Kjersti Kollbotn: JORD

Publisert i Nordnorsk Magasin 4-2017

Jord.jpg

Jordtyngd

Kjersti Kollbotn: JORD

Cappelen Damm 2017, 281 sider

 

Starten på Kjersti Kollbotns roman Jord kan minne om ein slags pastisj over Markens Grøde av Knut Hamsun – romanen som fekk Nobelprisen i litteratur for akkurat 100 år sidan. I Jord møter vi den stolte bonde som bryt stein og ryddar ny jord slik som Hamsuns hovudkarakter Isak Sellanrå gjorde. Garden blir større og betre, dei bryt ny mark og legg nye areal til garden. Men der bonden stig opp og fram som ein heilag mann hos Hamsun, fell han saman hos Kollbotn. Jorda er inga velsigning her. «Du har plikta i deg», seier bestefaren til Halvor og dermed er det slutt på godkjensla for jorda. Jorda dreg Halvor og familien hans ned. Tida som romanen er lagd til er frå om lag slutten av 1800-talet og framover på 1900-talet. Staden er ei namnlaus bygd, kanskje på Vestlandet, kanskje i Nord-Noreg.

 

Ufridom

Ingen av karakterane i boka er frie til å ta eigne val – bortsett frå dei som klarte å kome seg av garde til Amerika. Menneske og dyr er bundne på hender og føter av jorda. Dei dyrkar jorda, dei rasjonerer mat i uår, det sveltefôrar folk og dyr. Folka og dyra må føre slekta vidare. «Han er jord som henne. Dei er begge jord. Og ho skal bli jord. Som jord vert ho sådd, pløgd, opna, lagt att, sådd, tromla, hausta», skriv Kollbotn. Jorda gjev inga glede, ho er berre tung og mørk og knytt til slit og strev.

Kjærleiken har tunge kår. Dei som vil ha kvarandre kan ikkje få kvarandre. Jorda er den som styrer kven som kan få kven. Med all denne tyngda som denne verda bringer med seg er det ikkje det minste rart at nokon bukkar under og blir sjuke og galne. Glede er det ikkje så mykje av her. Men det er nok av sakn og sorg. Ein av hovudpersonane, Halvor, mistar den unge dottera si. Med henne mistar han òg det vesle grepet han hadde om eit godt liv. Han er ein bonde som kan faget sitt. Han klarar med naud og neppe å leve gjennom det harde slaget at han ikkje kan gifte seg med den kvinna han elskar, men når den vesle dottera Ane døyr kjem heller ikkje han tilbake til livet. Han blir verande i ein slags limbo. Han er korkje levande eller daud og han vanstyrer garden.

 

Tyngd

Boka er sentrert rundt arbeidet. Det er arbeid med dyr, mat, hesjer, barnefødslar. Det organiske er heile tida nærverande. Det er som om gjørma skvett rundt gamle og sundslitne støvlar når ein les boka. Her er det ingen idyll. Blikket er vendt mot skit og sot, mot gjødsel og blod. Det gjev boka eit naturalistisk preg. Den vasne jorda syg krafta ut av menneska. Dei varme somrane svir vitet ut av dei. Her er det ikkje akkurat dei gode gamle dagane som blir skildra.

Husfaren Halvor slit psykisk. Han er òg uskikka til å drive garden. Han speler og veddar bort teig etter teig. Den i utgangspunktet dyktige husmannsjenta Regine som han gifter seg med, står og kan ikkje gjere noko. Ho eig jo ikkje nokon ting sjølv. Kvinner får stemmerett i løpet av boka. Boka viser at det kan komme godt med at kvinner får moglegheita til å ta ansvar for sine eigne liv.

 

Ut

Garden som blir skildra i boka står ikkje fram som ein stad folk helst vil bu. Alle lengtar ein annan stad. Regine er ei god lærarinne. Ho ville nok helst hatt ein jobb og tent sine eigne pengar. Sonen Skjalg er eit lesehovud. Han vil nok òg helst ha fortsett med studiar i byen. Men jorda dreg dei med seg. Dei har ei plikt dei må ta seg av. Av jord er dei komne og til jord skal dei bli. Og skulle dei igjen oppstå er det forhåpentlegvis til i eit liv der dei kan styre liva sine sjølve.

 

Meldt av Elin Lindberg

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s