Det Norske Teatret: Øyvind Rimbereid: SOLARIS KORRIGERT, strøymeversjon

publisert på shakespearetidsskrift.no mars 2020

Teater i koronaens tid

Premieren på Det Norske Teatret si strøyming av Solaris korrigert frå 2015 fungerer ikkje heilt som live-hending, men likevel er filmatiseringa av oppsetjinga vel så god som teaterframsyninga. Den pinleg dårlege CGI-en gjer nokre sekvensar til pute-TV.

Av Elin Lindberg

Øyvind Rimbereid: SOLARIS KORRIGERT

Tilrettelagt for scenen av Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig

Regi: Peer Perez Øian

Med: Ane Dahl Torp

Trompet og elektronikk: Sjur Miljeteig

Scenograf, kostymedesignar, visuelt konsept: Unni Walstad

Lysdesignar, visuelt konsept: Kyrre Heldal Karlsen

Videodesignar, visuelt konsept: Roger Gihlemoen

Det Norske Teatret, premiere på strøymeversjonen 20.mars 2020

Det er verkeleg ei underleg tid – verda er omsnudd. Utfordringane er store og kaotiske, men vi klarar oss og vi finn nye måtar å leve på. Musikarar strøymer konsertar eller held konsertar i bakgardane, museum og galleri har virtuelle omvisingar. Teatera slit sjølvsagt. Strøyming av gamle oppsetjingar er eit godt og interessant initiativ. Premieren på strøyminga av Solaris korrigert på Det Norske Teatret viste nokre av utfordringane.

Å sjå på noko saman – VUL det einsamma i uss da fersvinna?

Noko som kjenneteiknar dei fleste teaterframsyningar er at vi er mange i same rom som opplever noko saman. I desse tider kan vi ikkje det. Då er det fint å få ein invitasjon til å sjå ei teaterframsyning frå di eiga stue. Det Norske Teatret byr på nettopp det. Premieren er på eit fastsett klokkeslett, slik som strøyminga av konsertar og liknande kan vere. Det Norske Teatret startar denne visinga utan nokon form for presentasjon eller «live-kommunikasjon» til publikum. Det er litt pussig. Kvifor nyttar dei ikkje høvet til å kome med ein kort introduksjon eller til å ønskje velkomen i strøyme-teateret? Det kunne vore gjort av ein av dei involverte i framsyninga eller kanskje teatersjefen sjølv? Ei saknar eit grep som kunne gjort denne strøyminga til noko meir enn berre ei filmvisning som du like gjerne kan sjå ein annan dag.

WAT vul aig bli om du ku kreip fra din vorld ttil uss?

Da denne teaterversjonen av Øyvind Rimbereids langdikt «Solaris korrigert» hadde premiere på hovudscenen på Det Norske Teatret hausten 2015 melde eg han for dette tidsskriftet. Eg heldt òg to gonger eit føredrag om diktet i Bikuben på Det Norske Teatret i forkant av framsyningane. Eg kjenner diktet godt sidan eg har skrive masteroppgåve om det. No er det interessant å sjå på om den situasjonen vi er i, gjev oss nye perspektiv både på teksten og på denne framsyninga slik ho blir strøyma fram for oss.

Diktet er på ein måte ei helsing frå eit menneske som lever om meir enn 400 år, i år 2480. Eg-personen i langdiktet presenterer seg som ein mann på 38 år (like gamal som forfattaren var då han skreiv diktet). Vi får ikkje vite kva han heiter, han kallar seg berre «aig» som kan vere  ei blanding av «eg» og det engelske «I». Han er ein slags arbeidsleiar for eit lag med robotar («greipmaskinar») som arbeider på havbotnen med å «repairing hydropipes». Han bur i SIDDY Stavgersand saman med kjærasten Shiri som er ein slags fotograf/kunstnar.

ROBOTS treng ne draumar

Det kan verke som identiteten som arbeidar er viktig for eg-personen. Etter den framifrå prologen til diktet som står som ein kanal der eit menneske frå 2480 kommuniserer med tida vår, kjem denne presentasjonen av arbeidssituasjonen til eg-personen. Øyvind Rimbereid har ofte skrive om fysisk arbeid og handverk, det gjorde han òg i den seinaste utgjevinga si, Hvit hare, grå hare, svart som kom i fjor. I denne framifrå diktsamlinga finn vi mellom anna «Ode til sandpapiret» og «Ode til hengselen» – altså høgstemte, lyriske dikt om desse smått prosaiske objekta som heng saman med nettopp fysisk arbeid og handverk.

