Det Norske Teatret: EDDA

Odin-og-Volva-i-baaten-i-Edda
Foto Lesley Leslie-Spinks

Visuelt vellukka Edda

Robert Wilsons formspråk kler både Jon Fosse og dei norrøne mytane. Edda er både gripande og underhaldande. Ho er både mørk og lett.

 

Publisert i Ånd i hanske 1-2017

 

EDDA

Konsept: ROBERT WILSON

Tekstar: Jon Fosse

Musikk: Cocorosie og Arvo Pärt

Regissør, scenograf og lysdesignar: Robert Wilson

Kostymedesignar: Jacques Reynaud

Co-regissør: Ann-Christin Rommen

Co-scenograf: Serge von Arx

Co-lysdesignar: John Torres

Maskedesignar: Manu Halligan

Co-kosymedesignar: Alexander Djurkov Hotter

Dramaturg: Carl Morten Amundsen

Musikkprodusent: Valgeir Sigurðsson

 

Det Norske Teatret, hovudscena, 8.mars 2017

 

Robert Wilsons univers er særeigent. Scenene, eller tablåa, i verka hans er visuelt detaljerte og presist komponerte. Skodespelarane i arbeida hans blir meir figurar enn heile menneske, det kler dette norrøne mytestoffet svært godt. Det er gledeleg å sjå at skodespelarane på Det Norske Teatret beherskar Wilsons scenespråk mykje betre no enn førre gongen han besøkte teatret, det var i 2006. Då var det den norske nasjonalskatten Henrik Ibsens Peer Gynt som blei sett opp. For skodespelarar som er meir vande med ein realistisk spelestil var ikkje denne fysiske og stiliserte spelestilen like lett å få til å fungere.

 

Teaterlegenda Wilson

Robert Wilson er nærmast ei myte eller ei legende i seg sjølv. Han har sidan 1960-talet skapt teatrale, visuelle verk som har fått stor merksemd. The New York Times har skildra han som «ein ruvande figur innanfor eksperimentelt teater og ein utforskar i bruk av tid og rom på scenen. Ved å gå ut over dei teatrale konvensjonane dreg han inn mellom anna grafisk kunst, som smeltar saman bilde og lyd til ein integrert heilskap». Han har sett opp stykke over heile verda, mellom anna på La Scala i Milano, Metropolitan Opera i New York og Bolsjojteateret i Moskva. Han har fått ei mengd æresprisar og utmerkingar for arbeidet sitt. Det er ei storhending at han besøker Noreg.

 

Rommet/tomrommet

Framsyninga startar med ein meditasjon over Ingenting, eller det tomme rommet. På scena blir eit «rom» fylt med kvit røyk, skyar eller damp. Eg er usikker på om det er ein projeksjon eller om det er tørris. Røyken rører seg i bølgjer som om han er koreografert. Det er vakkert og eit gripande bilde på verda før nokon ting – Ginnungagap som det heiter i den norrøne mytologien. Ordet er samansett av «gin» som tyder «vibrasjon» og «gap» – eit vibrerande gap.

Volva (Gjertrud Jynge) kjem snart inn i bildet – ho ordlegg historia. Ingenting/Ginnungagap blir fylt av omgrep og språk. Odin (Henrik Rafaelsen) kjem til. Han er kledd som ein glam-rockar i sølvkostyme, skinande irrgrøn el-gitar og ein gull-lapp som blindar det høgre auget hans. Yggdrasil – verdstreet liknar eit lyn. Det ser ut som eit tre som både er rett veg og opp-ned samstundes. Det understrekar at dette ikkje er ei faktisk eller realistisk verd. «Hell above – heaven below», syng Odin. Songane til den amerikanske duoen CocoRosie er frie assosiasjonar over tema i Fosses Edda-tekst. I programmet står det at dei er framførde på engelsk for å skilje dei frå Jon Fosses tekst. Det kan òg sjå ut som eit litt lettvint val. Songane fungerer greitt på engelsk, men det hadde vore både stilig og sterkt om dei hadde vore omsette og blanda med Fosses tekst. Det kan òg hende at den språklege dimensjonen i stykket hadde tent på ein større tekstleg heilskap.

