Det Norske Teatret: FRIDOMENS VEGAR

All makt til quizskaparen

Fridomens vegar går i mange retningar samstundes, vi sirklar rundt testregime og fridomen til individet, vi pirkar i moralske og etiske spørsmål, medan vi kosar oss med quiz – kva er det framsyninga eigentleg vil?

AV ELIN LINDBERG

Fridomens-vegar-DNT-1-1128x637

FRIDOMENS VEGAR

Audiovisuelt konsept, regi/musikk: Tore Vagn Lid

Leiar av scenografisk team: Kyrre Bjørkås

Kostyme: Kyrre Bjørkås/Ingunn Birkeland

Med: Ane Dahl Torp, Marie Blokhus, Joachim Rafaelsen og Bjørn Sundquist

Musikar: Thomas Valeur

Det Norske Teatret, scene 2, onsdag 26.oktober 2016

 

«Kven testar testaren?», er eit gjennomgangstema i Fridomens vegar. Det blir eit emblem for framsyninga. Det står som tekst på golvet framfor der vi sit, det står på stempelet som er brukt for å forsegle konvoluttane med quiz-materiell vi blir tildelte. Ja, kven testar testaren? Fridomens vegar? Kritikaren testar i alle fall framsyninga.

 

Kvar er vi?

Vi sit på krakkar som er festa til kvarandre i sirklar. Desse sirklane av krakkar dekker mesteparten av scenegolvet. Skodespelarane har speleområde rundt oss og i midten av scena. Store skjermar heng på sidene. Skodespelarane (Ane Dahl Torp, Marie Blokhus og Joachim Rafaelsen) er kledde i like kostyme, de er vertar og quizleiarar, samstundes som dei har sine eigne historier som dei speler ut.

Men kvar er vi? I eit regime av testar laga av testarar vi ikkje veit kven er og ikkje veit kvifor finst? Først ut i Fridomens vegar er den utskjelte PISA-testen. Vi ser to ungar, ei jente kledd i blå overall og overbeskyttande blå hjelm og ein gut kledd i raud overall og raud hjelm. De sit i eit trasig klasserom og gjer parodiske, meiningslause og uforståelege oppgåver på eit ark. Ein namnlaus karakter med bustete hår og skjegg (Bjørn Sundquist) sit i rullestol og overvaker dei to stakkars elevane. Filmen vi ser har stumfilmestetikk og han er ganske melodramatisk. Men kva er no eigentleg denne PISA-testen som dei stakkars ungane blir utsette for?

 

Pisa og PISA

Det skeive tårnet i Pisa dukkar opp i Fridomens vegar som ein noko ullen, i beste fall mangetydig, metafor. Men dei fleste veit at det dreier seg om PISA, altså Programme for International Student Assessment. Det er ein skuletest eit tilfeldig utval av 15-åringar i mange land tek del i. Dei blir testa i lesing, matematikk og naturfag. Resultata blir samanlikna internasjonalt. I 2012 kom PISA-sjokket. Det viste seg at Noreg ikkje var best i klassen, noko vi har ein lei tendens til å tru når det gjeld kva det skal vere. Finland var best i test. Sjå til Finland – kva gjer dei der? Jau, der er det å vere lærar eit høgstatusyrke, alle lærarar har masterutdanning, mange har ein PhD. Og – noko som før ikkje har komme så mykje fram i media, er at det i Finland blir sette i gang støttetiltak tidleg om elevar har utfordringar. Korleis finn ein ut at desse elvane har utfordringar kan ein spørje seg? Det blir vel ikkje tatt testar? Det er dei emna elevane blir testa i med PISA-testen som er det kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kallar basisferdigheitene. Desse meiner han og Høgre må styrkast, men kva må da ut? Jau, dei praktisk-estetiske faga som musikk, dans, drama, kunst- og handverk til dømes. Men da spørst det om ikkje ungen blir kasta ut med badevatnet…

 

Koseleg med quiz

Framsyninga steller aktuelle spørsmål om fridomen sine grenser når vi kan teste og bli testa på alle baugar og kantar. Vi blir inviterte til quiz og midt mellom filmar og quiz og presentasjonar speler skodespelarane som i oppsetjinga har bytt namn med kvarandre (Ane heiter Marie og omvendt) ut historier om karakterane «skodespelarane» i stykket. I ei scene er det jobbintervju på teatret, i ei anna scene vurderer to av dei om dei skal få barn. Desse historiene engasjerer oss berre sånn halvvegs, dei blir berre nokre av mange andre trådar. Det at dei forskjellige elementa i stykket blir blanda saman og får like verd er med på å gjere det heile noko uoversiktleg, men det er kanskje meininga.

