lie hadde regi og Øyvind Mæland hadde skrive musikken. Oppsetjinga hadde urpremiere på Den Norske Opera & Ballett i 2013.

Solaris korrigert er eit episk langdikt som er skrive på eit framtidsspråk. Det er eit smått dystopisk science fiction-dikt. Vi møter ein namnlaus hovudperson som kallar seg for AIG – ein mellomting mellom ”eg” og ”I”. I diktet kan det verke som det er ein mann, men kjønnet er ikkje så veldig viktig her. Eg-personen bur og arbeider i Siddy Stavgersand (ei blanding av Stavanger og Sandnes) i år 2480. Han arbeider med robotar og rør som ein slags framtidsoljeingeniør eller framtidsrørleggar. Samfunnet er nokså strengt regulert og organisert. Naturen er marginalisert og finst berre i reservat. I dei tomme oljebrunnane i Nordsjøen planlegger dei å skape ei ny verd som skal heite Solaris.

”Solaris korrigert” er på eit vis ein korrigert versjon av førelegga sine som til dømes Andrei Tarkovskys film Solaris frå 1972 som igjen var bygd på Stanislaw Lems roman Solaris. Steven Soderbergh har også laga ein versjon av filmen. Tarkovskys film har mykje til felles med Kubricks film 2001 – Ein romodyssé frå 1968.

Ein av dei tinga som gjer ”Solaris korrigert” til eit så framifrå dikt, er språket. Rimbereid har konstruert eit framtidsspråk som bygger på dei språka som omkransar, eller ikkje ligg så langt unna, Nordsjøen – stavangerdialekt, norrønt, engelsk, skotsk, fransk, tysk. Språket er inkorporert i hovudpersonen slik at språket er blitt særs menneskeleg og organisk.

Men no til framsyninga på Det Norske Teatret.

 

Ein romodyssé

På ”sceneteppet”, som illuderer bølgjeblikk, ser vi vakre naturbilete som ei opptakt til framsyninga. Nokre dyr kjenner vi igjen frå teksten: fuglar, elefant (ein forolda, big klumsen kropp). Eit melodiøst elektronikalydspor følgjer bileta. Det er vakkert (”beauti” dei seis her er). Problemet med denne projeksjonen er at dei som sit på dei første radene  ser lite og ingenting.

Ane Dahl Torp som aig – den namnlause hovudpersonen i diktet – kjem ut ei dør i den no grå bølgjeblikkveggen. Ho har på seg ein grå kjeledress, håret i eit slags rør, litt gråleg i andletet. Ho startar med det som er ein slags prolog i diktet:

 

WAT vul aig bli

om du ku kreip frå

din vorld til uss?

SKEIMFULL, aig trur, ven

du kommen vid diner imago

ovfr oren tiim, tecn, airlife

all diner apocalyptsen

                                   skreik-

mare. OR din beauti draum! NE

wi er. NE diner ideo! DER

aig lefr, i 14.6, wi arbeiden

onli vid oren nanofingern,

det er oren total novledg…

 

Dahl Torp bruker noko som ser ut som teiknspråk for døve når ho framførar diktet. Ho ”talar” teiknspråk på ein laus og ledig måte.

Bølgjeblikkveggen forsvinn og vi kjem inn i ein slags framtidsverkstad, eit ”framtidsrom” prega av avansert datateknologi. Sjur Miljeteig har si eiga lydbu der han arbeider med musikkmaskinane sine og speler trompet. Samspelet mellom Miljeteig og Dahl Torp fungerer flott.

Dahl Torp fortel med diktet sine ord om livet sitt i Siddy Stavgersand, og om arbeidet sitt med robotane sine. Mykje av det ho fortel blir illustrert ved hjelp videoprojeksjonar bak henne. Somme av bileta fungerer godt, andre ikkje så godt. Til dømes er bileta av robotane litt irriterande – dei ser ut som særs klumsete leiketøy. Videoarbeidet der Shiri – kjærasten til hovudpersonen  – blir presentert fungerer flott. Vi ser den svarte silhuetten hennar i leilegheita deira (oren litl room).

 

Duplikat

Det kan sjå ut som om det er brukt mykje arbeidstid i denne produksjonen på å få dei tekniske sakene til å fungere, og det er berre delvis vellukka, meiner eg. Det er laga eit slags hologram av hovudpersonen som no og då blir som ein medspelar til Dahl Torp. I førelegga (filmane og romanen) har duplikat av hovudkarakteren (som i desse førelegga heiter Kris) stor plass. Spørsmål som blir viktige er mellom anna: kva er eit menneske om ein kan lage eit duplikat av det? Kva er skilnaden mellom det opphavlege og det nye? Tanken om å la dette få stor plass i framsyninga er god, men det fungerer ikkje så godt i praksis. Hologrammet får ikkje noko eige liv, det blir berre eit ”levande” bilete. Framsyninga slit med å forløyse teksten scenisk. Det er gode anslag, men det fungerer ikkje heilt. Det kan også verke som om Dahl Torp slit med å få inkorporert teksten, med å gjere karakteren heilt til sin eigen. Ho får ikkje så mykje hjelp av rommet heller, det er synd. Ho framfører teksten på ein litt barnleg måte, det er også synd. Det kan verke som om ho bed om at vi skal sjå at ho er søt og grei. Ho bed om å bli likt. Det er litt trist.

I Solarisfilmane kjem hovudpersonen, som er forskar, til planeten Solaris. Heile planeten er dekt av eit slags hjernehav, eit skylandskap som har sin eigen intelligens. Hovudscena på Det Norske blir også fylt av røyk, ja ei heil sky. Det er så mykje røyk at dei på dei første radene blir heilt innhylla. I denne røyken blir hovudpersonen sine eigne minne materialisert. Dei står fram som duplikat av hovudkarakteren sine minne.

Ein av korreksjonane som er gjort i forhold til førelegga er at handlinga er flytta frå ein fjern planet til vår eiga jord. Her på jorda er det Breynmaskin BK2884 som styrer alt. Det kan sjå ut som om Breynmaskin BK2884 kan vere i slekt med – eller ein korrigert versjon av – datamaskinen Hal2000 frå 2001 – ein romodyssé.

 

Grease er links total!

”GREASE er wat aig haf/an mine hendr denna morgning. GULSVART glinsande grease/frå miner robot-/arbeidern, frå deirs beltfoot,/arms og linkgreip”, seier Dahl Torp og går opp på eit stillas til Miljeteig sin rytmiske elektronikamusikk. Lysriggen kjem eit stykke ned. Det blir som ei konsertscene. Dahl Torp resiterer, halvvegs syng teksten. Og dette fungerer så framifrå! Det gjev sug og trøkk til teksten. Musikken er suggererande. Her får Dahl Torp meir materiale å arbeide med. Eg saknar verkeleg fleire slike scener der den drivande musikken får komme meir med og skodespelar og musikk er meir blanda. Scena kan nesten sjå ut som ein konsert med et legendariske bandet Kraftwerk. Dahl Torp kler det rocka uttrykket denne scena opnar for. Her fungerer Dahl Torp sitt fysiske skodespelararbeid også godt. Det er flott å oppleve at ”Solaris korrigert” framleis er ein forunderleg god tekst og den rocka scena eg har nemnt her, gjer framsyninga vel verd å sjå!

 

 

Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 4-2015