Det Norske Teatret: FUGLETRIBUNALET

Nesten som ei vekebladhistorie

Interessant, men noko flat og hol versjon av Fugletribunalet

Av Elin Lindberg

Marie-Blokhus-i-Fugletribunalet-1132x637

Agnes Ravatn: FUGLETRIBUNALET

Dramatisert av Ingrid Weme Nilsen

Regi: Marit Moum Aune

Scenografi og kostymer: Milja Salovaara

Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen

Rekvisittmakar (fuglehovud): Ole Jacob Børretzen

Med: Marie Blokhus, Niklas Gundersen, Ingrid Jørgensen Dragland, Marianne Krogh og Frode Winther

Det Norske Teatret 16.april 2015

 

Det som gjer Agnes Ravatn sin roman Fugletribunalet til ein god roman – til litteratur og kunst – er nok først og fremst det litterære, det språklege. Det meste av dette blir borte i Det Norske Teatret sin versjon av boka. Plottet i boka og i sceneversjonen er i seg sjølv ganske flatt og vekebladaktig. Vi møter Allis Hagtorn (Marie Blokhus) som rømmer frå jobben som profilert programleiar på riks-tv, frå mannen Johs og det livet ho har levd i byen. Ho har skjemd seg grundig ut og treng ein stad der ho kan finne ut av livet sitt. Ho byrjar å jobbe som hushalderske for den noko mystiske Sigurd Bagge (Niklas Gundersen) som bur i eit hus med stor hage på ein liten stad ved havet. Her treffer ho ingen naboar, eller andre folk, berre kassadama på butikken. I romanen er ho butikkdama med ”den vondskapsfulle mjuke stemmen”. I framsyninga er ho nokså anonym.

Då eg leste boka stussa eg over tittelen – Fugletribunalet – grunnen til det er at det ikkje er så mykje fuglestoff der. I framsyninga på Det Norske Teatret er fuglane svært til stades. Ingrid Jørgensen Dragland, Marianne Krogh og Frode Winther ber flotte fuglemasker store delar av tida på scenen. Høgt opp på baksceneveggen heng ei utstoppa svane. Vengane hennar er nagla fast til veggen, ho er på ein måte krossfesta. Og ja, dette er ei historie om liding, slik denne svana symboliserer på ein noko overtydeleg måte.

 

Kva er ei kvinne?

Den førre framsyninga eg såg Marie Blokhus i, var Hamlet. Ho gjorde ein framifrå jobb som individ i ei verd  tømt for meining. Ho sjølv sto fram som eit heilt menneske i Hamlet-rolla. Rolla som Allis Hagtorn er svært annleis, kvifor blir ikkje dette ein heil karakter, men står fram som noko hol og flat? I Ravatns bok blir dagane til Allis fylte av praktiske gjeremål. Ho finn ei slags meining i å lage måltida til Bagge, i å skjere grønsaker, koke kraft og arbeide i hagen. Detaljane i beskrivingane gjev liv og djupn til karakteren Allis. Allis blir skapt av språket. Utan støtta frå litteraturen fell karakteren Allis på ein måte saman. Ho står ikkje særleg støtt aleine. I staden for å støtte seg, smått humoristisk, på 1800-talslitteratur som Charlotte Brontës Jane Eyre og Daphne du Mauriers Rebecca fell ho nærmare karakterar frå vekeblad- og kiosklitteratur i 50 Shades of Grey-leia

Grunnen til at Allis har rømt er at ho har hatt sex med sjefen sin på 40-årsdagen til kona hans. På grunn av dette blir ho skandalisert og utskjemd for all verda . Ho seier at ho er historikar, men ho er forbausande lite oppteken av historie. Ho har hatt sitt eige tv-program og ho har undervist på universitetet, men ho verkar svært lite intellektuell. I løpet av stykket feirar ho 33-årsdagen sin, men det kunne like gjerne vore 19-årsdagen. Ho står ikkje fram som ei vaksen kvinne med integritet