I denne strøyma teaterversjonen kjem Ane Dahl Torp ut på scenegolvet gjennom ei industri-aktig dør. Ho er kledd i ein grå overall, som ein maskinarbeidar. Vi ser tydeleg at ho har grease på hender og armar – det gjorde vi ikkje då vi sat i teatersalen. Det er nemleg ikkje måte på kor lovprisa greasen blir i diktet, utan at eg skal kome nærmare inn på det her. Men ja, eg trur på Ane Dahl Torp sin framtidsarbeidar i denne filmversjonen.

Språket

Det aller viktigaste med «Solaris korrigert» er språket det er skrive på. Rimbereid har konstruert eit framtidsspråk basert på dei språka som omkransar Nordsjøen og Stavanger som er heimstaden hans. Det er eit særs vellukka prosjekt. Konstruert er forresten kanskje ikkje eit heilt passande ord her, for språket verkar svært organisk og menneskeleg. I Rimbereids diktsamling Herbarium som kom i 2008, finn vi prosadiktet «Kvann. Angelica archangelica». Her skriv Rimbereid på eit språk som går like langt tilbake i tid som språket i Solaris korrigert går fram i tid. Denne underleggjeringa gjer at stoffet kjem under huda på oss på ein heilt særeigen måte. Det svært rørande diktet om ein plaga mann startar slik: «Saa roligt Ansichtet thil den drucknede Philosophus er, naar her i vor Closterkielder ligger, i den skiønne pagt med sig selff, oc ocsaa gud.»

No er lest og talt tekst to forskjellige ting. «Solaris korrigert» er skrive på eit slags framtids-stavangersk. Dialekta frå Stavanger er vestnorsk og ein høgtonedialekt, i motsetnad til austnorsk som er ein lågtonedialekt. (I høgtonedialektar er det ein lågare tone i første staving og ein høgare tone i den siste stavinga.) Derfor meiner eg at det skurrar litt i Ane Torp Dahl si handsaming av språket i Solaris korrigert på austnorsk. Det blir litt skjerande og barnleg somme stader.

Kvalitetskontrastar

Framsyninga bruker ein del CGI (computer-generated imaginary). Dei freistar å lage duplikat av hovudpersonen. I førelegga til diktet, mellom anna Stanislav Lems roman og Andrej Tarkovskijs film, speler duplikat av minna til hovudpersonen ei vesentleg rolle. Det skal mykje ressursar til for å få dette til å fungere på ein teaterscene. Dei har ein ikkje funne her. Bruken av CGI for å illudere desse duplikata er så pinleg dårlege at ein mest ikkje klarar sjå på dei utan å raudne. I den filmatiserte versjonen av teaterframsyninga har dei redigert bort noko av dette, men enno på langt nær nok. Eit anna svakt punkt i framsyninga er den særs pompøse scena der Dahl Torp, drapert i eit stort teppe, stig høgt til vêrs på ei slags søyle. Her manglar det berre at ho set i med ein Melodi Grand Prix-song. Det er pinleg pompøst. MEN – det som fungerer veldig godt er scena der både Dahl Torp og Miljeteig står på ein scene på scena. Musikken er drivande. Teksten blir framført tøft og musikalsk. Det er så framifrå! Eg tar meg i å ønskje at dei framførte heile teksten på denne måten. Miljeteigs musikk er flott og Dahl Torp får eit særs godt grep om teksten her.

Teater i ei underleg tid

«Tidlegare låg framtida ein eller annan stad langt borte, bortanfor horisonten. I dag har framtida og no-et smelta saman.» Dette er eit sitat frå Andrei Tarkovskijs film Stalker og det passar godt til diktet «SOLARIS korrigert» av Øyvind Rimbereid. I dette science fiction-diktet blir framtid og notid eitt fordi det bruker ei tenkt framtid for å seie noko om vår eiga tid. Røyndomen vår endrar seg dag for dag i desse tider. Det er slett ingen dum idé å gripe tak i dette diktet igjen for å bruke det til å reflektere rundt tilhøva våre. Det er vanleg å lese diktet som ein dystopi, men det ligg òg ein underliggande optimisme her. Det som blir sett på som ein feil av maskinane som undersøkjer eg-personen, blir til eit adelsmerke for mennesket og noko vi absolutt treng akkurat no. Han har etter deira meining for mykje kreativitet og fantasi – «ein noko for staerk production af eigne picts». Dahl Torp gjentek dette fleire gonger i oppsetjinga, akkurat no får det ein trøystande og lindrande verknad. Den trua eg-personen formidlar om at alt kjem til å gå bra er kanskje òg noko å ta med seg slik situasjonen er no: «Ja, wi kan mastr detta».