Det Norske Teatret: HAMLET

Mads-Ousdal-kyssar-Marie-Blokhus-pa-halsen-i-Hamlet

Spelet i spelet i spelet

Ei oppsetjing som utholar seg sjølv gjennom maskespel

 

Av Elin Lindberg

 

William Shakespeare: HAMLET

Omsetjing: Edvard Hoem

Regi: Peer Perez Øian

Scenografi og kostyme: Hendrik Scheel

Komponist og lyddesignar: Lucy Swann

Dramaturg: Mari Moen

Det Norske Teatret, premiere 10.oktober 2014

 

Kva er det med Hamlet? Stykket er opp gjennom åra blitt behandla på så mange slags vis. Heiner Müller braut til dømes stykket opp og let Hamlet forlate rolla si i det ikoniske Hamletmachine frå 1977. Kva slags Hamlet og kva slags verd er det ensemblet på Det Norske Teatret og regissør Peer Perez Øian held fram for oss? At verda er ein scene og at vi alle speler roller i ho, er gamalt Shakespeare-nytt. Oppsetjinga på Det Norske Teatret understrekar frå første stund nettopp dette. Skodespelarane er likt kledde i lilla smokingjakker og dei har masker med biletet til hovudpersonen på.

 

 

Død og vonløyse

Oppsetjinga startar med monologen som held fram moglegheita for sjølvmord. Han startar med:  ”Å, berre denne for, for seige kroppen/fekk smelte, tine, løysast opp i dogg” i Edvard Hoems gode omsetjing av stykket. Marie Blokhus speler prins Hamlet med ein fortvilt energi slik at livet, sjølv kor mørkt det er, vinn over døden i opptakta til stykket. Blokhus gjer verkeleg ein framifrå jobb i rolla som Hamlet.

Opningsscena blir, trass i Blokhus’ spel, svært stiv og statisk. Denne stivleiken forplantar seg utover i oppsetjinga og gjer sitt til at ho blir noko ujamn og sprikande. Men den haltande dynamikken gjev òg eit rom som kler Hamlet. Verda hans/hennar heng ikkje saman, vi forstår at ho er roten  og falsk.

 

Identitet

Kva er det Perez Øian vil seie med maskespelet? Alle gjev seg ut for å vere Hamlet, eller dei gjev seg ut for å spele han. Alle ynskjer å vere Hamlet. Dei seier at dei er Hamlet, men alle ser at dei ikkje er det. Kven er det så vi vil vere? Og kven er vi? ”Vi” er ikkje ei heilt homogen masse, men mange av oss i teaterpublikummet på Scene 2 på Det Norske Teatret er middelaldrande menneske frå mellomklassa. Ein generasjon som er kjende for å ikkje ville bli vaksne. Vil vi alle vere den evigunge studenten Hamlet som har all rett til å vere i mot den rotne Staten? Vil vi vere det eine individet som har rett? Seier oppsetjinga noko om dette uthola maskespelet der alle latar som om dei er evig unge og står i ein evig opposisjon til eit samfunn dei står midt oppi sjølve? Ein situasjon som står som oksymoronet ”permanent revolusjon”.

 

Eit svart hol

Scenerommet på Scene 2 på Det Norske Teatret er tomt og svart som Hamlet si indre verd. I rommet står ein mobil konstruksjon som minnar om ei vektstong. Han har ei lita scene (teater i teatret) på den eine sida og ei stong ut i rommet på den andre, der det etter tur heng discokule, ein måne, eit kålhovud og Yoricks skjellett. Ein røykmaskin står i eit hjørne og kostyme heng på knaggar. Det heile gjev eit rått preg og står godt til Hamlets brutale verd. Det tomme rommet kan òg bli som eit svart hol som sug til seg all energi og difor gjer det tungt å spele i og tungt å interessere seg for når scenene blir for lange.