Quizlaga er sette saman av dei som sit i same sirkel av krakkar. Sirkelen viser seg å vere litt upraktisk for samtale fordi han er så vid og stor at det blir vanskeleg å kommunisere med kvarandre. Tilfeldig? Kanskje ikkje. Oppsetjingane til Tore Vagn Lid er brechtianske – vi skal lære noko av å delta. Quiz blir brukt som pedagogisk hjelpemiddel i både skule og organisasjonsliv, og quiz finst som underhaldning, sosial aktivitet og som appar du kan laste ned på mobiltelefonen. Eg er ikkje heilt sikker på om quizen fungerte så godt i denne samanhengen. Ja, vi lærer best når vi sjølve er aktive, men når quizen blir så framtredande forsvinn andre element i stykket. Eg er nøgd med at eg fekk briljert med fiskekunnskapen min (det er altså makrellen som ikkje har svømmeblære, ikkje raudspetta!) og at eg lærte at det var Noreg ved dei to norske stortingsrepresentantane Erling Bjørnson (Bondepartiet) og Alf Mjøen (leiar i Radikale folkeparti) som foreslo den tyske rasehygienikaren dr. Alfred Ploetz som kandidat til Nobels fredspris. Men kom vi noko djupare i forståinga av kva desse testane gjer med oss?

 

Kven testar? Kva? Kvifor?

Det seier seg sjølv at det er av det gode at ein kan bli testa for alvorlege sjukdomar, som kreft til dømes, og få behandling så fort som råd er. Fridomens vegar gjer kunnskap om eigne genetiske disposisjonar og diagnosar til eit moralsk-etisk spørsmål. I ein chatte-dialog på skjerm mellom eit barn fødd i 2006 og mora blir ho konfrontert med at ho visste at ho hadde ein arveleg sjukdom før ho blei gravid. Grepet står og vippar mellom å angå oss personleg og å vere så melodramatisk at vi ikkje tar det inn.

Ja, vi blir testa heile tida. Og ja, det er særs viktig at vi er oppmerksame på kven som testar, kvifor vi blir testa og kva testresultata blir brukte til. Mot slutten av oppsetjinga blir ein modell av det skeive tårnet i Pisa hengd opp på ein krok midt på scena. Det bringer oss tilbake til skulen. Som kjend blir testresultata brukte til å stake ut vegen framover. Men kva for ein veg? Korleis blir testresultata leste? Kva blir plukka ut som særskilt verdfullt? I skulesamanheng brukar skuleleiarane ofte testresultata til den australske forskaren John Hattie til å seie at det det ikkje er nokon samanheng mellom kor mange elevar det er i ein skuleklasse og læring. Kvifor gjer dei det? Av omsyn til elevar og lærarar? Neppe. Dei gjer det sjølvsagt for å spare pengar.

Til slutt i Fridomens vegar har Ane (Marie Blokhus) ein samtale med karakteren i rullestol (Bjørn Sundqiust). Dei to ungane i raud og blå overall har allereie vore inne medan dei messa den kristne truvedkjenninga. Vi trur på testen. Vi trur på testaren. Bjørn Sundquist har spela Gud på Det Norske Teatret før, og han får denne rolla her òg. Som ein slags gudfader som ikkje lenger er til stades når skjermen blir mørk. Fridomens vegar peikar på at det er vanskeleg å finne ut av kven testaren er, og kva og kvifor det blir testa, men stykket stansar litt på halvvegen. Eg saknar endå meir djupn og vilje til å finne svar.

 

Publisert i Norsk Shakespeare- og Teatertidsskrift – 4/2016

Nationaltheatret: MYSTERIER

Livskampen

Jan Gunnar Røise gjør en god Nagel i Calixto Bieitos noe monologtunge versjon av Knut Hamsuns Mysterier.

AV ELIN LINDBERG

Mysterier
Foto: Øyvind Eide

 

Knut Hamsun: MYSTERIER

Dramatisert av Calixto Bieito

Regi: Calixto Bieitos

Scenograf: Rebecca Ringst

Kostyme: Kathrine Tolo

Lysdesign: Reinhard Traub

Med: Jan Gunnar Røise, Jan Sælid, Andrea Bræin Hovig, Heidi Goldmann, Håkon Ramstad, Anne Krigsvoll, Marian Saastad Ottesen, Mari Maurstad, Ellen Horn, Nils Goldberg Mulvik, Per Christian Ellefsen og Per Frisch

Nationaltheatret, hovedscenen, lørdag 4.juni 2016

 

«Jeg er en tilværelsens utlending», forkynner Johan Nilsen Nagel (Jan Gunnar Røise). I den lille byen han er kommet til, uten noen tilsynelatende grunn, er han en fremmed. Et menneske er kastet inn i verden og store eksistensielle spørsmål dukker opp til overflaten: Hva er meningen med det hele? Individet er ikke anonymt og unnselig. Dette er en person i en iøynefallende og sær gul frakk. Til og med en mannsperson. (Hvordan ville en kvinnelig Nagel fortone seg? Det er, dessverre, litt slitsomt at det fortsatt i alt for høy grad er slik at det er fortellingene om menns individuelle kamp mot og med verden som får mest oppmerksomhet.)

