Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 2-2013
Kva er ein normal familie?
Velspelt stykke om småbarnsfamiliar som både er spesielle og trivielle.
AV ELIN LINDBERG
Olaug Nilssen: STORT OG STYGT
Regi: Marit Moum Aune
Scenografi og kostymar: Milja Salovaara
Det Norske Teatret, scene 2, 3.april 2013.
I Stort og stygt møter vi to par som er naboar, det eine, Silje og Ole (Ellen Dorrit Petersen og Ola G. Furuseth), ventar sitt første barn. Det andre, Maria og Sverre (Charlotte Frogner og Pål Christian Eggen), har ein son (Niklas Gundersen) på tre år som er autist. Maria er gravid på nytt. Oppsetjinga er bygd opp av scener som tek for seg livet til småbarnsfamiliane.
Mørkret i rommet
Scenerommet er aldri heilt opplyst i Stort og stygt. Det verkar både tyngande og litt skremmande – noko kan ligge og lure ein stad i ein mørk krok. Midt i scenerommet er det ein slags gamaldags tivolikarusell. Navet på karusellen er i seg sjølv eit rom. Ytterveggane på dette navet er måla, men ikkje med glade og overflatiske motiv slik dei ofte er på ekte tivoli. Her er det uklåre motiv, ei verd med mjuke, men ikkje heilt klårt definerte drømmebilete. Karusellen har fire hestar. Dei er heller ikkje måla i gilde fargar, dei er mørkegrå, som om dei var jarnhestar. Alt dette gjev eit tungt og kvardagsleg preg. Karusellen viser både til rørsle og til gjentaking, til potensiell glede og til den hamletske ”mortal coil”.
Mjuk og fysisk spelestil
Skodespelarane er kledde i mjuke joggedressar og ullsokkar – slik skodespelarane òg var det i den førre Nilssen-oppsetjinga på Det Norske Teatret, Vi har så korte armar. Dei beige joggedressane passar fint til koseleg familiehygge. Den høggravide Silje har ein mage ho kan ta av og på. Det autistiske barnet har ei barnsleg supermanndrakt på seg.
Noko av det som fungerer best i denne oppsetjinga er samspelet. Det er musikalsk og leikande. Overgongane er fine. Skodespelarane støtter kvarandre heile tida, fysisk og vokalt. Det fysiske og vokale arbeidet deira er gjennomgåande solid. Niklas Gundersen som den autistiske sonen, har eit spesielt godt utvikla kroppsspråk. Oppsetjinga har eit realistisk formspråk. Det kunne vore interessant å sett ei endå meir teatral kontrast til dette realistiske formspråket – det kunne kanskje opna opp og skapt meir djupn i Stort og stygt. Dei koreograferte dansane blir litt for illustrerande og enkle.
Den store redsla
Dei to para i stykket er ganske gjennomsnittlege. Dei er det vi kallar heilt normale familiar. Den høggravide kvinna er kontrollerande og noko nevrotisk, tidvis eit helvete å bu saman med. Mannen hennar er støttande og mjuk med ei god dose undertrykt aggressivitet. Begge para engstar seg for dei nye borna som skal kome – kjem dei til å vere normale?
Sonen (menneskesonen) Arve gjer stort sett som han sjølv vil. Foreldra slit med å få kontakt med han. Omgjevnadane deira arbeider med å få situasjonen til å sjå så normal ut som mogleg. Sjølv barnelegen har problem med å sjå at alt ikkje er heilt normalt med vesle Arve. Fleire av scenene er så trivielle at dei nesten gjer vondt. Teksten til scena hos helsesøster er hyperrealistisk og grå, keisam og kvardagsleg, samstundes som han handlar om det som er mest sentralt i desse småbornforeldra sitt liv – dei sjølve og borna. Det handlar om å skape noko nytt og om å skape seg sjølv og sitt eige liv. Den tyngande redsla for at noko stort og stygt skal openbare seg ligg og lurar.
Ei sentral scene i stykket som er godt scenisk løyst, er der Ole bankar på døra til naboane midt på natta fordi han har høyrt sonen deira rope og hyle. Han trur at dette er ei sak for barnevernet. Arve ligg inne i rommet i oppsetjinga sitt nav, midt på scena. Ei dør inn til rommet hans blir opna. Ole ser inn i Arve sitt rom, har ser inn i noko han kanskje ikkje visste fanst – noko stort og stygt? Eller noko som inviterer til ei djup medkjensle og samstundes utvidar synet på kva eit menneske er og kan vere? På grunn av at vi i publikum ikkje er augevitne til kva som skjer på rommet til Arve set denne scena tankar og assosiasjonar i sving, vi blir medskaparar. Eit godt scenisk grep.
Kva er eit menneske?
Ein gong for mange år sidan, før hvpu-reforma, var eg som skodespelar med på turné med ei oppsetjing som mellom anna blei spelt på ei av dei store institusjonane som fanst før, der folk med Downs syndrom og med forskjellige formar for funksjonshemmingar budde. Vi spelte det musikalske showet for dei mest funksjonsfriske og det blei det framifrå teater av. Etterpå blei vi bedne om å ta ein tur til dei som ikkje kunne kome på sjølve framsyninga. Vi tok med instrumenta og troppa syngande og spelande opp på ei avdeling som låg litt unna dei andre. Eg var ikkje førebudd på kva som venta meg. Her var det menneske (ja, for det var menneske) i former eg ikkje visste eksisterte. Nokre hadde bitte små kroppar og digre hovud. Eit menneske (kvinne eller mann?) låg spent fast på ei seng. Eit anna menneske (ein gut?) rulla rundt inni ein polstra binge med hanskar på hendene så han ikkje skulle skade seg sjølv. Det var eit sjokkerande møte. Kvifor visste eg ikkje at slike menneske fanst?
Fleire har gjort sitt for at menneske i alle valørar har blitt meir synlege. Det fremste eksemplet er De Utvalgte med den siste oppsetjinga deira, De Utvalgte, der dei fleste skodespelarane har Downs syndrom eller ikkje er heilt A4-menneske. Eit djupt rørande og viktig stykke.
Stort og stygt tematiserar det å leve med eit barn med funksjonshemming, og stykket gjer det på ein sympatisk måte, om enn langt frå så djuptgripande som De Utvalgte. I og med at det finst eit slikt ferskt motstykke som De Utvalgte er det kanskje andre tema som blir vel så viktige i stykket på Det Norske Teatret – tema som skamfølelsen over å slite som foreldre/redsla for å ikkje vere ein god nok forelder, forventing/skuffelsar, det tabuet det kanskje er å vere skuffa over eigne born.
Mot norrmalt
Er foreldrerolla blitt endå trongare enn ho var før? Begge para i stykket prøver å leve opp til det perfekte. Dei les og er til ei kvar tid oppdaterte på all litteratur som finst om barneoppdraging. Dei dokumenterer på facebook kvar rørsle ungen gjer. Kanskje det er endå viktigare i dag å skape seg eit liv som ser heilt perfekt ut frå utsida? I gamle dagar var det faste roller å tre inn i så snart du blei forelder, desse rollene finst ikkje lenger. Denne oppsetjinga viser fram to foreldrepar, ho speglar verda slik ho kan vere akkurat no. Ho gjev ikkje store svar og går kanskje ikkje så veldig i djupna, men ho er absolutt viktig – kanskje fordi ho både viser fram det trivielle og det store og stygge.