Det Norske Teatret: I EINSEMDA PÅ BOMULLSMARKENE

Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 1-2015

Det Norske Teatret I EINSEMDA PÅ BOMULLSMARKENE.jpg

Kvardagsleg transaksjon

Det manglar spenning mellom dei to aktørane i denne versjonen av 80-talsklassikaren til Bernard-Marie Koltés

 

Av Elin Lindberg

 

Bernard-Marie Koltés: I EINSEMDA PÅ BOMULLSMARKENE

Omsetjing: Sylfest Lomheim

Regissør: Tormod Carlsen

Scenograf og kostymedesignar: Heidi Dalene

Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen

Med: Hallvard Holmen og Lasse Kolsrud

Det Norske Teatret, Scene 2, 21.februar 2015

 

Stykket I einsemda på bomullsmarkene hadde urpremiere i 1987. Det var den franske regissøren Patrice Chéreau som hadde regi den gongen, slik han ofte hadde på urpremierane til stykka av Bernard-Marie Koltés. Fleira av stykka til Koltés er sette opp i Noreg, mest kjend er kan hende Negrar og hundar i kamp.

Det er mykje som gjer dette stykket til eit 80-talsikon. Først og fremst er det historia til Koltés sjølv. Han var ein homofil og – seiest det – svært vakker mann som interesserte seg for det populærkulturelle – spesielt det amerikanske, samstundes som han har litterært slektskap med franske kultforfattarar som Louis-Ferdinand Celine og Jean Genet. Byane hans var Paris og New York, og han reiste fleire gonger til Afrika i løpet av det korte livet sitt. Han døydde av aids i 1989, berre 41 år gamal. Det kviler noko romantisk over at han døyr så pass ung av sjukdom (Arthur Rimbaud døydde nesten nøyaktig 100 år før Koltés). Han hevda, slik det var vanleg på 1980-talet,  at han hata teater – det var film som gjaldt. Han skreiv likevel mange teaterstykke. Stykka blei oversette til mange språk – og dei blir framleis sette opp. Stykka hans representerte noko heilt nytt i fransk teater. Dei braut med tradisjonen frå Ionesco og Beckett. Koltés sine stykke er lange tekstbrokkar som støyter mot kvarandre, det finst ikkje paratekst som viser at dette er skrive for teater.

Tittelen på stykket er henta frå romanen Bryllupsgjesten av den amerikanske forfattaren Carson McCuller (1946). Koltés pendla mellom Paris og New York då han skreiv stykket.

 

Deal

I einsemda på bomullsmarkene startar med ei leksikalsk utgreiing av ordet ein deal: «Ein deal er ein forretningstransaksjon (…) som blir inngått (…) ved semje i det stille, ved hjelp av teikn eller tvitydig kommunikasjon (…)». Ordforklaringa kjem som voice-over i det framsyninga på Scene 2 byrjar. Vi blir presenterte for Seljaren/dealaren – Lasse Kolsrud og Kjøparen – Hallvard Holmen. Kolsrud er kledd i ein stygg grilldress og fortel at han har det som skal til for å tilfredstille alle behov. Holmen er i bar overkropp, han er andpusten og har blod i barten.

Rommet inneheld ein slags skog av elektriske vifter i eit hjørne, no og då spys det ut røyk rundt desse viftene. Eit mikrofonstativ står midt i rommet. Det blir ikkje brukt til å mykje anna enn å henge grilldressjakka på. Ein massasjestol står sentralt plassert ved sida av ein slags høgtalarbenk som også er ein grill der Kjøpar og Seljar grillar marshmallowane sine. På veggen bak heng eit lysande REMA-skilt.

Poenget med at vi alle er ein del av ”dealen” eller transaksjonar mellom menneske, blir understreka ved at det eit par gonger gjennom framsyninga kjem fram ei trillevogn frå teaterrestauranten Løwe som publikum blir oppmoda om å kjøpe seg drikke eller sjokolade frå. Kelneren Oksana blir slik ein del av stykket.

 

Rema

Det er eit poeng i stykket at vi ikkje skal vete kva det er dealaren dealar og kjøparen kjøper. Det Norske Teatret nyttar forresten ikkje termen ”dealar”, men ”seljar”. Det er litt synd, for då mister vi noko av kontakten med ein gateslang som kunne gjeve meir krydder til framsyninga. Vi veit altså ikkje om det er dop, sex eller våpen denne seljaren sel. Det store REMA-skiltet i bakgrunnen bringer inn kjøpmannsadelen Reitan som har gjort seg søkkrike på dealing av kvardagsvarer til kvardagsfolk – Rema-Reitan er blitt rike på sal av halvgode varer til kvar og ein av oss i salen. Dette burde kanskje gripe oss meir enn det gjer her. Det grip oss kan hende ikkje fordi det i utgangspunktet ligg lite spenning i ein slik transaksjon. De fleste transaksjonane i kvardagslivet blir gjort i full offentlegheit, i dagslyset. I Koltés si verd er transaksjonen noko som skjer i mørkret. Det ligg ein risiko her. Denne risikoen kjem ikkje særleg godt fram i framsyninga på Det Norske Teatret.

 

Tvekampen

Koltés var oppteken av boksing. Han let seg fasinere av at to menn som ikkje kjenner kvarandre møtest berre for å slå laus på kvarandre. Han blei etter kvart meir oppteken av caporeira, som han omtala som ein svart kampsport – ”eg har ikkje sett noko vakrare sidan Bruce Lee”, skal han visstnok ha sagt då han møtte denne sporten for første gong. Nettopp kontrasten mellom farga og kvite var han også oppteken av. Han identifiserte seg med dei svarte – og dei undertrykte. I den første oppsetjinga av stykket var Dealaren ein svart skodespelar og Kjøparen kvit. Dealaren var roleg – ein ”bluesman”, medan kjøparen var ein nervøs pønkar. På Det Norske Teatret kjem ikkje kontrasten mellom dei to rollene særleg godt fram. Dei blir veldig like. Det er synd. ”Når to menn møtest, så må ein vere den som slår. Motivet er meiningslaust”, seier Kjøparen. Det ligg mykje latent aggressivitet i stykket, men det kjem ikkje fram i spelet mellom de to aktørane på scenen. Det heile blir veldig slapt.

Det ligg i stykket at sjølve språket er våpen. Om ein stoppar å snakke er det fare på ferde.  Orda blir brukte til angrep og forsvar og utan dei er ein heilt forsvarslaus. Dei lange tekstbrokkane i stykket gjer også at aktørane har moglegheita til å snakke seg inn i si eiga einsemd. Monologane står i eit spenn mellom å vere filosofiske og kvasifilosofiske. Det filosofiske i dei er kan hende ikkje hovudpoenget, men dette å halde språket oppe – vise at ein er levande gjennom sjølve språkhandlinga.

Det blir uklart kva det er regissøren Tormod Carlsen vil med dette stykket. Det står som ein 80-talspastisj på eit vis, men saknar kontrastar, mørker – men fram for alt manglar framsyninga det stykket heile tida sirklar rundt: Begjæret. Begjæret etter noko. Etter liv, død, meining, kjærleik.

For midt i all vonløysa i teksten  er det eit voldsamt sug – eit begjær etter eit eller anna – etter alt. Men nei, det kjem ikkje fram i sjølve oppsetjinga denne gongen.

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s