publisert på Shakespearetidsskrift.no november 2019

Livsdansen, mest i moll
Sigd av Ruth Lillegraven på Scene 3 på Det Norske Teatret blir vellukka mykje på grunn av det fysiske uttrykket til skodespelarene. Det er Magnus Myhr som har vore koreograf. Somme parti blir likevel noko langdryge.
Av Elin Lindberg
Ruth Lillegraven: SIGD
Regi: Peer Perez Øian
Koreograf: Magnus Myhr
Dramaturg: Siri Løkholm Ramberg
Det Norske Teatret, scene 3, laurdag 9.november 2019
De tre skodespelarane (Morten Svartveit, Kjersti Odden Skjeldal og Gard Skagestad) kjem slentrande inn på scenen i kvardagsklede medan lyset er på og publikum sit og småsludrar. Skodespelarane ser på oss, dei fangar merksemda vår. Gard Skagestad startar med nokre hopp og spring, med folkedanspreg. På det gjennomskinlege, svarte bakteppet er det nokre enkle, kvite strekar som rissar opp vestlandsfjell for oss. Strekane er i slekt med Jan Groth sitt sceneteppe på hovudscenen. Scenerøyk sig inn og minner om fuktig vestlandsskodde. Gard Skagestad stoppar og seier andpusten at: «Alt fell i fjorden».
Tyngd
Sigd er ei poetisk forteljing om eit liv. Ho er bygd over Ruth Lillegravens diktsamling frå 2016, med same namn. Det er Endre (Morten Svartveit) som er hovudpersonen. Han er ein av ni ungar på ein liten gard ein stad ved ein fjord på Vestlandet. Endre er odelsguten. Det første han hugsar er at faren Svein (Gard Skagestad) ber han ut i det klare mørkret og viser han månen som står som ein sigd på himmelen. Dette blir som eit emblem på livet til Endre. Det er alltid noko mørkt over det. Sigden, eit skarpt kvardagsverktøy, heng trugande over livet hans, på eit vis. Handlinga finn stad på 1800-talet. Endre skal ta over den vesle garden, nokre av syskena hans reiser etter kvart til Amerika, eit par døyr, systrene giftar seg med gutar på grannegardane. Dei som reiste til Amerika skriv heim om store opne marker, om prærie og om von om eit betre liv. Endre skal ingen stad. Han skal vere på garden, slik odelsgutane har vore i alle år før han. Det gjeld forresten ikkje alle – Endres bestefar blir borte på mystisk vis. Noko hadde skjedd på fjorden. To grannar blei funne drepne i ein båt, og bestefaren er òg blir borte. Det blir til eit svart hol av svik i slekta.
Kjærleik og arbeid
Endre giftar seg med Abelone (Kjersti Odden Skjeldal), ho er sjølvaste prestedottera. Endre kallar dei to «eit stort glødande oss». Endre og Abelone dansar ein dans munn mot munn. Dei slepp aldri taket i munnen på den andre. Det er eit særs fint grep. Det blir ikkje kleint, men stadfestar kjærleiken deira og viser kor uthaldande han er. Svartveit og Odden Skjeldal gjer eit framifrå fysisk skodespelararbeid her.
Arbeidet på garden blir òg dansa fram. Far Svein og sonen Endre arbeider saman. Den eine lagar hol i bakken med spett, den andre kjem etter med hesjestaur som han set i hòlet. Dei høgg, dei kvistar, dei dyrkar jorda. Det er kjærleik og arbeid og livet går i gode sirklar. Det er liv og daud, men etter kvart blir det mest daud og alt fell på ein måte i fjorden att.
Bjørnen
Endre har noko inni seg. Han har ein bjørn inni seg, seier han. Det er som han går inn i ein tung depresjon. Han klarer ikkje arbeide. Han klarer ikkje noko. Det er så tungt, så tungt. Det gjer så vondt, så vondt. Det er mogleg det er det depressive i innhaldet her som gjer at dynamikken her blir noko stilleståande og søvndyssande. Hadde framsyninga hatt godt av eit brot av noko slag her? Dei lange linjene som held livet saman er her. Dei seige banda som bind ein til slekta, ledd etter ledd bakover, er der. Staden, det materielle, jorda, som òg berre er, gjev tyngd. Det er menneska som må skape liv og handling, sjølv om dei har ein bjørn på innsida.
Verda opnar seg
Bøker kjem frå ein bror i Amerika. Dei les. Dei får ny kunnskap om ymse ting, mellom anna om dodo-fuglen. Ei noko depressiv historie. Han er jo som kjend utdøydd. Den tjukke fuglen som ikkje kunne flyge levde på Mauritius og overlevde ikkje møtet med europearane og dei dyra dei førte med seg. Kjenner Endre seg igjen i denne ikkje flygedyktige dodoen – eller dronten som han ofte blir kalla på norsk? Abelone og han fekk ikkje barn, etter dei er det kanskje ingen til å ta over garden. Dei er dei siste, ein utdøyande rase. Endre les og les som om det var livet om å gjere. Abelone i bakgrunnen tek seg av garden, men ho les etter kvart òg. Dei får ei ordbok frå Amerika. Dei lærer seg engelske ord som dei uttalar slik dei står, men med stort alvor. Det er barnleg og sjarmerande.
Språket
Ruth Lillegravens diktsamling Sigd er delt i tre delar. I framsyninga er ikkje dei tre delane så tydelege. Det er når Endre blir liggande med denne bjørnen inni seg, eller gikta som er det fysiske symptomet på det som verker som depresjon, at endringa skjer. Han mistar språket sitt. Når han ikkje er i stand til å gjere arbeidet på garden blir språket som er knytt til arbeid, til jorda, borte. Språket har vore eit band som har knytt han til den daglege gjerninga og til jorda og sjølve livet. Abelone flytter ut frå kammerset deira, dei står i fare for å miste kvarandre. Det blir språket som til slutt får dei saman att. Dei prøver seg fram med å kommunisere med kvarandre på eit nytt språk. Eit språk som er heilt nytt for dei begge. Dei engelske glosene som dei uttalar på sitt vis, blir eit felles språk. Dei får eit nytt liv samen før det er heilt slutt og snøen legg seg.
Det fysiske arbeidet
Samarbeidet mellom Peer Perez Øian, Magnus Myhr og utøvarane har gitt eit fint scenisk resultat. Det er det fysiske arbeidet skodespelarane gjer som ber denne framsyninga. Svartveit, Odden Skjeldal og Skagestad omfamnar det fysiske skodespelararbeidet på ein framifrå måte. Nokre stader slit dikta med å bli scenetekst. Ordbileta er fine, men kan somme stader bli litt distanserte og stive som dramatikk. Trass i eit par innvendingar var dette ei god teateroppleving.