 

Menneskerommet

På dreiescenen står to flere etasjer høye «leilighetskomplekser». De to stillaslignende konstruksjonene har rom i forskjellig størrelse. De kan dyttes sammen slik at de framstår som en «bygning». Rebecca Ringst har skapt et rom der vi til enhver tid har muligheten for å observere mennesker i sine små avlukker. Det skapes tablåer i de forskjellige rommene. Og det vil alltid være mulig å bli observert av en eller annen. Mennesket er ikke alene. Konstruksjonen til Ringst kan også minne om et bilde på en slags hjerne. Tanker, minner, impulser hviler, vaker og er virksomme til enhver tid i dette menneskeskapte objektet.

Kostymer og interiør holdes i 1890-tallsstil. Det samme gjør språket. Hamsuns språk klinger både historisk og teatralt nærværende.

 

Alt er bedrag

Navnet Nagel er i seg selv teatralt. Det gir assosiasjoner til negl og nagle. Noe skarpt og spisst som kan bore seg innover i materien, noe som kan skape smerte, uro og aldri hvile. Navnet Nagel gir også assosiasjoner til kors og stigmatisering.  I Nationaltheatrets forestilling borrer han etter en mening eller et holdepunkt i tilværelsen. Han veksler mellom å forholde seg inderlig og ironisk til verden. Han forelsker seg i Dagny Kielland (Andrea Bræin Hovig), frir til Martha Gude (Heidi Goldmann) og har et forhold til stuepiken Sara (Mariann Saastad Ottesen). Alt er like dypt alvorlig og like overflatisk. Nagel speiler seg i taperen Minutten (Jan Sælid) samtidig som han måler seg med tides store menn. Navnet Ibsen gjentas av ensemblet og gir gjenlyd i veggene på Nationaltheatret. Mysterier rommer det friske sitatet: «De fleste av Ibsens skuespill er dramatisert tremasse».

Hamsun skrev Mysterier i modernismens oppstart, mennesker løsrev seg fra slekt og hjemsted og søkte til byene som vokste i en voldsom fart. Forutsetningene for mennesket forandret seg, og individets forhold til seg selv forandret seg. Hamsuns artikkel «Fra det ubeviste sjæleliv» som sto på trykk i Samtiden, er blitt en bauta over den tidlige modernismens mentalitet. I disse dager kikkes det på postmodernismen, på avstand. Det er gått noen tiår siden postmodernismen var hot. Ironi og fornuftskritikk var hedersord, og alle de store ordene sannhet, virkelighet, objektivitet, fakta kunne verken skrives eller uttales uten hermetegn. Det er i denne moderne verdenen Nagel lever. Alt oppleves som illusjon. Eller det møtes som om det skulle være en illusjon, noe uegentlig.

 

Overflaten

Mye av spillet i Calixto Bieitos forestilling er overflatisk og teatralt. Skuespillerne behersker dette stort sett godt, men det er litt forskjell på spillestilene. Mariann Saastad Ottesen spiller lekende, intuitivt og impulsivt, det kler materialet godt. Absurde og teatrale fysiske opptrinn gir gode bilder på det indre liv i hovedpersonens hjerne. Mari Maurstad som Kamma, denne ukjente kvinnen som oppsøker Nagel på rommet hans på pensjonatet der han bor, har en helt annen spillestil. Hun spiller komedie som om det skulle være en operette hun er med i. Timingen hennes er god, men den overflatiske spillestilen står ut som litt utdatert. Det fungerer i forestillinga som et besøk fra en verden som er forlatt og bare står igjen i minnet som sjablonger på levd liv.

 

Mysteriet

I Hamsuns Mysterier er naturen svært nærværende. Nagel går turer i skogen om natten. Det finnes hav og utsikt. I Bieitos Mysterier er vi hele tiden i bylandskapet. Mørket omkranser scenografikonstruksjonen på scenen, som den omkranser hovedpersonen Nagels liv. Vi vet ikke hvor han kommer fra. Vi får bare kunnskap om fragmenter fra hans tidligere liv. Ingen av fragmentene er helt til å stole på. Han bader i mystikk. Han dyrker og henter næring fra dette mystiske dypet han kommer fra. Menneskene i den lille byen tiltrekkes av mystikken, og de vender den like fort ryggen.

