publisert i Norsk Shakespearetidsskrift 4-25
Kontinuitet, fornying og sidespor
Festivalen står i spennet mellom Fosse-mottoet: å gje røyst til det useielege, og det aktivistiske: å gje røyst til dei som ikkje blir høyrde. Men blir fokuset så breitt at vi mistar Fosse or syne?
Av Elin Lindberg
Festivalen i år var mangfaldig og variert med gjestespel, urpremiere på nytt Fosse-stykke, lansering av ny Fosse-roman, festivalprofilen Edouard Louis, akademisk Fosse-konferanse og kommersiell influensarframsyning. DIFF skrevar breitt mellom høgt og lågt. Fossekonferansen som fann stad på Nasjonalbiblioteket hadde tittelen «Det poetiske i Fosses forfattarskap». Dei innsiktsfulle hovudføredraga blei helde av Anders Olsson og Ingrid Nielsen, konferansen var fullteikna og blei strøyma. Svært populær var òg dei ganske kommersielle eventa, mellom anna lesesirkelen med influensar Sophie Elise Isaksen. Her var det stappfullt. Ja, kommersielt som berre det, men om Sophie Elise med sine fantasillionar følgjarar får fleire til å klare å komme seg gjennom ei bok på nynorsk er jo det positivt.
Gjestespela på festivalen var gode og interessante, men nokre av dei er noko gamle. Festivalen ville vore endå meir relevant om han hadde fått tak i ferskare framsyningar.
Ei opnare Fosse-verd
Ei heilt ny framsyning var Lisaboa Houbrechts’ versjon av Vinter på hovudscenen. Det blei ein pangstart på Fossefestivalen. Det var intenst og spektakulært og inviterte til eit mangfald av tolkingar. Det var tett av motsetnader – opent og klaustrofobisk på ein gong, og det er ei fantastisk nylesing og nyskaping av stykket.
Ingrid Nielsen som heldt hovudforedraget på dag 2 av Fossekonferansen i år, tok for seg det poetiske i Fosses forfattarskap. Ho viste mellom anna til Gaston Bachelard og til korleis eit poetisk bilete negerer verda, korleis det får oss til å drøyme og reflektere vidare, utan filter. I det interessante foredraget sitt sa Nielsen at dette gjeld for Fosse sine romanar, og – slik eg forstod det – ikkje dramatikken hans. Men her i belgiske Lisaboa Houbrechts’ versjon av Vinter er det nettopp det som skjer. Her opnar bileta i stykket opp for nettopp draumar og eit verkeleg mangfald av moglege refleksjonar og tolkingar.
Nytt
Det er verkeleg ei glede at det kjem nytolkingar av Fosse sine stykke som denne. Det viser at stykka har potensiale. Houbrechts’ Vinter får oppdatert kontekst samstundes som Fosses stykke får skine. Det er særs godt gjort.
Den tredelte historia i Vinter er banal og enkel. Ein gift mann er i ein by i jobbsamanheng, han møter ei kvinne på ein parkbenk. Ho verkar rusa og prostituert. Ho heng seg på han og dei hamnar på hotellrommet hans. I siste del er det mannen som heng seg etter kvinna. Han har no brent alle bruer til heim, kone, barn og jobb.
Så enkelt er det ikkje i Houbrechts’ Vinter. Her ligg det historier lag på lag. Denne doblinga som vi ofte finn i Fosses forfattarskap finn vi òg her, men meir på eit metaforisk plan. Houbrechts har vore oppteken av kjønn og identitet i arbeida sine, det er ho her òg. Det er Tani Dibasey som speler Kvinna og Kyrre Hellum som speler Mannen – og for å gjere det klart med ein gong: Det gjer dei verkeleg bra. Kjønnsidentiteten til Kvinna kjem i spel, han er flytande.
