Mørk Hamlet
Sprikande og ujamn oppsetjing med ein strålande prins
Av Elin Lindberg
William Shakespeare: HAMLET
Omsetjing: Edvard Hoem
Regi: Peer Perez Øian
Scenografi og kostyme: Hendrik Scheel
Komponist og lyddesignar: Lucy Swann
Dramaturg: Mari Moen
Det Norske Teatret, premiere 10.oktober 2014
Marie Blokhus som prins Hamlet får det fokuset ho fortener i Peer Perez Øian si oppsetjing. Ho gjer verkeleg ein framifrå jobb. Oppsetjinga startar med monologen som held fram moglegheita for sjølvmord. Blokhus speler med ein fortvilt energi slik at livet, sjølv kor mørkt det er, vinn over døden i denne opptakta til stykket. Dei andre skodespelarane er likt kledde i lilla smokingjakker og masker med biletet til hovudpersonen på – dei speler alle roller. Opningsscena blir, trass i Blokhus’ spel, svært stiv og statisk. Denne stivleiken forplantar seg utover i oppsetjinga og gjer sitt til at ho blir noko ujamn og sprikande. Men den haltande dynamikken gjev òg eit rom som kler Hamlet. Verda hans/hennar heng ikkje saman, vi forstår at ho er roten og falsk, men heilt lett er det ikkje er lett å gripe kva slags verd Perez Øian held fram for oss.
Sorg og fortviling
Hamlet har mista far sin, det gjer sitt til at verda hans/hennar har gått i oppløysing. Vi ser gjennom Hamlet sine auge på mora Gjertrud (Ane Dahl Torp) som har gifta seg med onkelen (Mads Ousdal). Hamlet ser ikkje menneska – mora og onkelen, men berre eit par som har sex med kvarandre heile tida. Dronninga ber ein hatt som ser ut som eit kvinneleg kjønnsorgan og onkelen – den nye kongen – har hundemaske på seg. Kjønnsdrifta deira blir dyrisk, bestialsk, i Hamlets auge, men det ligg òg noko blødmefylt og patetisk over denne scena. Dronninga er ein tom og veik karakter her, det er ikkje Dahl Torp si skuld. Ho får ikkje mykje ære og eiga kraft – før i aller siste scene – då tar ho til slutt konsekvensen av at ho på eit vis har gjeve opp livet. Ho blir ein uklar, sjablongaktig og uforløyst karakter som får ein funksjon som inventar i Hamlets fortvilte, men òg sjølvmedlidande verd.
Å gjere eller ikkje gjere
Den nye kongen er ein handlande mann, han tek avgjersler og gjennomfører dei. Han er ein tydeleg statsmann som klatrar i hierarkiet og går bokstaveleg over lik for å komme til toppen. Mads Ousdal gjev tyngd til Claudius’ samvitskval og maktkåtskap. I motsetnad til dronning Gjertrud blir dette ein klar og tydeleg karakter.
Frank Kjosås spelar både Ofelia og Horatio. Det fungerer greitt, men det blir noko uklart kva som er grunna til at han spelar begge rollene. Han parerer godt – i begge rollene – Hamlets mørke alvor.
Nokre av scenene i første del av framsyninga er seige og stilleståande, som om dei speglar Hamlets handlingsvegring. Hamlet er student, både ungdom og vaksen. Han finn seg ikkje til rette nokon stad. Han blir sviken, og svik sjølv – han er ein del av det rotne samfunnet han lev i. Han er både reflektert og umoden. Han les det populærvitskaplege Illustrert Vitenskap medan han samstundes tumlar med store tankar om liv og død. Blokhus får framifrå fram den energiske søkinga hans/hennar etter ei meining med det heile.
Rom og film
Scenerommet på Scene 2 på Det Norske Teatret er tomt og svart som Hamlet si indre verd. I rommet står ein mobil konstruksjon som minnar om ei vektstong. Han har ei lita scene (teater i teatret) på den eine sida og ei stong ut i rommet på den andre, der det etter tur heng discokule, ein måne, eit kålhovud og Yoricks skjellett. Ein røykmaskin står i eit hjørne og kostyme heng på knaggar. Det heile gjev eit rått preg og står godt til Hamlets brutale verd. Det tomme rommet kan òg bli som eit svart hol som sug til seg all energi og difor gjer det tungt å spele i og tungt å interessere seg for når scenene blir for lange.
Det vetle teatret i teatret blir brukt til to filmar. Den eine under den omreisande teatertruppen si burleske og smått groteske framsyning av Musefella der fimen viser hundar som parar seg. Den andre er ein film om Hamlets reise til Noreg – i denne versjonen blir ikkje Hamlet sendt til England, men til Noreg med Danskebåten. Filmen ser ut som om han er sett saman av stillbilete. Han startar på Helsingør slott før vi følgjer studentane Rosenkrantz (Kaia Varjord), Guildenstern (Judy Nyambura Karanja), Haratio og Hamlet gjennom ein fuktig fest på båten til Noreg der Hamlet til slutt tek livet av Rosenkrantz og Guildenstern. Horatio og Hamlet endar opp på baren Ofelia i Oslo og der treff di ein norsk astrofysikar.
Meininga med liv og død
Spillmessig fungerer kan hende ikkje scena på baren Ofelia optimalt, Blokhus fell litt ut av Hamlet-rolla når ho talar med astrofysikaren Knut Jørgen Røed Ødegaard, ho er meir Marie Blokhus enn Hamlet, men det gjer ikkje så mykje for scena blir fin og eit lyspunkt i den elles gjennommørke verda til Hamlet. Sjølv om oppsetjinga rommar gode humoristiske innslag blir det dette møtet med Røed Ødegaard som gjev mest sol og varme. Røed Ødegaard talar om dei siste tidene til jorda, om den planetariske tåka som kjem til å oppstå når sola vår døyr – planetarisk tåke er det vakraste som finst, seier Røed Ødegaard. Han talar rørande og smått barnleg om at det er viktig at folka på jorda held fred med kvarandre slik at dei kan samarbeide om å flytte til ein annan planet ein gong i den fjerne framtida. Han får framtida til å sjå så lys og håpefull ut. Han talar om parallelle univers, om Gud og om einsemd. Røed Ødegaard hevdar at menneske var mindre einsame før då dei hadde lettare tilgong på lyset frå stjernene, lyset frå stjernene gav menneska håp og tru. I byane ser vi berre det menneskeskapte lyset og oss sjølve og ser ikkje så godt at vi er ein del av eit enda større heile. Samtalen sluttar med at det er det same kva ein vel, men at det er kanskje viktig å ta eit val og velje noko.
Inn i døden
Tilbake i Danmark er det berre sorg og død. Kjosås gjer Ofelias galenskapsscene sår og fin. I gravarscena kunne ein kanskje ha utnytta komikartalentet til Vidar Magnussen endå betre. Her er ein av gravarane eit skjellett som han spelar som ein marionett og Magnussen er ein elendig dukkeførar. Det finst mykje humor i stykket, noko fungerer godt, medan nokre stadar kunne han ha vore spissa noko. Som vi veit går det under med Hamlet og hans falske verd, det er døden som vinn til slutt. Edvard Hoems fine gjendikting får siste ord: ”og så tar stilla over.”
Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 4-2014