Ingvild Holvik: Premien for alt

Publisert i Nordnorsk Magasin 3-2017

Ingvild Holvik Premien for alt

Å bli klok på livet

Ingvild Holvik: Premien for alt

Roman, Det Norske Samlaget, 2017, 202 sider

 

 

Kva er igjen etter det levde livet? Kva hugsar vi? Kva for minne tar vi godt vare på, og kva for minne tar godt vare på seg sjølve? Hukommelsen er lumsk. Han lever på eit vis sitt eige liv. Minne kan manipulerast. Det vi trudde var sanning, var det kanskje ikkje likevel. Dei siste åra har nettopp verkelegheitslitteratur vore eit mykje debattert tema. Det er skilnad på liv og litteratur. Vi lever livet 1:1, men det er umogleg å både hugse og formidle det på det same viset. I Ingvild Holviks andre roman blir det tydeleg at eit liv ikkje er så lett å dokumentere, verken med tankar eller ord.

 

Alderdom

I Premien for alt møter vi 79 år gamle Mali Fredrikke Sjursen. Helsa hennar skrantar. Ho er ein gamal 79-åring, atskilleg eldre enn dei 79-åringane eg kjenner. Ho slit med å gå og med å halde seg tørr. Humøret hennar er ikkje på topp. Det er kanskje alle plagene hennar som gjer at ho verkar som ei sur og tverr gamal dame. No og då glimtar ho til med ein bitter og sarkastisk humor. Ein lungeinfeksjon gjer at ho kjem på sjukeheim på midlertidig basis. Her får ho tid til reflektere over det livet ho lever og det livet ho har levd. Ho har budd på ein liten gard i ei vestlandsbygd i heile sitt vaksne liv. Ho var gift med Per som ikkje lever lenger. Ho har ein son, Thomas, som ho heller ikkje har så mykje å gjere med lenger. Ho har ei svigerdotter som ho ikkje heilt kjem overeins med og ei dotterdotter som ho kommuniserer skarpt med. Mali er ei heilt vanleg gamal dame. Ho har hatt sorger og gleder i livet sitt. Ho har opplevd små og store hendingar. Minne om desse hendingane strøymer gjennom ho. Somme får stor plass, andre ikkje.

 

Eit mysterium

Eitt av minna som tek stor plass i medvitet til Mali er det om fetteren Johan. Han var rundt hennar eigen alder. Mora hans, Mali si tante, kunne ikkje ta vare på han fordi ho blei alvorleg psykisk sjuk. Han budde ei stund heime hos Mali sin familie i Bergen, der ho vaks opp, men det gjekk heller ikkje, han måtte flytte til ein spesialskule på den fiktive Lægerøya – Lægerøens Opdragelsesanstalt for vanartede og forvildede gutter. Ikkje så lenge etter at han blei konfirmert blei han funnen omkommen, dette dødsfallet er noko mystisk. Tok han sitt eige liv? Hadde den ulveaktige Kåre noko med dette å gjere? Om Kåre hadde noko med det heile å gjere er heilt umogleg å finne ut av, for Kåre døyr før Mali får konfrontert han med dette. Minna og spekulasjonane slepp ikkje taket i Mali.

 

Landskap

Den austtyske dramatikaren Heiner Müller skal ha sagt noko slikt som at: «Eg begynner å like landskap, det betyr at eg begynner å bli gamal». Landskapa betyr mykje for Mali, ho kjenner seg på eit vis i eitt med utsikta frå huset sitt. Ingvild Holvik er god til å skildre landskapa og interiøra Mali er ein del av. Ho skildrar òg godt dei sanseinntrykka Mali har.

Mykje av det som fyller medvitet til Mali er opplevingar som har med barn å gjere. Det er fødslar, gravide kvinne, abortar og Mali si syster Jenny som døydde berre to år gamal. Det ligg mange kjensler her, dei fleste av dei er ikkje heilt ordlagde, dei dukkar opp som fragment. Det som slår meg når eg les denne boka er kor vanskeleg det er å fortelje historia om sitt eige liv. Det er så mange trådar å ta tak i, så uendeleg mange måtar å formidle på. Historia om Mali er eit godt og heiderleg arbeid om nettopp dette.

 

Meldt av Elin Lindberg

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s