Et element i Reinhard Traubs lysdesign er at sterke søkelys rettes ut mot publikum mellom de to store scenografiske elementene. Publikum får ikke gjemme seg i mørket her, publikum er under oppsikt.

 

Liv og død

Nagels liv er her like mye en kamp med døden som en kamp med livet. Dødslengselen er aksentuert hos Bieito. Hos Hamsun framstår kampen som mer den overlevendes kamp. Det ligger en tanke om egen storhet og tro på egen suksess under fernissen av galskap, forvirrethet og forstillelse. Hos Hamsun kan det nesten virke som om hovedpersonen bevisst driver sitt spill og skaper seg et image som den labile fremmede. Hos Bieito er den fremmedes liv håpløst. Livet for Nagel, den fremmede blant oss, er ikke levelig. Røise spiller Nagel med intensitet og inderlighet. Nå mot slutten av spilleperioden framstår han som ganske rusten. Stemmen er slitt. Noen ganger er det som om han knapt får ordene ut. Dette gir Nagel en ekstra dimensjon. Han blir en mann som har levd et hardt liv og som ikke har så mye tid igjen.

En ting å sette fingeren på er kanskje selve dramatiseringsarbeidet. Forestillinga blir noe monologtung. Dette gjør at hovedpersonens nervøse og angstbiterske vakling fra det ene til det andre ikke får disse brå kastene som Hamsuns hovedperson har.

 

 

 

Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 2-3/2016

Oslo Nye Teater: FØRSTEREIS

Mestermøte

Godt gammeldags fortellerteater med en fortsatt fremragende skuespiller

 

AV ELIN LINDBERG

 

Helge Jordal

På scenen: Helge Jordal

Manus: Morten Lorentzen

Regi: Lasse Kolsrud

Scenografi: Carle Lange

Lyddesign: Espen Beranek Holm

Lysdesign: Morten Reinan

Produsert i samarbeid med Riksteatret og Den Nationale Scene

Oslo Nye Teater, Centralteatret, 18.mai 2017

 

Førstereis er ikke, som tittelen sier, ute for første gang – dette er tredje gang forestillinga er ute på turné etter premieren i 2011. Den er blitt spilt over hele landet. I Oslo spilles stykket på den lille scenen på det nokså loslitte og litt glorete Centralteatret. På scenen står et stillas, to store kasser, en søppelboks – eller et boss-spann som det vel heter på bergensk – og ei dobbel stolrekke – slike som finnes på blant annet flyplasser. På den bakre stolrekka ligger Helge Jordal. En stemme på spansk over høytaleren. Noe med Panama og at flyet er forsinka. Lyset er på i salen. Jordal reiser seg: «Jasså, dokker e frå Norge!» Som den nå pensjonerte sjømannen Martin, bosatt i Panama, er han både jovial, men også konfronterende. Martin har gode grunner for å være mistenksom overfor nordmenn, han har en historie om svik i bagasjen.

 

Barnehjemsbarn

Historien om Martin starter på Garnes guttehjem i 1959. Han er tyskerunge, moren kan ikke/vil ikke ta seg av ham. «Du var den medaljen eg satt igjen med etter den bedritne krigen», sier hun til sin sønn når han oppsøker henne som voksen. På guttehjemmet blir Martin «banket, spylt og rævpult». Læreren Sylen er verst. Martin er en smart gutt. Han stjeler identifikasjonspapirene til en eldre gutt, kommer seg som blindpassasjer på et godstog, i Bergen har han flaks og får seg hyre på en båt – M/S Gardanger. Han er femten år og har jobb som dekksgutt. Han er flink til å jobbe og blir etter hvert godtatt av resten av mannskapet.

 

Skillingsvise

Det er litt skillingsvisepreg over stykket, selv om den fiktive historien stort sett er ganske troverdig. Det er landlov i havnebyer med drikking og horer, det er julaften, gråt, gaver og savn, det er fellesskap og vakttørner om bord. For første gang blir Martin sett. Kapteinen framstår som en trygg farsfigur. I Rio de Janeiro forelsker Martin seg grundig. Kjærlighetshistorien er heftig og dramatisk og ender med arrestasjon. Og den fargerike historien fortsetter – Buenos Aires, tango, horer, pistoler. Durban, Suez, Kapp Horn, kneiper i St. Pauli i Hamburg der Beatles spilte på 1960-tallet. Selveste Rasmus – storstormen kommer – mannskapet frykter for livet, mens kapteinen er den eneste som står oppreist. Tømmer har satt seg i roret. Martin, som har vist at han er en god svømmer, dykker med slegge og spett og reparerer roret egenhendig. Han er en redningsmann, en helt.

