Lengt etter kjærleik
Ein jordnær hyllest til homopionerane
Av Elin Lindberg
Carl Johan Karlson: VI SOM FØLER ANNLEIS
Regi: Carl Johan Karlson
Dramaturg: Carl Morten Amundsen
Med: Ola G. Furuseth, Gard Skagestad; Paul-Ottar Haga, Ingunn Beate Øten og Bernhard Ramstad
Det Norske Teatret, scene 3, onsdag 8.april 2015
”Vi (dei homofile) har aldri late lover, religionsutøvinga i den norske kyrkja eller sosial kontroll stoppe oss i det absolutte kravet vårt om å få vere dei vi er og få elske dei vi vil”, skriv regissør Carl Johan Karlson og dramaturg Carl Morten Amundsen i programmet til Vi som føler annleis på Det Norske Teatret. Denne trassige stoltheita over eigen identitet kling som grunntone gjennom heile framsyninga. Oppsetjinga er basert på dokumentarisk materiale og sanne historier. Mykje inspirasjon er henta frå Vi som føler annerledes, Noregs første vitskaplege bok om homofili, skriven i 1957 av Øivind Eckhoff, utgitt under pseudonymet Finn Grodal. Øivind Eckhoff er ein av desse homopionerane framsyninga kjem til å heidre – saman med alle andre homsar som har levd liva sine i bygd og by opp gjennom tida. For dette er homsane sin kveld. Det blir slått fast heilt i byrjinga av framsyninga. Her handlar det ikkje om lesbiske, transseksuelle eller bifile. Øivind Eckhoff si bok er vitskapleg og skodespelarane kledd i kvite frakkar står fram som forskarar som definerer homofili for oss. Slik blir framsyninga spissa til å handle om mannleg homofili. Det gjer at framsyninga kan hende kjem endå nærare på oss fordi vi slik kjem til å få eit møte med enkeltskjebnar.
Øivind Eckhoff har verkeleg sett spor etter seg i kampen for homofil frigjering. Han var musikkforskar og pianist. Han var med frå starten av i Det Norske Forbundet av 1948, der han ei tid sat i styret. Boka Vi som føler annerledes. Homoseksualiteten og samfunnet som kom i 1957, ei tid då homoseksuelle rett og slett var kriminelle i følgje norsk lov, var eit 342 siders forsøk på å forklare årsakene til homoseksualitet. Boka bidrog òg til å kartleggje den vanskelege situasjonen til dei homoseksuelle og ho ville vise at dei hadde sin naturlege plass i samfunnet. Med denne boka blei nemningane homofil/homofili og heterofil/heterofili innført i norsk presse- og samfunnsdebatt. Etter at boka blei gjeve ut fekk Eckhoff mange brev. Han planla ei utgjeving av historiene desse breva fortalte – De tause taler ut – men boka blei aldri noko av. Framsyninga Vi som føler annleis blir kan hende ei slags realisering av Eckhoffs prosjekt.
Enkeltskjebnar
Sjølv om framsyninga er inspirert av eit vitskapleg verk har ho likevel eit fokus på enkeltskjebnar. Scenerommet på scene 3 på Det Norske Teatret er tomt. Ein eldre mann (Bernhard Ramstad) blir køyrd inn i ein gamaldags rullestol av kona (Ingunn Øyen). Han sit vend mot oss og fortel si livshistorie, kona er òg med på å fortelje historia hans, historia hennar blir ikkje sett på som interessant her. Teksten er henta frå dagboka til filosofiprofessor Pontus Wikner. Historia tilhøyrer ein enkeltskjebne, men ho er ikkje eineståande. Ein mann forstår at han føler annleis enn dei andre gutane, han likar menn betre enn kvinner, likevel forlovar han seg med ei kvinne. Han fortel at han er homofil, men ho vel å bli og dei giftar seg. Denne første scena endar med noko slikt som: ”Min Gud, min Gud, kvifor har du gjeve meg eit liv berre for at det skulle gå til spille”. Mannen i rullestolen samanliknar seg dermed med det mest sentrale offeret i kulturen vår – Jesus.
Framsyninga er bygd opp av blikk på den enkelte homoseksuelle sitt liv med innsmett av scener der vi møter forskarane i kvite frakkar. Sjølv om forskarane, eller skodespelarane, presenterer seg som heteroseksuelle, har framsyninga eit innanfråperspektiv – vi, homsane, fortel historia vår. Og det er verkeleg mange sterke historier å ta av. Det er ikkje mange historier om eksentriske homofile eller om dei som lever i livslange partnarskap. Vi får historiene om kjærleikslengt og det å gå på byen, i parkar, på offentlege toalett på jakt etter Han. Vi får historier om kor tøft det er å vere ung homofil utan nokon å snakke med om legninga si, historier om sjølvmord, om hatvald og drap på homofile verda over. Undertrykkinga av homofile er jo diverre enno ein realitet mange stader i verda, drap og vald grunna seksuell legning skjer kvar dag. Det faktumet gjer denne framsyninga viktig. Vi treng at nokon minnar oss på desse realitetane. Mange homofile kan heilt sikkert kjenne seg igjen i Vi som føler annleis. Vi kjem tett inn på individ som oppdagar at dei har ei seksuell legning som ikkje er heilt lik fleirtalet si legning. Sjølv i Noreg i dag er det nok ikkje heilt ukomplisert å erkjenne at ein er homofil. Framleis er det homofile menn som klamrar seg fast i skapet. Det viktigaste med framsyninga er nok likevel det historiske perspektivet, det at homofile blei sett på som kriminelle. Filmar som Brokeback Mountain og The Imitation Game har nådd breitt ut og synleggjort tragiske realitetar i dei homofile si historie. Vi som føler annleis når nok ikkje like breitt, ho blir kan hende først og fremst ei historie for dei homofile sjølve. Det gjer ho ikkje mindre viktig.
Gode skodespelarprestasjonar
Framsyninga rommar element som vi vanlegvis tenkjer på som ein del av homsekulturen som glitter, Melodi Grand Prix og rosa lys, men desse elementa druknar ikkje hovudinnhaldet. Historiene om livsvilkåra til dei homofile blir handsama på ein verdig og rakrygga måte. Det er mykje vellukka humor i Vi som føler annleis. Det første møtet mellom han og han, der Whitney Hustons I will always love you strøymer på kvar gong dei kjem borti kvarandre er festleg. Ola G. Furuseth som kvasiforskar, der han skal forklare korleis dei homofile kan bli omvende er òg humor av høg klasse. Paul-Ottar Haga som lêrhomse med lakka neglar på rulleskeiser er fin. Ola G. Furuseth og Gard Skagestad speler det erotiske forholdet mellom to menn på ein framifrå måte. Skodespelarane har ei imponerande timing og gjer at framsyninga blir leikande og saumlaus.
Alt i alt er dette blitt ein flott hommage til homsepionerar og ei påminning om at dei homofile kanskje ikkje føler så annleis enn dei heterofile – kjærleikslengten er akkurat den same.
Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 2-3/2015