Ujamn Solaris
Det er framleis teksten i langdiktet Solaris korrigert som speler hovudrolla
Øyvind Rimbereid: SOLARIS KORRIGERT
Regi: Peer Perez Øian
Med: Ane Dahl Torp
Trompet og elektronikk: Sjur Miljeteig
Scenograf, kostymedesignar, visuelt konsept: Unni Walstad
Lysdesignar, visuelt konsept: Kyrre Heldal Karlsen
Videodesignar, visuelt konsept: Roger Gihlemoen
Det Norske Teatret, hovudscenen, premiere 16.oktober 2015
Øyvind Rimbereids dikt ”Solaris korrigert” frå 2004 sluttar ikkje å fascinere. Eg er ein ikkje heilt uhilda meldar av framsyninga fordi eg har skrive masteroppgåve om diktet. Korleis eg ser på oppsetjinga blir sjølvsagt prega av det. Tidlegare er det blitt laga ein operaversjon av diktet: Ad undas, der Lisa Baudouin Lie hadde regi og Øyvind Mæland hadde skrive musikken. Oppsetjinga hadde urpremiere på Den Norske Opera & Ballett i 2013.
Solaris korrigert er eit episk langdikt som er skrive på eit framtidsspråk. Det er eit smått dystopisk science fiction-dikt. Vi møter ein namnlaus hovudperson som kallar seg for AIG – ein mellomting mellom ”eg” og ”I”. I diktet kan det verke som det er ein mann, men kjønnet er ikkje så veldig viktig her. Eg-personen bur og arbeider i Siddy Stavgersand (ei blanding av Stavanger og Sandnes) i år 2480. Han arbeider med robotar og rør som ein slags framtidsoljeingeniør eller framtidsrørleggar. Samfunnet er nokså strengt regulert og organisert. Naturen er marginalisert og finst berre i reservat. I dei tomme oljebrunnane i Nordsjøen planlegger dei å skape ei ny verd som skal heite Solaris.
”Solaris korrigert” er på eit vis ein korrigert versjon av førelegga sine som til dømes Andrei Tarkovskys film Solaris frå 1972 som igjen var bygd på Stanislaw Lems roman Solaris. Steven Soderbergh har også laga ein versjon av filmen. Tarkovskys film har mykje til felles med Kubricks film 2001 – Ein romodyssé frå 1968.
Ein av dei tinga som gjer ”Solaris korrigert” til eit så framifrå dikt, er språket. Rimbereid har konstruert eit framtidsspråk som bygger på dei språka som omkransar, eller ikkje ligg så langt unna, Nordsjøen – stavangerdialekt, norrønt, engelsk, skotsk, fransk, tysk. Språket er inkorporert i hovudpersonen slik at språket er blitt særs menneskeleg og organisk.
Men no til framsyninga på Det Norske Teatret.
Ein romodyssé
På ”sceneteppet”, som illuderer bølgjeblikk, ser vi vakre naturbilete som ei opptakt til framsyninga. Nokre dyr kjenner vi igjen frå teksten: fuglar, elefant (ein forolda, big klumsen kropp). Eit melodiøst elektronikalydspor følgjer bileta. Det er vakkert (”beauti” dei seis her er). Problemet med denne projeksjonen er at dei som sit på dei første radene ser lite og ingenting.
Ane Dahl Torp som aig – den namnlause hovudpersonen i diktet – kjem ut ei dør i den no grå bølgjeblikkveggen. Ho har på seg ein grå kjeledress, håret i eit slags rør, litt gråleg i andletet. Ho startar med det som er ein slags prolog i diktet:
WAT vul aig bli
om du ku kreip frå
din vorld til uss?
SKEIMFULL, aig trur, ven
du kommen vid diner imago
ovfr oren tiim, tecn, airlife
all diner apocalyptsen
skreik-
mare. OR din beauti draum! NE
wi er. NE diner ideo! DER
aig lefr, i 14.6, wi arbeiden
onli vid oren nanofingern,
det er oren total novledg…
Dahl Torp bruker noko som ser ut som teiknspråk for døve når ho framførar diktet. Ho ”talar” teiknspråk på ein laus og ledig måte.