 

Forførende

Historien er altså veldig dramatisk – en skikkelig skipperskrøne, men vi lar oss forføre. Vi lar oss rive med i alle kastene historien har. Grunnen til det er først og fremst at Helge Jordal er en fantastisk skuespiller og formidler. Han er høyt og lavt. Han beveger seg sprettent opp på broen og ned leideren. De følelsene han formidler beveger seg også i alle retninger, han ler og gråter, publikum berøres. Dette er god, gammeldags teatermagi. Vi løftes ut av hverdagen og inn i ei fortelling. Det hele er ujålete og rett fram.

 

Folkelig

Centralteatret har en brokete historie. I dette bygget er det blitt spilt teater siden slutten av 1700-tallet. Det har vært et serveringssted som het Alhambra her – på folkemunne kalt «Ølhambra». Det har blitt brukt av NRK på 60-tallet, og som bingo-lokale av Olav Thon. Dette er fortsatt et folkelig sted. Publikum her er litt annerledes enn det for eksempel er på Black Box. Og Førstereis er ei folkelig forestilling. Her trenger du ikke forkunnskaper om hverken teaterhistorie eller filosofi. Men dette er likevel ikke bare lett underholdning. Historien er viktig. Den handler om norske sjøfolk – en nokså utdøende rase – og måten de har blitt behandlet på i etterkrigstiden. Og det handler om svik og utenforskap. Og ikke minst om hvordan det å reise til sjøs var en hard, men effektiv måte for unge menn som ikke fant seg til rette andre steder, å bli voksen og få seg et yrke på. Denne muligheten for ungdom er dessverre ikke der lenger – selv om vi har historier som beviser det motsatte. Samuel Massie – også bergenser som Jordal – har en lignende historie fra i dag å berette.

 

Kunst

Historien om Martin – som førstereisgutt og som voksen mann – er absolutt underholdende, men måten den blir formidlet på gjør den også til kunst. Det er ikke det faktum at den spilles i et teater – en kunstinstitusjon – som gjør det. Det er skuespilleren, teatermennesket som gjør dette til kunst. Helge Jordal gir oss den besluttsomme, unge barnehjemsgutten som rømmer. Han er den usikre, hengslete, men lærevillige dekksgutten. Han gjør oss rørt som den store, trygge kapteinen som tar unggutten under sine vinger. Det er godt gjort å kun med ord ta oss med til en varm kjærlighetshistorie i Rio. Vi tror nesten på at den unge gutten var hallik i Buenos Aires også. Vi ler av den parodisk skravlete, bergenske taxi-sjåføren som bokstavelig talt snakker på inn- og utpust på bilturen helt fra Oslo til Bergen. Vi vemmes over Martins mor som han besøker for absolutt siste gang på 60-tallet. Alle i Jordals skikkelse.

 

Panama

Historien slutter der den begynte – på flyplassen i Panama. Her bor den gamle Martin nå. Han har en båt som han kjører turister ut til eksotiske øyer med. Det er stort sett backpackere og små grupper han frakter. Et rolig liv. Han har fortsatt sitt felleskap med folka han traff på M/S Gardander. «Glunten», opprinnelig fra Brønnøysund, driver en bar her. Martin har venner, han er avslappet. Men han venter på noen på flyplassen. Kjærlighetsmøtet i Rio har gjort at han har familie. Han skal treffe den for første gang. En lykkelig slutt for Martin. Og et godt og varmt møte med en fargerik fortelling, men først og fremst med en mester i skuespillerfaget. Det er bare å bøye seg i støvet. Og det er godt gjort, og profesjonelt til fingerspissene, å holde en slik enmannsforestilling så levende og vital etter så lang tid på veien.

 

Publisert i Norsk Shakespearetidsskrift 2-3/2017

Nationaltheatret: RICHARD III

Brutalt og bestialsk

Visuelt interessant forestilling med Shakespeares tekst i sentrum

Richard III
Foto: Øyvind Eide

Av Elin Lindberg

 

William Shakespeare: RICHARD III

Gjendiktet av Inger Hagerup. Bearbeidet av Njål Helge Mjøs og Kjersti Horn

Regi: Kjersti Horn

Scenografi og kostymedesign: Sven Haraldsson

Lysdesign: Tobias Leira

Musikk: Nils Bech

Med: Kåre Conradi, Marika Enstad, Selome Emnetu, Trine Wiggen, Nils Golberg Mulvik, Emil Johnsen, Erik Hivju, Kim Haugen, Finn Schau, Nils Bech, Ellen Horn, Nikolai Mediaas Jørstad/Thomas Rikheim Fangel, Benjamin Elias Næssø Chocron/Isac Klouman Åsland/Bobo Solan Hedin