Rommet
Midt på hovudscenen ligg eit stort, kvitt rektangel som er heva opp over golvplanet. Rundt ligg svarte klede/tekstilar som ei ramme. Det er noko tidlaust, nesten futuristisk over scenebiletet. Dette er langt frå trash/camp-estetikken vi ofte har møtt i Fosse-oppsetjingar. Det er Clémence Bezat som er scenograf. Kostyma er skapte av Oumar Dicko. Dei er stilige haute couture-plagg. Kåpa og skoa som Kvinna i starten er kledd i, gjev henne autoritet og stoltheit – ho verkar ikkje her som ei stakkars rusa og prostituert kvinne. Mannen har mjuke linbukser på seg. Stilig han òg. Kontrasten kvitt/svart finst òg i lyset. Gnistrande lyseffektar underleggjer og understrekar den ikkje-realistiske stilen.
Eit eg og dei andre
Inn på scenen kjem Kvinna. Tani Dibasey speler ho med masse energi og varme. Og han får fram den flytande identiteten hennar. Ikkje berre kjønnsidentiteten, men tolkinga opnar òg opp for så mange moglegheiter for kven ho kan vere. Ho er seg sjølv og mange samstundes. Og ho er aldri aleine. Det er ein flokk mannfolk rundt ho til ei kvar tid. På scena er dei i form av sju statistar. Dei er menn i ulike aldrar. Dei er anonymt kledde, somme i bar overkropp, somme i dressjakke. Dei seier aldri noko, men er dynamisk til stades heile tida. Stort sett er dei trugande. Dei er ein del av Kvinna si verd. Det er nærliggande å sjå på dei som ein farleg gjeng som er i stand til å drepe menneske på grunn av kjønnsidentiteten deira. Dei skaper eit sitrande mørkt og klaustrofobisk rom rundt Kvinna som spreier seg ut i salen og som eg sit igjen med no, lenge etter at framsyninga er ferdigspelt. Dette gjev ein vellukka politisk dimensjon til stykket.
Ritual
Carl Martin Eggesbø speler ei slags fordobling av Kvinna. Han blir som ein skugge. I somme sekvensar har han eit kroppsnært kvitt kostyme som òg Kvinna ved eitt høve har på seg, men som ho riv av seg som om det var ei tvangstrøye. Det blir som eit bilete på ein frigjeringsprosess der ho skiftar ham på eit vis. Ho vel sjølv korleis ho vil vere gjennom denne nesten rituelle handlinga. Møta mellom Mannen og Kvinna er prega av gjensidig respekt og venlegheit. I dei seksuelle møta deira endar det i ekstatiske spasmar som verkar meir smertefulle enn gode. Dibaseys skodespelararbeid gjer at somme av sekvensane i stykket blir godt fysisk teater.
På eit tidspunkt kjem det ei søyle av svart tekstil opp frå det kvite kvadratet på scenen. Den blir saumlaust erstatta av ein kvit «bauta». Her går assosiasjonane i spinn. Kanskje er det ein fallos? Det er mjukt, tungt, dragande svart. Det er kvitt, hardt, bastant. Det kvite objektet blir løfta laust av dei sju statistane. Dei ber det rundt som ei likkiste. Dei er no rolege og alvorlege, men signaliserer framleis at døden er ein realitet.
Bli lys
Doblinga av karakterane i stykket får òg hjelp av lyset. På eit tidspunkt blir Kvinna og Mannen til skuggar på bakveggen. Men no er det deira eigne skuggar, dei er ikkje manifesterte av nokon andre. Det kan kanskje lesast som ei lausriving, ei fridomsrørsle. Dei er seg sjølve no. Karakteren spelt av Carl Martin Eggesbø kjem inn med brennande hender. Han har eld i hendene og kjem ut med armane strekt ut frå kroppen. Det blir som ei helande handling. Eit rituelt eller religiøst ritual. Det er litt pompøst, men det knyt oppsetjinga til urformer for teater, der teater var meint å vere helande. Ja, det verkar faktisk framleis. Sjølv om det klaustrofobiske, smertefulle sit igjen, sit òg dette helande på slutten igjen i kroppen.