Det er få faste haldepunkt i Hamlets verd. Ingen er til å stole på. Sidan ikkje noko konkret verd blir halden opp for oss blir ho endå vanskelegare å få grep om. Vi og Hamlet har for lite kunnskap om verda til å forstå ho. Hamlet er søkande, men enno ganske umogen. Han/ho blir ein forvirra og fortvilt svartkledd ungdom som slår i alle retningar samstundes i eit forsøk på finne sin veg.

Frank Kjosås spelar  både Ofelia og Horatio. Det fungerer greitt og gjev kan hende eit hint til Heiner Müllers postdramatiske versjon av stykket. Han parerer godt – i begge rollene – Hamlets mørke alvor. Hamlets mor Gjertrud (Ane Dahl Torp) og Polonius (Vidar Magnussen) blir sjablongar i Hamlets fortvilte, men òg sjølvmedlidande verd.

Den nye kongen er ein handlande mann, han tek avgjersler og gjennomfører dei. Han er ein tydeleg statsmann som klatrar i hierarkiet og går bokstaveleg over lik for å komme til toppen. Mads Ousdal gjev tyngd til Claudius’ samvitskval og maktkåtskap og gjer han til ein klar og tydeleg karakter.

 

Glimt av meining

I denne versjonen blir ikkje Hamlet sendt til England, men til Noreg med Danskebåten. Scena er ein film som blir vist i det vetle teatret i teatret. Filmen ser ut som om han er sett saman av stillbilete. Han startar på Helsingør slott før vi følgjer studentane Rosenkrantz (Kaia Varjord), Guildenstern (Judy Nyambura Karanja), Haratio og Hamlet gjennom ein fuktig fest på båten til Noreg der Hamlet til slutt tek livet av Rosenkrantz og Guildenstern. Horatio og Hamlet endar opp på baren Ofelia i Oslo og der treff dei ein norsk astrofysikar.

Spillmessig fungerer kan hende ikkje scena på baren Ofelia optimalt, Blokhus fell litt ut av Hamlet-rolla når ho talar med astrofysikaren Knut Jørgen Røed Ødegaard, ho er meir Marie Blokhus enn Hamlet, men det gjer ikkje så mykje for scena blir fin og eit lyspunkt i den elles gjennommørke verda til Hamlet. Sjølv om oppsetjinga rommar gode humoristiske innslag blir det dette møtet med Røed Ødegaard som gjev mest sol og varme. Røed Ødegaard talar om dei siste tidene til jorda, om den planetariske tåka som kjem til å oppstå når sola vår døyr – planetarisk tåke er det vakraste som finst, seier Røed Ødegaard. Han talar rørande og smått barnleg om at det er viktig at folka på jorda held fred med kvarandre slik at dei kan samarbeide om å flytte til ein annan planet ein gong i den fjerne framtida. Han får framtida til å sjå så lys og håpefull ut. Han talar om parallelle univers, om Gud og om einsemd. Røed Ødegaard hevdar at menneske var mindre einsame før då dei hadde lettare tilgong på lyset frå stjernene, lyset frå stjernene gav menneska håp og tru. I byane ser vi berre det menneskeskapte lyset og oss sjølve og ser ikkje så godt at vi er ein del av eit enda større heile. Samtalen sluttar med at det er det same kva ein vel, men at det er kanskje viktig å ta eit val og velje noko.

 

Død, og atter død

I det meiningstomme universet på Helsingør slott finst ikkje noko håp om liv. Når ingen er det dei gjev seg ut for å vere er dei til slutt ingenting. Den verdskjende lauken har inga kjerne.

Kjosås gjer Ofelias galenskapsscene sår og fin. I gravarscena kunne ein kanskje ha utnytta komikartalentet til Vidar Magnussen endå betre. Her er ein av gravarane eit skjellett som han spelar som ein marionett og Magnussen er ein elendig dukkeførar. Det finst mykje humor i stykket, noko fungerer godt, medan nokre stadar kunne han ha vore spissa noko. Som vi veit går det under med Hamlet og den falske verda hans, det er døden som vinn til slutt. Når maskene fell er det ingenting igjen. Edvard Hoems fine gjendikting får siste ord: ”og så tar stilla over.”

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s