Nationaltheatret, hovedscenen, tirsdag 16.februar 2016

 

Det er Sven Haraldsson som står for scenografien til Richard III på Nationaltheatret. Hele sceneåpninga på hovedscenen er tettet igjen med ei gedigen trapp. Trappetrinnene er forholdsvis høye – trinnene er 75 cm. Det er krevende å komme til topps i makthierarkiet, og ingen kan gjøre det særlig elegant. Skuespillerne må klatre og krype for å komme seg oppover. Trappa er dekket av hvit papp, det gjør at den kan skrives på. Navnene på dem som dør underveis i stykket males på trappa. Malingen gir assosiasjoner til graffiti. Den skrevne teksten kommer til å fungere som en slags stum protest mot dette forvirrede og bestialske maktspillet. Scenografien males også av lyset. Skuespillerne er på scenen – i trappa – nesten hele forestillinga gjennom. Det gjør dem synlige, og lette å ha kontroll på, for makthaverne. Scenografien kommer til å spille ei rolle som et slags fengsel som aktørene er bundet til – så lenge de er i live. Teaterblod i mengder er også med på å sette farge på scenografien. Det ligger noe klaustrofobisk over scenerommet. Menneskene er stengt inne en verden der et uforutsigbart spill avgjør om de overlever dagen.

 

Maktkamp

Shakespeare skrev stykket Richard III omtrent hundre år etter at den engelske kongen levde. Han var hertug av Gloucester og medlem av huset York, og han var en viktig støttespiller for sin bror Edvard IV i de avsluttende fasene av Rosekrigene. Den historiske Richard III var konge fra 1483 til 1485. Han ble drept i slaget ved Bosworth Field mot jarlen av Richmond, den senere Henrik VII, som etablerte Tudordynastiet. Shakespeare skrev Richard III mens Elisabeth I var dronning. Hun tilhørte Tudor-slekten som altså overtok etter Richard III. Det hjalp nok ikke på ettermælet hans. Men det blir regnet som sannsynlig at han tok livet av sine to små nevøer, slik han gjør i stykket.

 

Dødens og maktbegjærets fest

Richard III på Nationaltheatret starter med en fest. Musserende vin, serpentiner, partymusikk, dans. Men det er ingen ekte glede som gjennomsyrer festen. Den er glossy og overflatisk – et spill som resten av verdenen stykket portretterer. Richard III (Kåre Conradi) er en partykiller.  I sin berømte åpningsmonolog klager han over sitt uheldige utseende og sin mangel på kjærlighet. «Og når jeg altså ikke kan bli elsket/og gjøre kur til denne glatte tid, /har jeg bestemt meg for å spille skurken/og hate tidens ørkesløse gleder», sier han før han gjør rede for de onde planene sine. Vi er ikke kommet langt inn i stykket før Richards første offer er tatt – broren George, hertugen av Clarence (Selome Emnetu).

Kåre Conradi har nettopp spilt kong Edvard IV i den omfattende The Wars of the Roses i Trevor Nunns regi i London, så han har Shakespeare under huden. Conradi spiller Richard som forvridd og skakk i kroppen. På den ene handa har han en sølvfarget hanske. Han klør seg som om han har en hudsykdom. Men det hos Richard som er mer alvorlig enn hans utseende, er hans selvhat. Han er ambisiøs, han begjærer makt mer enn noe, han drives av begjæret etter å hevde seg, vise at han duger, at han er den største. Det står respekt av Conradis Richard, men hans selvhat når kanskje ikke så dypt i hans utgave av superskurken. Jeg blir også sittende å lure på om de fysiske skavankene han spiller at han har, fungerer. De blir stående som påstander og ikke helt inkorporert. Jeg kommer fram til at det fungerer greit. Denne oppsetninga har et teatralt språk der kanskje nettopp dette verfremdungselementet passer inn. Vi observerer historien om Richard som den vanskapte outsideren, men vi får ikke særlig sympati for ham.

 

Magisk musikk

Historien om Richard III er grusom, blodig og hjerteskjærende. Jeg blir allikevel berørt av skjønnheten i teksten. Fragmenter som: «kniven fikk slipt seg mot ditt hjertes sten», klinger umåtelig vakkert. En annen bit av skjønnhet finnes i musikken som er laget til forestillinga. Det er sangeren og performanceartisten Nils Bech som har laget musikken. Låtene han synger i løpet av forestillinga er stort sett arrangert av Øyvind Mathisen og Drippin. Bechs musikk fungerer som klagesanger, og som kommentarer til stykket. Hans teatrale og tydelige stil gjør ham svært tilstedeværende. Der flere av de andre aktørene ser ut til å slappe litt av der de sitter på trappetrinnene sine, er Bech alltid helt tilstede. Han understreker et av hovedtemaene i stykket – utenforskapet – med sine vokale innslag og sin presise tilstedeværelse. Foruten å være stykkets musiker, spiller Bech også rolla som Jarlen av Richmond, senere kong Henrik VII. Hans poserende, teatrale spillestil fungerer godt også her.