Eitt av gjestespela var Kay Voges’ versjon av Namnet (Der Name på tysk) frå Schauspiel Köln. Stykket er frå Fosses tidlegaste dramatikk, det blei skrive i 1994.
Scenerommet blir nærmast som ein eigen karakter i framsyninga. Det er langt og smalt, fire beige lysekroner heng i taket, og fire stålrøyrstolar står rundt eit kjøkkenbord. Sofa, salongbord og to lenestolar står ved utgangsdøra. Rommet har kjøkkenbenk med vask og utstyr, kjøleskap og fryseskap i eitt. Trapp opp til andre etasje. Eit langt vindauge over kjøkkenbenken og eit langt vindauge, vertikalt ved trappa. Stilen er realistisk. Dette er ikkje ein bustad for rikfolk, han er ikkje trashy, men på kanten til kitcsh. Det lange, tronge rommet opplevast som nesten ubehageleg tett opp til publikum. Det er tett og klaustrofobisk. I scenograf Michael Sieberock-Serafimowitsch’ scenerom er det som om all poesi er soge ut, det er berre materialisme igjen. Det snør utanfor vindauga i starten av stykket. Det blinkar nervøst i kaffitraktaren og radioen som står på kjøkkenbenken. Skarpe, høge lydar dominerer. Huset lever sitt eige liv før det kjem folk inn. Det er forstyrra, animert, det er eigne reglar for dette huset. Det er uro. Det understrekar korleis det materialistiske, altså grunntilhøva i samfunnet, har påverkingskraft på menneska. Rommet og det indre i menneska, kjenslene deira, heng saman. Noko er øydelagd, det er noko her som ikkje fungerer som det skal. Det er skarpe lydar og skarpe stroboskoplys – noko er smertefullt og forstyrrande i dette miljøet. Ein lang, djup, høg lyd bryt gjennom – som ein tåkelur på ein båt. Det er urovekkande. Eit varsel. Nokon kjem til å gå på grunn i natt.
Teatral spelestil
Spelestilen er overdriven, teatral. Han står i kontrast til det realistiske interiøret, men speler saman med det oppjaga lys- og lydarbeidet. Jenta (Anna Rieser) som er ung og høggravid, kommuniserer dårleg med den unge barnefaren (Fabian Reichenbach), ein nærmast tragikomisk og parodisk tuslete kar med briller som knapt held ut å vere der. Mor som har på seg usedvanleg høghæla sko, dett slapstick-aktig. Far hiver den tomme kasserollen i vasken så det smell. Det er overspent og aggressivt. Det osar av angst og undertrykt aggresjon. Det er smerteleg. Denne overspente energien skrur seg veldig opp. Ja, det er som om førestillinga på eit tidspunkt nesten lettar frå golvet. Det er som den dysfunksjonelle familien kjem til å, bokstavelig talt, gå i lufta, sprenge. Eit plutseleg intermesso oppstår der faren som i sinne har gått ut, kjem inn igjen med hatt, kjole og kvitt og med ein blomebukett til Jenta. Lyset er plutseleg rosa. Mor og Guten gjer seg klare til å ha sex. Ein diger bamse kjem inn med ballongar til Jenta. Ein diger rosa kanin kjem ned trappa. Det er som ein draumesekvens eller en deliriumshallusinasjon før alt plutseleg fell tilbake til det trasige livet som er normalen her. Det er karnevaleskt, og det overraskande i sekvensen kallar på latter før det oppjaga og nervøse tar over igjen.
Intenst og forstyrra
Det denne oppsetjinga får til er å understreke humoren hos Fosse, utan at det går utover det klaustrofobiske, og menneskelege. Eg ler av at karakterane er i overkant tuslete, eller sett på spissen som typar. Dei er sjablonger. Timinga er god og signaliserer komedie. Den kjekke naboguten Bjarne (Romeo Reimann) fungerer som ein effektiv og lett komisk kontrast til guten som les bøker(!)
