Sigrid Merethe Hanssen: SOFIA

Publisert i Nordnorsk Magasin 4-2013

 

Sigrid Merethe Hanssen: SOFIASofia.jpg

Roman

Samlaget, 2013, 121 sider

 

Utanfor sesongen

Presist språk og solid grep om ei skrivande kvinne som sjølv mistar grepet.

 

Dette er Sigrid Merethe Hanssens første roman. Ho har skrive to novellesamlingar og ei barnebok. I Sofia møter vi ei namnlaus kvinne. Ho har kjøpt ein einvegsbillett og reist frå Noreg til ein liten landsby i Hellas der ho held på med eit skriveprosjekt. Ho leier rom hos Elena, ei eldre kvinne som ikkje snakkar noko anna språk enn gresk. Kvinna møter ei jente, Sofia, på ein kafé familien hennar driv. Sofia er stum. Dei to kommuniserer ved hjelp av teikningar, dei kjem nærare kvarandre og blir vener. Forholdet mellom kvinna og Sofia blir ein raud tråd i boka. Det er uroande frå første stund og forholdet utviklar seg på ein overraskande måte.

 

Gode sanseskildringar

Hanssen er god til å skildre sanseopplevingar. Språket hennar er presist og konsist. Her er det ikkje blomstrande språk og adjektivbruk i utide. Språket er godt å lese. Hanssen bruker få metaforar, det gjer at lesaren må tolke sanseinntrykka sjølv. Vi kjem nærare inn på hovudpersonen og opplevingane hennar på grunn av at Hanssen ikkje ferdigtolkar teksten for oss, det likar eg godt. Det skjer ikkje så store ting på overflata i historia – før kanskje heilt mot slutten, men på grunn av språket til Hanssen får forteljinga om dei små tinga meining. Det ligg noko tungt og sårt over hovudpersonen. Vi får ikkje vite noko om forhistoria hennar. Kva har ho opplevd? Kva har skjedd i fortida hennar?

Romanen er delt i fire delar, han er kort og oppbygginga av han minner om oppbygginga av ei novelle. Sofia er kanskje ei hybridform – ein mellomting mellom ei lang novelle og ein roman?

 

Solid grep

Hanssen har eit solid grep om språket. Det er fint tilhogd. Somme stader kan det kanskje bli litt mykje av det gode. Både språket og historia kan av og til verke litt tynga av tvang og vilje.    Romanen arbeider seg innover i den namnlause kvinna. Ho skriv og skriv, men vi får ikkje vite kva det er ho skriv. Ho fyller kladdebok etter kladdebok og viser ikkje noko teikn på at ho har noko liv ein annan stad. Ho får eit skjær av noko mystisk over seg. Ho blir meir og meir integrert i familien til Elena som ho leiger rom hos. Skrivinga til kvinna ser ut til å gå ganske bra, men livet hennar løysast på ein måte opp. Tyngda i ho trykkjer ho ned. Det finst heile tida noko som trugar. Det går frå varmt Hellas-tilvere til kald vinter. I utkanten av historia veks det høgrenasjonalistiske partiet i Hellas og i sentrum av historia slepp kvinna mobiltelefonen sin i havet og isolerer seg ytterligare frå verda. Landet er i oppløysing og livet til kvinna smuldrar opp. Det går frå lys til mørke på mange plan samstundes. Hanssen er god til å skrive fram denne underliggande spenninga.

 

Fuglen

Romanen seier noko om det å vise omsorg. Det dukkar opp ein fugl i romanen. Ein namnlaus fugl. Han står utanfor vindauget og hakkar i kittet som held ruta på plass. Han hakkar og hakkar og trugar med å opne eit hol i rommet til hovudpersonen, kanskje òg i hovudpersonen sjølv. Kvinna gjev fuglen mat. Ho har evne til omsorg, kanskje eit behov for å gje omsorg til nokon. Og ho møter Sofia. Hanssens harde språkklo passar fint til å skildre det forholdet kvinna utviklar til Sofia. Her er det mykje som ikkje kjem fram i skrifta, ting vi berre aner og må gjette oss til. Her kan eg jo heller ikkje røpe den noko overraskande slutten. Det blir uansett spanande å følgje Sigrid Merethe Hanssen framover.

 

Elin Lindberg

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s