Bølgjeblikkveggen forsvinn og vi kjem inn i ein slags framtidsverkstad, eit ”framtidsrom” prega av avansert datateknologi. Sjur Miljeteig har si eiga lydbu der han arbeider med musikkmaskinane sine og speler trompet. Samspelet mellom Miljeteig og Dahl Torp fungerer flott.
Dahl Torp fortel med diktet sine ord om livet sitt i Siddy Stavgersand, og om arbeidet sitt med robotane sine. Mykje av det ho fortel blir illustrert ved hjelp videoprojeksjonar bak henne. Somme av bileta fungerer godt, andre ikkje så godt. Til dømes er bileta av robotane litt irriterande – dei ser ut som særs klumsete leiketøy. Videoarbeidet der Shiri – kjærasten til hovudpersonen – blir presentert fungerer flott. Vi ser den svarte silhuetten hennar i leilegheita deira (oren litl room).
Duplikat
Det kan sjå ut som om det er brukt mykje arbeidstid i denne produksjonen på å få dei tekniske sakene til å fungere, og det er berre delvis vellukka, meiner eg. Det er laga eit slags hologram av hovudpersonen som no og då blir som ein medspelar til Dahl Torp. I førelegga (filmane og romanen) har duplikat av hovudkarakteren (som i desse førelegga heiter Kris) stor plass. Spørsmål som blir viktige er mellom anna: kva er eit menneske om ein kan lage eit duplikat av det? Kva er skilnaden mellom det opphavlege og det nye? Tanken om å la dette få stor plass i framsyninga er god, men det fungerer ikkje så godt i praksis. Hologrammet får ikkje noko eige liv, det blir berre eit ”levande” bilete. Framsyninga slit med å forløyse teksten scenisk. Det er gode anslag, men det fungerer ikkje heilt. Det kan også verke som om Dahl Torp slit med å få inkorporert teksten, med å gjere karakteren heilt til sin eigen. Ho får ikkje så mykje hjelp av rommet heller, det er synd. Ho framfører teksten på ein litt barnleg måte, det er også synd. Det kan verke som om ho bed om at vi skal sjå at ho er søt og grei. Ho bed om å bli likt. Det er litt trist.
I Solarisfilmane kjem hovudpersonen, som er forskar, til planeten Solaris. Heile planeten er dekt av eit slags hjernehav, eit skylandskap som har sin eigen intelligens. Hovudscena på Det Norske blir også fylt av røyk, ja ei heil sky. Det er så mykje røyk at dei på dei første radene blir heilt innhylla. I denne røyken blir hovudpersonen sine eigne minne materialisert. Dei står fram som duplikat av hovudkarakteren sine minne.
Ein av korreksjonane som er gjort i forhold til førelegga er at handlinga er flytta frå ein fjern planet til vår eiga jord. Her på jorda er det Breynmaskin BK2884 som styrer alt. Det kan sjå ut som om Breynmaskin BK2884 kan vere i slekt med – eller ein korrigert versjon av – datamaskinen Hal2000 frå 2001 – ein romodyssé.
Grease er links total!
”GREASE er wat aig haf/an mine hendr denna morgning. GULSVART glinsande grease/frå miner robot-/arbeidern, frå deirs beltfoot,/arms og linkgreip”, seier Dahl Torp og går opp på eit stillas til Miljeteig sin rytmiske elektronikamusikk. Lysriggen kjem eit stykke ned. Det blir som ei konsertscene. Dahl Torp resiterer, halvvegs syng teksten. Og dette fungerer så framifrå! Det gjev sug og trøkk til teksten. Musikken er suggererande. Her får Dahl Torp meir materiale å arbeide med. Eg saknar verkeleg fleire slike scener der den drivande musikken får komme meir med og skodespelar og musikk er meir blanda. Scena kan nesten sjå ut som ein konsert med et legendariske bandet Kraftwerk. Dahl Torp kler det rocka uttrykket denne scena opnar for. Her fungerer Dahl Torp sitt fysiske skodespelararbeid også godt. Det er flott å oppleve at ”Solaris korrigert” framleis er ein forunderleg god tekst og den rocka scena eg har nemnt her, gjer framsyninga vel verd å sjå!
Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 4-2015