 

Draum og røyndom

Draumen er knytt til sansing. Vi drøymer sanseinntrykk som bilete, smak, rørsler og lyd. Bagge har ein draum som er sentral i historia. Han drøymer at han må stå til rette for eit fugletribunal, der kona hans, Nor, som no på mystisk vis har forsvunne, er med. Allis står midt i fugleverda, utan at det blir særleg utdjupa kvifor ho gjer det. Verda hennar er fylt av menneske med fuglehovud. Ho tek del i draumen hans. Det ligg noko regressivt i å ville gå inn i ei kvinnerolle som på eit vis tilhøyrer fortida reint historisk, men det ligg også noko ungjentedraumaktig i det. ”Eg er eigedomen hans, han kan gjere med meg som han vil”, seier hovudpersonen, ”eg kan vere alt det du vil at eg skal vere”. Bagge blir gjennom Allis sitt blikk ein opphøgd, mystisk, sterk mann. Ein ho utslettar seg sjølv for. Han et aleine i spisestova, ho et ståande ved kjøkenbenken – heilt til han inviterer henne inn til seg i stova. Ho plasserer seg sjølv som eit kasus som lid av polyandri – det å ha fleire menn. ”Eg er ubrukeleg til ekteskapsformål”, seier ho. I romanen ligg det ein slags humoristisk distanse i replikkar som dette, det er det vanskeleg å finne i oppsetjinga. Då kjem slike utsegner til å bli frykteleg platte og flaue.

 

Skuld og soning

Det kryr av allusjonar til andre verk i dette materialet. Det verkar som om både Ravatn og hovudpersonen hennar, Allis, boltrar seg i referansar til engelsk nygotisk litteratur. Allis ikler seg rolla som tragisk heltinne. Bagges hus blir ein herregard og Bagge sjølv ein mystisk adelsmann. Han har til og med ei kone med det eksotiske namnet Nor. Ei kone som vi ikkje får vete kva som har hend med før i slutten av stykket. Eit kjend element frå romantikken er ”den galne kvinna på loftet” som feministiske litteraturforskarar har plassert som ei undermedveten kraft som ein ikkje vil vedkjenne seg, men som til slutt kjem til å øydelegge alt. Nor blir eit slikt element i historia.

Både Allis og Bagge har noko å sone, ei skuld og ei skam. Dei treng kvarandre. I framsyninga blir Allis` ønske og draumar om å ha sex med Bagge illustrert med at mannen med kongeørnhovudet illuderer å ha sex med ho. Det blir ganske kleint.

Bagge viser seg å ikkje vere verken jurist eller adeleg, han er berre ein vanleg tømrar. I boka blir dette eit fall. Illusjonen som Allis har levd i brest. I framsyninga kjem ikkje dette så godt fram, det bidreg til at spenningskurven blir litt flat.

No er både boka og teaterframsyninga sjølvsagt fiksjon, men fiksjonen støttar seg her på dei realitetane vi møter i røyndomen. Årstidene går som i vår verd, snø blir rista av trea om vinteren,  gras blir slått om sommaren. Detaljane rundt matlaginga er presise. Så langt alt vel. Men i avslutninga skjer det seg. Bagge har bygd ein trebåt. Denne båten har aldri vore på vatnet før Bagge og Allis sett han ut på fjorden ei sommarnatt. Det som er så merkeleg er at båten er heilt tett. I røynda ville nok han som har bygd båten, tømraren, vore meir interessert i om båten lak, noko som er heilt naturleg at ein slik nyutsett båt gjer. I boka kjem det ikkje vatn inn i båten, i framsyninga er båten full av vatn, men det kjem ikkje vatn ut.

Men trass alt – det er verkeleg flott at vi får teaterstykke med kvinner i berande roller, sjølv om eg ønskjer meg stykke der rollene har enda meir djupn enn i denne versjonen av Fugletribunalet.

 

 

Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 2-3/2015

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s