Det Norske Teatret: FRIDOMENS VEGAR

All makt til quizskaparen

Fridomens vegar går i mange retningar samstundes, vi sirklar rundt testregime og fridomen til individet, vi pirkar i moralske og etiske spørsmål, medan vi kosar oss med quiz – kva er det framsyninga eigentleg vil?

AV ELIN LINDBERG

Fridomens-vegar-DNT-1-1128x637

FRIDOMENS VEGAR

Audiovisuelt konsept, regi/musikk: Tore Vagn Lid

Leiar av scenografisk team: Kyrre Bjørkås

Kostyme: Kyrre Bjørkås/Ingunn Birkeland

Med: Ane Dahl Torp, Marie Blokhus, Joachim Rafaelsen og Bjørn Sundquist

Musikar: Thomas Valeur

Det Norske Teatret, scene 2, onsdag 26.oktober 2016

 

«Kven testar testaren?», er eit gjennomgangstema i Fridomens vegar. Det blir eit emblem for framsyninga. Det står som tekst på golvet framfor der vi sit, det står på stempelet som er brukt for å forsegle konvoluttane med quiz-materiell vi blir tildelte. Ja, kven testar testaren? Fridomens vegar? Kritikaren testar i alle fall framsyninga.

 

Kvar er vi?

Vi sit på krakkar som er festa til kvarandre i sirklar. Desse sirklane av krakkar dekker mesteparten av scenegolvet. Skodespelarane har speleområde rundt oss og i midten av scena. Store skjermar heng på sidene. Skodespelarane (Ane Dahl Torp, Marie Blokhus og Joachim Rafaelsen) er kledde i like kostyme, de er vertar og quizleiarar, samstundes som dei har sine eigne historier som dei speler ut.

Men kvar er vi? I eit regime av testar laga av testarar vi ikkje veit kven er og ikkje veit kvifor finst? Først ut i Fridomens vegar er den utskjelte PISA-testen. Vi ser to ungar, ei jente kledd i blå overall og overbeskyttande blå hjelm og ein gut kledd i raud overall og raud hjelm. De sit i eit trasig klasserom og gjer parodiske, meiningslause og uforståelege oppgåver på eit ark. Ein namnlaus karakter med bustete hår og skjegg (Bjørn Sundquist) sit i rullestol og overvaker dei to stakkars elevane. Filmen vi ser har stumfilmestetikk og han er ganske melodramatisk. Men kva er no eigentleg denne PISA-testen som dei stakkars ungane blir utsette for?

 

Pisa og PISA

Det skeive tårnet i Pisa dukkar opp i Fridomens vegar som ein noko ullen, i beste fall mangetydig, metafor. Men dei fleste veit at det dreier seg om PISA, altså Programme for International Student Assessment. Det er ein skuletest eit tilfeldig utval av 15-åringar i mange land tek del i. Dei blir testa i lesing, matematikk og naturfag. Resultata blir samanlikna internasjonalt. I 2012 kom PISA-sjokket. Det viste seg at Noreg ikkje var best i klassen, noko vi har ein lei tendens til å tru når det gjeld kva det skal vere. Finland var best i test. Sjå til Finland – kva gjer dei der? Jau, der er det å vere lærar eit høgstatusyrke, alle lærarar har masterutdanning, mange har ein PhD. Og – noko som før ikkje har komme så mykje fram i media, er at det i Finland blir sette i gang støttetiltak tidleg om elevar har utfordringar. Korleis finn ein ut at desse elvane har utfordringar kan ein spørje seg? Det blir vel ikkje tatt testar? Det er dei emna elevane blir testa i med PISA-testen som er det kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kallar basisferdigheitene. Desse meiner han og Høgre må styrkast, men kva må da ut? Jau, dei praktisk-estetiske faga som musikk, dans, drama, kunst- og handverk til dømes. Men da spørst det om ikkje ungen blir kasta ut med badevatnet…

 

Koseleg med quiz

Framsyninga steller aktuelle spørsmål om fridomen sine grenser når vi kan teste og bli testa på alle baugar og kantar. Vi blir inviterte til quiz og midt mellom filmar og quiz og presentasjonar speler skodespelarane som i oppsetjinga har bytt namn med kvarandre (Ane heiter Marie og omvendt) ut historier om karakterane «skodespelarane» i stykket. I ei scene er det jobbintervju på teatret, i ei anna scene vurderer to av dei om dei skal få barn. Desse historiene engasjerer oss berre sånn halvvegs, dei blir berre nokre av mange andre trådar. Det at dei forskjellige elementa i stykket blir blanda saman og får like verd er med på å gjere det heile noko uoversiktleg, men det er kanskje meininga.