Arbeidarklasseforeldra blir skildra parodisk – mor er sliten, og far er valdeleg. Det er noko forstyrra over scenene. Det usagte gjev djupn til assosiasjonar og mange moglege fortellingar. Omsetjaren, Hinrich Schmidt-Henkel, har sagt om Fosses tekster: «Det skjer ingenting, men det er djupt». Ja, det stemmer. Jenta står helt aleine til slutt. Alle har forlatt henne. Den heilage familien finst ikkje lenger. Mennesket si einsemd er eit faktum. Barnet skal bli fødd inn i denne einsemda.
Slik er det
Eg blei ikkje overraska over at Kay Voges’ versjon av Der Name blei invitert til festivalen i år. Det gir oss breidde i Fosse-resepsjonen. Ei førestilling som òg skapte breidde og djupn i festivalen var Etienne Glaser med Så var det (Slik var det). Det er ein Fosse-monolog der ein gamal mann ligg for døden – og til slutt døyr. Svenske Etienne Glaser er ein svært anerkjent skodespelar og han har spelt teater og film i fleire mannsaldrar, han er 87 år no.
Så var det startar med pianomusikk på Scene 2. Det er Maria Rostotsky som speler Goldbergvariasjonane av Bach. Det er ekstremt vakkert og eksellent framført. På golvet ved sida av pianoet ligg eit persisk teppe som blir til den gamle mannen si verd. Kvaliteten på musikken og framføringa av han styrkar truverdet til at den gamle mannen er ein stor og dyktig malar. Dette handlar om stor kunst. Og kva skal ein seie? Etienne Glaser er jo ikkje akkurat ein sur gamal gubbe, slik eg kanskje før har oppfatta Fosses hovudperson i stykket som. Glaser er sjarmerande og lett å like. Men sjølv ein likanes kar kan vere einsam som gamal. Glaser skildrar denne gamle malaren sine siste timar så presist og levande. Det kjem faktisk som ei overrasking at den gamle malaren plutseleg er daud. Men ja, slik er det.
Teater mot kapitalisme og maktmisbruk
Milo Raus’ Antigone in de Amazon blir kalla «ei Antigone for det 21.århundret». Dette er tredje del i ein serie der den svært velrenommerte sveitsiske regissøren nyttar klassiske drama for setje lys på samtidige problemområde. Dei første er Orestes i Mosul og The New Gospel som han sette opp i ein italiensk flyktningeleir. Antigone in de Amazon er laga saman med urfolk, skodespelarar og aktivistar i Brasil og tar for seg fleire aspekt av den brutale øydelegginga av regnskogen. Det er eit smart trekk å bruke denne gamle greske rettferdskjemparen Antigone. Sjølv om historia endar aldri så tragisk står ho opp for det ho ser som viktig og rett – ho blir eit symbol for å kjempe for noko du trur på, sjølv om overmakta er stor. Det er ein representant for urfolket i Amazonas som speler Antigone. Ho er ikkje til stades på scenen, men i videoar frå arbeidet som blei gjort i den brasilianske byen Pará. Framsyninga er særs valdeleg og gjer verkeleg inntrykk. At framsyninga er viktig, er det ingen tvil om, den pågåande øydelegginga av regnskogen og alt det fører med seg, har vi ikkje lov til å gløyme.
