Publisert i Marg 2013

BIBELEN
Del 1: Ørkenvandringar og del 2: Jesus fra Nasaret
Tekstar frå Det Gamle Testamentet og Det Nye testamentet og av Maria Tryti Vennerød, Terje Nordby, Sara Stridsberg, Eirik Fauske, José Saramago, Cecilie Løveid, Ari Behn, Stein Winge, Anne Holtan og Carl Morten Amundsen.
Regi: Stein Winge
Scenograf og kostymedesign: Tine Schwab
Det Norske Teatret, laurdag 2.februar 2013
På det ujamne
Av Elin Lindberg
Oppsetjinga sprikar like mykje som tekstane i Bibelen sjølv gjer det. Første del, ”Ørkenvandringar”, er nokså friksjonslaus. I andre del, ”Jesus frå Nasaret”, blir det tatt betre teatrale grep.
Uansett kva slags livssynsståstad ein har, er det vanskeleg å vere ueinig i at Bibelen er ei av dei viktegaste bøkene i verda. Utruleg mykje kunst og tenking har bibelsk opphav. Utan Bibelen ikkje noko karneval i Rio, ikkje nokon Forbrytelse og Staff av Fjodor Dostojevski, eller Life of Brian ev Monty Python, Nidarosdom, Michelangelo, ikonet av den svarte Madonna i Chestohova i Polen, Theresa av Avilas berømte bok om seg sjølv, jolesongar og Påskeoriatoriet, bannskap på en mengde språk. Eg kan nemne i fleng, side opp og side ned, det er utruleg mykje som finst i verda som på ein eller annan måte har noko med Bibelen å gjere. Og ei kvar tid gjer sine lesingar. No i vår sekulære tid kunne det sjå ut som om denne boka var blitt gløymt, men nei, ho dukkar opp igjen. I 2011 kom ei ny bibelomsetjing. I 2012 vart Bibelen satt opp på Göteborg Stadsteater og no er han satt opp på Det Norske Teatret. Det er jo framifrå, men kva slags lesingar er det vi får? Maktar teatret å gjere dette materialet relevant for oss? Og blir det godt teater ut av det? Ja og nei.
På søndagsskulen
Oppsetjinga på Det Norske Teatret varar i seks timar. Det er tre pausar, ein av dei inneheld ei enkel servering (ikkje nokon nattverd). Oppsetjinga er delt i to: ”Ørkenvandringar” og ”Jesus frå Nasaret”. I første del er scenebiletet eit stillas. Det gjev eit industrielt preg. Verda er under bygging. Det er mykje og vellukka bruk av videoprojeksjonar gjennom heile oppsetjinga.
Hovudkarakteren i Bibelen er Gud. Han spelast av Bjørn Sundquist. I byrjinga fungerer det framifrå, sjølv om det ikkje er noko nytt under sola at Gud framstillast som ein slags bestefar. Sundquist er myndig og fin i rolla der han talar med Moses (Sigve Bøe). Men dette får ikkje lov å vare, dessverre. Sundquist går altfor fort ut av rolla som Gud og inn i forteljarrolla, synd. Her fell oppsetjinga og i lange parti er det som om vi er barn på søndagsskulen. Det blir forteljing av historier frå Bibelen. Det finst ikkje noko fast teatralt grep. Somme stader er det buskishumor og slapstick – artig nok. Adam og Eva er framstilt som to barn, historia om Laban og familien hans blir eit revynummer og Herodes (Bjørn Skagestad) er ein Gadaffi-kopi. Det er tydeleg at skaparane av oppsetjinga har leika seg med materialet, det er vel og bra, men det blir svært eindimensjonalt teater av det.
Det er gjennomgåande tolv personar på scenen (tolv stammar i Israel, tolv disiplar). Kostyma ser ut som ei blanding av hippieklede og klede frå Midtausten – skjerf, lange skjørt, smykke, store bomullsbukser. Dette, pluss den koreografien skodespelarane har fått, gjer at framsyninga tidvis minner om amatørteater og underhaldning laga av ei kristen ungdomsgruppe.
Det er noko litt trist over at Sundquist blir redusert til ein sundagsskolelærar. ”Stolar de ikkje på Gud?” spør han gjentekne gonger. Eg tenkjer undervegs i framsyninga at det er teatret dei ikkje stolar på her – teatret si evne til å skape kunst ut av gode tekstar. Det skal kanskje også seiest at ikkje alle tekstane i denne framsyninga er like gode. Det kjem no og då inn eit par kritiske drypp om røyndomen i Israel i dag, men det er ikkje nok til å setje denne delen av framsyninga inn i ein samtale om verda i dag.
Betre grep om Jesus
Andre del av oppsetjinga maktar betre enn første del å gjere vesentleg teater ut av Bibelen. Her er det tatt klarare grep, sjølv om også denne delen sprikar i mange retningar. Etter eit jolekrybbetablå der òg sjiraffen er med, kjem vi raskt fram til den vaksne Jesus (Frank Kjosås). Han er, i denne framsyninga, ein heilag og svært alvorleg mann med verken humor eller kjønnsdrift. Judas (Kyrre Hellum) er ein tydeleg og menneskeleg figur. Han vil ha Jesus med for å kjempe mot romarane. Jesus står for ikkje-vald, og han er ein healer. Den børa som er lagt på ham – kravet om å frelse menneskje – er så tung at han mest ikkje klarer å bere ho. I denne delen er Gud ikkje så mykje til stades – Jesus seier ein stad at han er død, men han dukkar opp no og då. Sundquist kjem inn som ein mild Rabbi syklande på ein damesykkel. Mot slutten kjem han inn som ”The man in white” syngande på ei Johnny Cash-låt: ”Ring of fire”. Ei framtoning som er stappfull av referansar, frå Esekiels brennande hjul til buddhismens kvitkledde, siste avatar. Eit snedig og teatralt interessant grep!
Verda er, i denne delen av oppsetjinga, ein stad med smerte, soldatar, valdtekter, frykt, sjukdom og forvirring. Jesus nyttar August Strindbergs ord frå Eit draumspel: ”Eg synest synd på menneska”. Men trass i det vonde maktar oppsetjinga òg å vise verda fram som ein stad med håp, venleik, tru og kjærleik.
Historia om Jesus som folketalar og forkynnar formidlast godt. Apostlane set seg blant oss i publikum og ”ordet” får plass på ei naken scene i form av ”Bergpreika”.
Maria frå Magdala får god plass som ei av apostlane. Mykje av verda rundt Jesus utspeler seg på sjukehus. Det er her han krossfestast og får dødssprøyta. Maria Magdalena fortel kva døden er: 1: Hjartet stoppar. 2: Ned i jorda og 3: Den siste gong nokon seier namnet ditt. Nei, den forunderlege historia om Jesus frå Nasaret blir nok ikkje gløymt med det første. Likevel må meldaren sin konklusjon frå denne oppsetjinga bli: Boka er best.