 

Bilde på bilde

Den raude tråden i stykket er Voluspå – skapinga av verda, ispedd dei mest kjende av historiene i Edda-diktinga, her i Fosses gjendikting. Nokon heilt klar visuell raud tråd er det ikkje så lett å få tak på. Tablå følgjer på tablå. Bilda blir bygd opp av presise scenografiske element, lys og skodespelarane sine rørsler og stemmer. Bilda er smått magiske og imponerande, og svært vakre. Mellom dei presist oppbygde bilda kjem intermesso framfor det svarte sceneteppet i form av song, eller små opptrinn. Mellom anna fortel Frigg (Marianne Krogh) i ein glitrande kjole med puppar som lyser opp no og då, om sonen Balders død. Ho les opp frå eit ark – det er ikkje lenger så trist: «det er jo så lenge sidan no». Det er meisterleg teatralt.  Kjærleiksgudane, søskena og kjærastane Frøy (Ola G. Furuseth) og Frøya (Renate Reinsve) i lilla kostyme har eit lite opptrinn i beste 80-talsdiscostil, der dei flørtar med kvarandre – ein kosteleg scene. Loke (Eivin Nilsen Salthe) har sin sekvens, han har raudt stilig og strittande hår og raudbrun skinndress, men er ikkje den farlege trickstaren vi ofte forbind han med. Ty (Joakim Rafaelsen) – han som ofra handa si for at Fenrisulven skulle bli bunden – ser vel så demonisk ut. Han liknar smått på Iggy Pop og han syng flott.

 

Forteljingar om Tor

Skodespelarane smilar på ein infam, men også venleg og overberande måte gjennom heile framsyninga. Dei ler høgt klukkande, kunstig, men venleg. Dette grepet fungerer veldig godt. Dei blir meir nærverande for oss som levande karakterar, samstundes som dei held på den distansen dei har til det menneskelege og realistiske.

Det er nok forteljingane om Tor som er dei mest minneverdige. Dette er historier som har underheldt folk i traktene våre i svært lang tid. Vi elskar å høyre historia om då Tors hammar Mjølner blei stolen. Og korleis jotnen Hyme blir lurt til å tru at han skal få Frøya om han gjev hammaren tilbake til Tor. I Wilson sin versjon kjem ein diger cowboyhatt og ein cowboystøvel, begge kanta med tivoliaktig lys, ned frå taket. Rundt dei dansar Hyme (Jon Bleiklie Devik) og Frøya før Tor (Frode Winther) umerkeleg tek over runddansen, grip hammaren og slår Hyme i hovudet med han.

Tor er i framsyninga både sterk og tøff og feminin. Han har ein tynn falsettstemme. Det er interessant at han blir spelt som ein slik androgyn figur. Det er nettopp leiken med kjønnsidentitet som har vore med på å halde historia om då Tor mista hammaren sin, levande.

 

Det sykliske verdsbiletet

Den norrøne skapingsmyta fortel ei syklisk historie. Verda blir skapt. Myta fortel om korleis verda er ordna. Om urkua Audhumbla, om jotnar, dvergar, æser, vener, sol og måne. Menneska, Ask og Embla, får ikkje så mykje plass. I Wilsons versjon av myta fortel volva om dei, men dei er ikkje visualisert.

Verda går under. Og verda kjem til å stige opp att. Alt utan menneska si hjelp. Framsyninga viser dette gjennom karakterane sin spelestil – dei er tilsynelatande venlege, men bryr dei seg om oss menneske eigentleg? Distansen til oss menneske set oss på plass – vi er ikkje uunnverlege. Jorda lev sitt liv også utan oss.

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s