 

Tungt og tragisk

Det er ikke mye å glede seg over i Richards verden. Kim Haugen og Fin Schau gjør sitt for å muntre oss litt opp som første og andre morder, men latteren blir sittende fast i halsen – det hele er for grusomt. Kjersti Horn og ensemblet lykkes i å vitalisere stykket. Det gjøres ikke noen store anstrengelser for å sette stykket i en nåtidig kontekst. Det får stå på egne bein, og det står absolutt stødig. Ensemblet fungerer godt sammen. Skuespillerarbeidet er tett og presist. Barna som er med, er fine. Emil Johnsen som Lady Anne og Hertugen av Buckingham bør kanskje framheves. Han spiller virkelig virtuost her. Jeg forstår allikevel ikke helt den gravide magen han baler med til slutt. Det blir litt for mye av et påfunn.

Til slutt kommer et skred av såpeskum rennende nedover trappa. Richard må kjempe seg oppover fossen av såpe for å komme til topps. Den berømte replikken «En hest! Mitt kongerike for en hest!» drukner nærmest i såpeskum. Her forlater paret som sitter ved siden av meg, salen, men resten av oss blir sittende og se på at såpeskummet velter nedover og at Richard dør en langt fra ærefull død.

 

 

Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 1-2016

 

Det Norske Teatret: SJU DAGAR I AUGUST

Sofie-i-Sju-dagar-i-august-har-fatt-blomar-100x100

Den livslange sorga

Relevant og reflektert om korleis kvardag og parforhold er prega av sorga over å ha mista eit barn på Utøya, fleire år etter

AV ELIN LINDBERG

Brit Bildøen: SJU DAGAR I AUGUST
Regi: Morten Borgersen
Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen
Inspisient: Hedda Rønneberg
Sceneansvarlege: Pelle Dengsø/Tryggve Ildahl
Kostymekoordinator: Tommy Olsson
Rekvisittkoordinator: Åse-Berit Litleskare
Med: Nina Woxholtt, Geir Kvarme, Ellen Birgitte Winther og Øyvin Berven
Det Norske Teatret, scene 3, 20.mai 2017

Eit av dei første teaterarbeida eg såg som tematiserte terrorangrepet 22.juli 2011, starta med at det låg ei mengd mobiltelefonar på scenen. Dei lyste, dei ringde. Skodespelarar tok opp ein og ein og leste dei autentiske meldingane. Det kollektive sorgarbeidet var i gang. Dette var på Dramatikkens Hus i 2012, der studentar frå Kunsthøgskolen hadde jobba med devised teater under leiing av Trine Falch. Sju dagar i august startar òg med at ein mobiltelefon ligg einsam på scenen. Han lyser, det ringer og ringer, men ingen tar telefonen. Vi er effektivt blitt tatt attende til 22.juli 2011. Denne gongen er det berre ei historie vi følgjer og vi går djupare inn i ho.

Samtidstraume
Framsyninga er bygd på Brit Bildøen sitt meisterstykke av ein roman frå 2014. Boka fekk svært god kritikk og ho vann P2-lyttarane sin romanpris. Bjørn Gabrielsen skreiv i meldinga si av boka i Dagens Næringsliv: «Med Sju dagar i august har Bildøen klart kunststykket å kombinere samtidens ubevisste endetidsforestilling med spenninger i parforhold på en måte som ikke virker tvungen eller synlig finurlig». Eg skriv gjerne under på denne vurderinga av boka. Brit Bildøen skriv om det største samtidstraumet vårt gjennom å skildre kvardagen til eit ektepar på ein empatisk og klok måte.

Tung tids tale
«Det er sant at sorga blir mindre med tida. Det er også sant at sorga blir større. Ingen sørger på same måten. Sorga er noko ein deler berre ei kort stund. Sidan lever alle vidare aleine i si sorg», seier Sofie (Nina Woxholtt). Ho mista dotter si, Marie på 15 år, på Utøya den 22.juli 2011. Sofie er gift med Otto som ikkje er far til Marie, men hadde eit nært og godt forhald til henne. Sofie er avdelingsleiar på Munchmuseet, Otto arbeider med flyktningar. Saman med Marie budde dei på Vestkanten, etter at ho blei drepen flytta dei til ei mindre leilegheit på Tøyen på Austkanten i Oslo. Dei ville prøve å bygge eit nytt liv på ein ny stad. Det middelaldrande ekteparet har alt dei treng, materielt sett, og dei sit godt i det når det gjeld kulturell kapital. Dei har eit passe sosialt liv der dei omgjev seg med interessante menneske – mellom anna Karin (Ellen Birgitte Winther) som er arbeidskollega av Sofie og terapeuten Lasse (Øyvin Berven). Sofie og Otto har faste rutinar som fungerer. Under det heile renn ei svart elv av sorg. Fredagane – vekedagen Marie døydde på – har dei eit ritual der dei kvar fredag bytter på å blande drinkar. Eit tilsynelatande greitt påfunn for å dekke over at dei drikk for å kome seg vekk, drikk for å døyve, for å gløyme.