Quizlaga er sette saman av dei som sit i same sirkel av krakkar. Sirkelen viser seg å vere litt upraktisk for samtale fordi han er så vid og stor at det blir vanskeleg å kommunisere med kvarandre. Tilfeldig? Kanskje ikkje. Oppsetjingane til Tore Vagn Lid er brechtianske – vi skal lære noko av å delta. Quiz blir brukt som pedagogisk hjelpemiddel i både skule og organisasjonsliv, og quiz finst som underhaldning, sosial aktivitet og som appar du kan laste ned på mobiltelefonen. Eg er ikkje heilt sikker på om quizen fungerte så godt i denne samanhengen. Ja, vi lærer best når vi sjølve er aktive, men når quizen blir så framtredande forsvinn andre element i stykket. Eg er nøgd med at eg fekk briljert med fiskekunnskapen min (det er altså makrellen som ikkje har svømmeblære, ikkje raudspetta!) og at eg lærte at det var Noreg ved dei to norske stortingsrepresentantane Erling Bjørnson (Bondepartiet) og Alf Mjøen (leiar i Radikale folkeparti) som foreslo den tyske rasehygienikaren dr. Alfred Ploetz som kandidat til Nobels fredspris. Men kom vi noko djupare i forståinga av kva desse testane gjer med oss?

 

Kven testar? Kva? Kvifor?

Det seier seg sjølv at det er av det gode at ein kan bli testa for alvorlege sjukdomar, som kreft til dømes, og få behandling så fort som råd er. Fridomens vegar gjer kunnskap om eigne genetiske disposisjonar og diagnosar til eit moralsk-etisk spørsmål. I ein chatte-dialog på skjerm mellom eit barn fødd i 2006 og mora blir ho konfrontert med at ho visste at ho hadde ein arveleg sjukdom før ho blei gravid. Grepet står og vippar mellom å angå oss personleg og å vere så melodramatisk at vi ikkje tar det inn.

Ja, vi blir testa heile tida. Og ja, det er særs viktig at vi er oppmerksame på kven som testar, kvifor vi blir testa og kva testresultata blir brukte til. Mot slutten av oppsetjinga blir ein modell av det skeive tårnet i Pisa hengd opp på ein krok midt på scena. Det bringer oss tilbake til skulen. Som kjend blir testresultata brukte til å stake ut vegen framover. Men kva for ein veg? Korleis blir testresultata leste? Kva blir plukka ut som særskilt verdfullt? I skulesamanheng brukar skuleleiarane ofte testresultata til den australske forskaren John Hattie til å seie at det det ikkje er nokon samanheng mellom kor mange elevar det er i ein skuleklasse og læring. Kvifor gjer dei det? Av omsyn til elevar og lærarar? Neppe. Dei gjer det sjølvsagt for å spare pengar.

Til slutt i Fridomens vegar har Ane (Marie Blokhus) ein samtale med karakteren i rullestol (Bjørn Sundqiust). Dei to ungane i raud og blå overall har allereie vore inne medan dei messa den kristne truvedkjenninga. Vi trur på testen. Vi trur på testaren. Bjørn Sundquist har spela Gud på Det Norske Teatret før, og han får denne rolla her òg. Som ein slags gudfader som ikkje lenger er til stades når skjermen blir mørk. Fridomens vegar peikar på at det er vanskeleg å finne ut av kven testaren er, og kva og kvifor det blir testa, men stykket stansar litt på halvvegen. Eg saknar endå meir djupn og vilje til å finne svar.

 

Publisert i Norsk Shakespeare- og Teatertidsskrift – 4/2016

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s