Fosse og Louis
Under festivalen var det urpremiere på Fosses eige nye stykke Skodespelet. Ein gjeng står på ei kai og ventar på den store båten. Humoren er svart og beisk. Det er beckettsk og eksistensialistisk – og velspelt. Den framsyninga som rørte meg aller mest var likevel gjestespelet Kven drepte far min (Qui a tué mon père) av og med Edouard Louis i Thomas Ostermeiers regi. Den var formidabel. Louis var festivalprofilen i år. Han er ein kunstnar Kjersti Horn har jobba mykje med. Gjennom forfattarskapen sin har han vore oppteken av nettopp å gje røyst til dei som ikkje blir høyrde. Dette gjestespelet frå Schaubühne er blitt spelt mange stader dei siste åra. Eg har lese Louis og sett oppsetjingar bygd på bøkene hans, men eg var faktisk ikkje klar over at han var ein så framifrå sceneaktør. Eg verkeleg elska dragnumra hans. Dei gjorde at vi fekk oppveksten hans som skeiv i eit fattig og konservativt arbeidarklassemiljø i det nordlege Frankrike rett inn hjartet. Noko som ikkje var så heldig var at premieren på Forandre seg. Metode blei utsett. Dette er nok eit verk av Louis som Horn set opp. Presentasjonen av festivalprofil Louis blei dermed noko tynn.
For breitt?
Eg er absolutt glad både Edouard Louis og Milo Rau blir vist for eit norsk publikum, men er det på DIFF vi skal sjå dei? Eg har litt problem med å sjå korleis dei kan passe inn i Fosse-verda. Er det ikkje som om vi mistar Fosse litt or syne her? Jon Fosse er ein forfattar og dramatikar av verdsformat, inga tvil om det, men politisk aktivist er han ikkje. Ønskjer DIFF å vere ein samtidsteaterfestival? I så fall håpar eg at festivalen er kjappare på ballen med programmeringa slik at verka som blir presenterte er endå ferskare. Sjølv om verka til Ostermeier/Louis og Rau framleis er aktuelle er dei allereie fleire år gamle. Eg håpar DIFF legg seg i selen og blir endå meir verdsaktuelle neste gong. Alt i alt er Fossefestivalen 2025 vellukka, sjølv om det nok trengs ei tydelegare avklaring om kor brei festivalen skal vere.
Faktaboksar:
VINTER av Jon Fosse
Regissør: Lisaboa Houbrechts
Komponistar: Bert Cools og Stijn Cools
Scenograf: Clémence Bezat
Kostymedesignar: Oumar Dicko
Lysdesignar: Floriaan Ganzevoort
Dramaturg: Siri Løkholm Ramberg
Det Norske Teatret, hovudscenen, premiere 5. september 2025
Jon Fosse: DER NAME (NAMNET)
Oversatt av Hinrich Schmidt-Henkel
Regi: Kay Voges
Scenografi: Michael Sieberock-Serafimowitsch
Kostymer: Mona Ulrich
Musikk og lyd: Tommy Finke
Lysdesign: Voxi Bärenklau
Dramaturgi: Ulf Frötzschner
Volkstheater, Wien 20. november 2024 og Det Norske Teatret, hovudscenen, 12. september 2025
QUI A TUÉ MON PÈRE (KVEN DREPTE FAR MIN)
av og med Édouard Louis
Regissør: Thomas Ostermeier
Videodesignarar: Sébastien Dupouey, Marie Sanchez
Scenedesignar: Nina Wetzel
Kostymedesignar: Caroline Tavernier
Komponist: Sylvain Jacques
Dramaturg: Florian Borchmeyer, Elisa Leroy
Lysdesignar: Erich Schneider
Det Norske teatret, hovudscenen, 7. november 2025
SÅ VAR DET/SLIK VAR DET av Jon Fosse
På scenen Etienne Glaser
Pianist:Maria Rostotsky
Det Norske Teatret, Scene 2, 7.september 2025
ANTIGONE IN DE AMAZON
Tekst: Milo Rau og ensemblet
Regi og konsept: Milo Rau
Dramaturg: Giacomo Bisordi
Komponist: Elia Rediger, Pablo Casella
Scenograf: Anton Lukas
Det Norske Teatret, Scene 2, 13.september 2025
SKODESPELET av Jon Fosse
Regissør og lysdesignar: Johannes Holmen Dahl
Scenograf: Nia Damerell
Komponist og lyddesignar: Alf Lund Godbolt
Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen
Det Norske Teatret, Scene 2, 6.september 2025