Symboltungt
Overflatehistoria er grei og tilforlateleg. Livet går vidare trass i smerta. Dei greier seg bra. Men det finst sprekkar – store og små. Verda deira krakelerer. I ei tilstand i eit liv der store kjensler regjerer – enten det er glede, forelsking, eller stor sorg, kan tinga rundt ein få ei anna meining enn ho ville hatt på eit anna tidspunkt i livet. Om burettslaget har tatt ei avgjerd om å sage ned eit tre du har hatt kjensler for, kan det kjennast ut som om ein fysisk del av deg blir saga av. Slik blir det for Sofie. Når nokon sagar ned det friske, unge treet som står utanfor vindauga deira, bringer det henne attende til tapet av den unge livsglade dottera. Eit flåttbit blir òg eit memento mori. Otto har hatt ein flørt med Karin. Det blir til ein trussel for ekteskapet. Vêret speler òg med i dommedagsprofetien. Eit frykteleg regn, ein naturkatastrofe trugar. «Himmelen ligg som ein knyttneve over byen», seier Otto.

Mørke
Tankane, minna og frykta til Sofie blir spela ut. Når ho slår på tv blandar nyheiter om ekstremvêret seg med minna om katastrofen då dotter hennar blei drepen. Medan ho er aleine i stova og tørker opp regnvatn frå golvet går det mørke forhenget bak på scena litt opp og eit par militærstøvlar kjem til syne – han lever i minnet hennar. Ho forbannar gjerningsmannen: «Du feigaste av alle feigingar! Du som skyt ungar bakfrå!»
Både Sofie og Otto går gjennom hendinga gong på gong for seg sjølve. Sorga er blitt ein einsam ting. Alle sørgjer forskjellig. Otto har alt for mange gonger tenkt på dei ulike fluktmoglegheitene Marie hadde på Utøya – kvifor sumde ho ikkje vekk frå øya? Kvifor gøymde ho seg ikkje betre? Kvifor fann ho ikkje ein stad han ikkje kunne finne henne? Var ho ikkje i stand til å ta riktig avgjerd?

Rolla som sørgjande mor
For Sofie blir rolla som sørgjande mor eit tema. Kor lenge godtek omverda at du sørgjer? Skal ho bry seg om kva omverda meiner? Ho går alltid i svart. Det blir kommentert. På jobben fortel Karin – som går i knallraude bukser – at ho blir kalla for «nonna» fordi ho er så streng og svartkledd. At Sofie jobbar på Munchmuseet fargar òg stykket. Edvard Munch mista stort sett heile familien sin, mange av bileta hans tematiserer nettopp sorga. Sofie blir ein levande svartkledd Munch-figur. Velmeinte råd om terapi blir òg ei påminning om korleis samfunnet rundt meiner du skal arbeide med sorga. Kan den sørgjande mora fleipe og le? Passar det seg for ei som har mista sitt einaste barn? Det ligg ein del føringar og rammer her, somme synlege, andre ikkje.

Vatnet
Otto dett i trappa medan han tastar på mobilen. Han får hjerneristing og brekk eit par ribbein. Eit heilt meiningslaust og unødvendig uhell som blir ein slags triviell parallell til hendinga med dottera.
Rundt stykket, på same måte som rundt Utøya, er det vatn. Vatnet bles inn gjennom den opne balkongdøra. (I Bildøens bok er det hytta som er blitt full av vatn fordi dei har gløymd å stenge att ei dør.) Regnet og det fuktige, klamme augustvêret minner om julidagen i 2011, då det var det same vêret som i stykket. Og det er det same vêret som møter oss utanfor teateret denne dagen. Det er sommar, det er klamt og lummert. Denne parallellen hjelper til slik at historia trekkjer endå djupare inn.
Omarbeidinga av Bildøens roman fungerer godt. Stykket er blitt fin dramatikk og framsyninga er velspela. Men sorgarbeidet er nok likevel ikkje heilt over med dette.

Publisert i Norsk Shakespearetidsskrift 2-3/2017