Det Norske Teatret: FRÅ LANDEVEGEN

Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 4-2015

Fraa landevegen.jpg
foto Dag Jenssen

Arvesynda

Vellukka og presis framsyning om mørke område i soga om Noreg

 

Av Elin Lindberg

 

Gjertrud Jynge: FRÅ LANDEVEGEN

Regi: Gjertrud Jynge

Dramaturg: Ola E.Bø

Musikar: Espen Leite

Det Norske Teatret, scene 3, 15.oktober 2015

 

Dei siste åra har slektsforskinga breidd om seg. Det er lettare å finne fram til slektningar i den digitale tidsalderen. Bøker er skrivne med utgangspunkt i forfattaren si eiga slektssoge, tv-seriar er skapte og folk flest driv med si eiga gransking av slekta si. I ei slik gransking kan det dukke opp historier som ikkje er så lette å ta i mot, historier som gjev slektsgranskaren eit ubehag over eiga historie. Det er om lag her Gjertrud Jynge startar på arbeidet sitt. Ho startar framsyninga med å stå på den nokså nakne scena og fortelje om at ho arva ein del gamle fotografi frå farmora si, mellom anna eit av tippoldefar hennar som var sokneprest i Leikanger i Sogn. Han heitte Jakob Rosted Suur Walnum og han hadde til og med fått St. Olavs orden – han var riddar av første klasse. Når Jynge gjekk inn i historia hans fann ho ut at han hadde vore ein særs verksam mann. Han hadde mellom anna starta «Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet» i 1897. Det var ein misjonerande organisasjon som dreiv barneheimar og arbeidskoloniar for taterar.

 

Frå mørkret på loftet

Bak på scena på Scene 3 på Det Norske Teatret står det stabla møbel og kassar. Det kan minne om eit loft der ting som er gamle eller ikkje i bruk lenger er sette bort. Under ei loftsrydding er det utruleg kva ein kan finne av interessante ting – og av gamalt skrot. Framsyninga blir som ei slik loftsrydding. Her er det ting som ligg lagra som vi ikkje har sett på ei stund – ting som kanskje er for ubehagelege til å ha framme.

På den svarte veggen på sida av møbel og kassar viser Jynge projeksjonar av gamle foto. Det knyter framsyninga til faksjonen – til det dokumentariske. Ho står ofte framfor oss og fortel historia som ein slags historielærar. Og ho dramatiserer lett noko av stoffet ved å gje stemme til oldefar sin gjennom å framføre hans eigne tekster. Forteljinga er broten opp av songar som er henta frå tater- og sigøynarkulturen. Den framifrå musikaren Espen Leite på trekkspel støttar opp under songane. Det musikalske samspelet mellom Jynge og Leite fungerer godt. Framføringa har eit fint sug i seg. Bruk av små verkemiddel som pust og små rytmiske forskyvingar gjer at songane får eit godt, solid og jorda preg. Nokre av songtekstene er som gamle skillingsviser, Jynge framfører dei med eit alvor som gjev djupn til dei. Sett saman med den dokumentariske historia gjev songane ytterlegare liv til lagnadene vi høyrer om.

 

Ubehaget i kulturen

Historia er både episk og kronologisk. Gjennom å ta utgangspunkt i historia om sin eigen tippoldefar rullar ho opp ein ubehageleg del av norsk sosialhistorie. Ho fortel om assimilering. Ho fortel om tvangssterilisering. Om overgrep på menneske og heile kulturen til dei reisande. Det er verkeleg ubehageleg. Den noko stille måten Jynge formidlar historia på gjer at historia kjem nærare. Det at ho reint fysisk står så nær oss i formidlingssituasjonen hjelper også til med å få sjølve historia nærare oss – det er ingen stader å gøyme seg, vi er tvungne til å sjå og høyre.

Men når Jynge går inn i tippoldefaren sine eigne ord og på eit vis speler han, gjer ho det med ein viss distanse. Ho latterleggjer han ikkje, men ho formidlar i spelemåten sin at ho tek avstand frå han og gjerningane hans. Under framsyninga sit eg og tenkjer på korleis det hadde vore om ho hadde spelt han med endå meir sympati – om ho hadde spelt han slik at vi som publikum hadde fått sympati for denne driftige, handlekraftige presten. Då hadde vi i endå sterkare grad blitt tvungne til å ta stilling. Vi hadde blitt stilt ovanfor eit moralsk dilemma og som filosofen Hannah Arendt hadde vi blitt nøydde til å stille oss spørsmål om kva som er eit vondt menneske. Den vesle distansen som ligg i spelemåten til Jynge gjer at både ho og vi allereie har tatt stilling. Ho tar på seg både si eiga og publikum sin forakt for både presten og resten av øvrigheita som vi held ansvarlege for brotsverka mot dei reisande – taterane og sigøynarane.

 

Skam

Trass i den vesle innvendinga når det gjeld spelemåten får framsyninga godt fram den faktiske historia. Vi får høyre om til dømes Svanviken arbeidskoloni og barneheim. Om at borna blei tekne frå foreldra for at dei skulle bli reinsa frå lysta til å reise. Borna fekk ikkje lov til å ha kontakt med foreldra. Mottoet for barneheimen var: «Berger du barna, berger du slekten». Det var staten Noreg som hadde gjeve Omstreifarmisjonen mandat til å drive både arbeidskoloni og barneheim. Undertrykkinga av dei reisande var massiv. Til og med den legendariske helseprofeten Karl Evang tala om «å redusere negativ arvemasse» gjennom tvangssterilisering av taterane. Taterane blei sett på som så intellektuelt lågtståande at dyrevernloven forbaud dei å halde hest. Det er hjarteskjerande. Jynge fortel at Omstreifarmisjonen ikkje blei lagt ned før i 1986. Ho seier at ho er forundra over at ho ikkje har kjent til dette før. Det er det nok fleire som er. «Ka e det mer æ ikkje ser?» spør ho. Det ligg ei vilje til å grave og spørje i framsyninga, ei vilje som er vital og våken. Det lovar godt for framtidige prosjekt.

Jynge knyt historia fint saman. Eg ser framsyninga etter at ho har vore spelt ei stund. Framsyninga er blitt mogen, ho har fin flyt og detaljar i spelet som blir handsama virtuost og kjenslevart. Frå starten med presten som starta si verksemd på 1800-talet, følgjer vi eit løp heilt fram til vår eiga tid. Jynge tek oss med til Oslo i dag. Ho reiser gatelangs frå Holocostsenteret på Bygdøy til heimstaden på Grünerløkka. Ho knyter tippoldefaren si verksemd til bygningar som står slik dei gjorde på hans tid. Ho stoppar opp ved Eilert Sundt som også var ein av dei som hadde meir enn ein finger i arbeidet med å undertrykkje og nærast utrydde taterane i Noreg. Ein statue av han står på Olaf Ryes Plass. På sida av statuen sit romfolk og lagar seg mat på ein eingongsgrill. På elegant vis får framsyninga ei presis avslutning som opnar opp for nye spørsmål.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s