Publisert i Nordnorsk Magasin 2014
Menneske og natur
Kjersti Kollbotn: Isbrann
Roman, Cappelen Damm 2014, 223 sider
Meldt av Elin Lindberg
Kjersti Kollbotn har skrive ein godt komponert roman som smått satirisk skildrar livet under barske forhold. I Isbrann møter vi det middelaldrande paret Sissel og Knut som har flytta frå byen til eit nedlagt småbruk i ei halvstor vestlandsbygd. Ho er hjelpepleiar på den lokale sjukeheimen, han er ingeniør på byggjesakskontoret i kommunen, samstundes som han skal bygge opp att småbruket. Han har hest og nokre sauer og vil drive garden på gamlemåten. Knut kan lite om gardsdrift, men lærer seg etter kvart. Han er som ein moderne Isak Sellanrå som skal byggje seg ein gard ved eiga kraft. Boka gjer litt narr av denne mannen som så hardt går inn for meistre klassisk mannshandverk som å slakte, jakte, reparere og byggje. ”Ingen skal tvile på at han er mann og sterk og klok”, seier Knut til seg sjølv, samstundes som han ser at Sissel og andre rundt han ler av han og ser ned på han.
Sissel vil gjerne ha eigne barn. Ho er snart for gamal til å få barn sjølv og vil at dei skal adoptere, men Knut kvir seg for det. Han har nok med den vaksne dottara Mariann som han har frå eit tidlegare ekteskap. Forholdet mellom Sissel og Knut er ein stille krig. Aggresjonen ligg like under overflata og kjem ut på ymse vis. Sex og manipulering blir mellom anna brukt som våpen. Sissel tynar Knut som tek ut frustrasjonen ved å slå hesten. På sjukeheimen arbeider Sissel med å vere saman med dei som skal døy, ho er god til det. Dette er noko urovekkande. I heimen blir ho ein som vaktar Knut sine steg. Vaktar ho ein døyande Knut, ein som døyr som mann? Hemnen skal etter kvart vise seg å bli søt, kan eg kanskje seie, utan å røpe for mykje av handlinga i slutten av romanen.
Det er naturen som rår i boka, sjølv om Knut gjer sitt beste for å sivilisere garden. Naturskildringane er gode, slik som her:
Den syttande elva buktar seg lat og mektig, sving på sving gjennom sletta frå dalbotnen under bretungene, mot munningen inst i fjorden. Ho drikk seg stor og melkegrå av breen. Ho er grumsete, er open og vid og tek imot og tek imot, famnar alt som vil fylle henne, svelgjer unna og fraktar bort, som skulle ho vere ufylleleg, utømmeleg.
Når reisa er slutt spyttar ho alt ut i fjorden.
Ho kjem frå isen. Ho er eit plutseleg brådjup.
Ein marbakke.
På same måte som elva er den mektige krafta i landskapet kjem også vatnet til å få ei stor rolle i romanen. Vatn kan ofte bli knytt til kjensler, vatnet er livsnødvendig og livgjevande. Det tørre vil vere noko som er daudt og håplaust. Kollbotn har ei sikker språkføring og let vatnmetaforane flyte gjennom heile boka – sjølv om det ikkje er flytande vatn ho skriv mest om, men frose vatn. Etter månader med berrfrost frys ikkje berre vatnet, men også forholdet til Sissel og Knut. Knut kjempar for å halde seg oppegåande og halde garden og ekteskapet i orden. Tittelen på romanen er velvalt. Det brenn ein farleg og iskald brann rundt paret på småbruket. Spenninga ligg i korleis landskapet vil sjå ut når isen går. Kor mykje er øydelagt når våren kjem? Vatnet er ei naturkraft som gjev motstand til Knuts ynskje om å leve eit liv i pakt med naturen. Dei trauste typane i bygdesamfunnet blir nesten også ei slik naturkraft der dei står trygt i sine tradisjonelle mannfolkroller, medan Knut slit med å finne sin eigen identitet som mann. Naturen ser ikkje ut til å ville spele på lag med Knut – men kanskje han gjer det til slutt likevel? Slutten på romanen er både smart og velkomponert.