All makt til fantasien
The book of Mormon er dryg, grovkorna satirisk humor spela ut i ein ganske tradisjonell musikal på hovudscena på Det Norske Teatret denne hausten.
Av Elin Lindberg

Det er skaparane av tv-serien South Park, Trey Parker og Matt Stone, som står bak denne megasuksessen. De har samarbeida med Robert Lopez som blant anna står bak musikken til filmen Frost. Musikalen hadde urpremiere på Broadway i 2011 og er den mest omtala, prisløna og populære musikalen det siste tiåret.
Vi møter to unge mormonarar, Eldste Kevin Price (Frank Kjosås) og Eldste Arnold Cunningham (Kristoffer Olsen), som blir sende som misjonærar til landsbygda i Uganda. Her møter dei folk som overhovudet ikkje er interessert i religionen deira, men er opptekne av AIDS, svelt og av at dei er undertrykte av lokale krigsherrar.
Grovkorna satire
Mormonarkyrkja får gjennomgå. I Noreg er det 4-5000 medlemmar av Jesu Kristi Kyrkje av dei siste dagars heilage, men i USA er det ein nokså stor religion. I musikalen blir mormonarreligionen endevendt. Vi får mormonarhistoria presentert på ein slags flanellograf. Ei fortelling om jødar som drog over havet og etablerte eit samfunn i USA før dei døydde ut etter å ha plassert et par gullplater inngravert med tekst på et gamalt egyptisk språk i ei kiste under ein stein. Grunnleggaren Joseph Smith finn platene og med eit par magiske briller omsett han teksten til det som blir Mormons bok. Heilt makalaust.
Ytringsfridom
Trass i at musikalen kjem med krass kritikk av religion var Helga Haugland Byfuglien, preses i Den norske kyrkje på premieren, Knut Olav Åmås, direktør i Fritt Ord, var òg der. Det kan vi kanskje ta som ei understreking av ytringsfridomen vi hevdar å ha her i landet.
Mormonarkyrkja skal absolutt ha honnør for måten dei møter denne satiren over religionen deira på. Både i den norske utgåva av programmet til framsyninga og i den engelske, har dei på trykk annonsar der smilande mormonarar seier: «Du har sett forestillingen…nå bør du lese boken» og «boken er alltid betre». Dei møter kritikken med sjølvironi og humor. Vi har diverre groteske døme på det motsette. Satire over religion i avisa Charlie Hebdo enda med at 13 blei drepne og 11 såra.
Dryge karikaturar
Alle dei involverte får gjennomgå i denne framsyninga. Mormonarar, unggutar, homsar, homofobe, afrikanarar. Karikaturane er så svarte, beiske og syrlege at dei knapt er til å svelgje somme stader. Det er kanskje nettopp difor denne musikalen, i den søtlege innpakninga si, fungerer godt. Vi ler – kanskje spesielt av ordspela – til dømes når Eldste Cunningham konsekvent tiltalar den unge, vakre jenta i Uganda med den vanskelege namnet Nabulungi for andre ting som: «Niagara», «Nairobi», «Nutrilett», «Navarsete» og «Nugatti». Referansane til populærkultur som Star Wars og Ringenes herre er festlege. Og vi kjenner at det riv og at latter er vanskeleg når dei dryge historiene om misbruk og vald blir ironisert over.
Alt i alt
Vidar Magnussen har sin debut som regissør – oppgåva har han greidd fint. Are Kalvø har omsett, det er utmerka, sjølv om somme av replikkane verkar litt vanskelege for skodespelarane å presentere, men det er kanskje ikkje Kalvø sin feil. Hovudrolleinnehavarane Olsen og Kjosås er eit supert radarpar i beste komedietradisjon – ein tradisjon som rommar Asterix og Obelix, Helan og Halvan, mellom anna. Kvifor Det Norske Teatret bruker hausten til ei oppsetjing som ein like gjerne kunne sett i London eller New York kan ein jo spørje seg om. Men heile ensemblet kjem godt i frå dette. Musikalen blir uansett ein hyllest til den menneskelege evna til å skape sine eigne historier. Det blir ein hyllest til fantasien.
Publisert på NRK.no og på NRK Radio Nyhetsmorgen 4.september 2017