Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 1/2010
Meisterleg dramatikk – vellykka oppsetjing
av Elin Lindberg
Abi Morgan: BLENDVERK
Omsetjing: Brit Bildøen
Regi: Torkil Sandsund
Scenografi: Helge Hoff Monsen
Med Ingunn Beate Øyen, Heidi Gjermundsen Broch, Nina Woxholtt og Ingrid Jørgensen Dragland
Det norske teatret, 16. Februar 2010
Under Veneziabiennalen i fjor fylde kunstnaren Krzysztof Wodiezko den polske paviljongen med verket Guests (Goście). Det besto av store projeksjonar som illuderte vindauge, utanfor kunne vi skimte kroppane til ”dei andre” – dei framande, namnlause, evige gjestane – dei som ikkje hadde tilgang til det eksklusive kunstrommet. I Blendverk gjer scenograf Helge Hoff Monsen et liknande grep. De store projeksjonane på scenerommet sin bakvegg vekslar mellom å være storbyutsikt, lysande, matte flater og abstrakte menneskeliknande figurar. Vi får kjensla av å sjå ned på bylandskapet frå ei eksklusiv høgde, dei tomme flatene understrekar det klaustrofobiske og innestengde og den abstraherte menneskemassen verker trugande. Vi blir heile tida minna om at vi og skodespelarane på scenen er innelukka i eit både kulturelt, geografisk og fysisk rom.
Abi Morgan blir sett på som ein av Storbritannias mest framståande dramatikarar, ho skriv både for teater og tv. Politikk og feminisme er ofte hovudtema hennar. Blendverk (Splendour) er eit svært interessant stykke både formelt og tematisk. Det opnar opp for viktige spørsmål både rundt det personlige og det politiske.
Vi møter fire kvinner – Micheleine, generalen si kone (Ingunn Beate Øyen), venninna hennar Genevieve (Ingrid Jørgensen Dragland), Katryn (Nina Woxholtt ) – ein fotograf som er komen for å ta eit portrett av generalen og fotografen sin tolk Gilma (Heidi Gjermundsen Broch). Medan dei ventar på generalen drikk dei chili-vodka og snakkar – forbi kvarandre, til, om, bak ryggen på, og med kvarandre. Utanfor raser krigen. Er det en revolusjon? Granatar eller fyrverkeri? Apokalypsen? Vi får ikkje svar på det. Det usagte har i det heile tatt ein viktig posisjon i stykket. Løgn, sanning. Kva er sanning? Ei sanning er at det ikkje kan finnes berre ei sann forteljing om ein situasjon eller eit liv. Alt kjem an på perspektivet. I oppsetninga bryt kvinnene kvarandre av heile tida, dei får ikkje snakka ut. Situasjonen blir stadig vekk avbrote og spela om igjen på ein ny måte. Vi ser den frå fleire sider og får utvida stykkets rom og vårt syn på karakterane. Ingenting er sikkert eller til å stole på. Fotografiet blir brukt som metafor. Det kan være både reel dokumentasjon og manipulert dokumentasjon. Ein vase i venetiansk glas blir ein annan metafor, på ein liknande måte som forteljinga knuser den stadig og må settes saman på nytt. Regien til Torkil Sandsund er, i motsetning til den skjøre vasen, fast og fin. Blant anna er bruken av pausar med på å gjere oppsetninga musikalsk. Eg liker at det er formidlinga av sceneteksten som er i fokus her og at det er lite påfunn i regien.
Staden kan være kvar som helst. Det er ein nord/sør-konflikt her som både peikar på ein reel pågåande global konflikt og gjer assosiasjonar til Latin-Amerika/Nord-Amerika til dømes. Dystopiar frå litteratur og film skin også gjennom.
Situasjonen har noe stereotypt ved seg. Her er kvinnene samla i ein heimleg atmosfære, ei tradisjonell kvinneverd. Utanfor blir politiske avgjersler tekne – Generalen er på jobb for å underskrive noen papir. Og utanfor kvinnene sitt rom finnes krigen, revolusjonen, imperialismen – tradisjonelt sett mannlege arenaer. Karakterane er også stereotypar. Dei har forskjelleg klassebakgrunn og er i forskjellege fasar av livet. Generalen si kone har overklassekvinna sine parafernalier, ho er gift. Overklassevenninna hennar er enke. Fotografen dyrkar jobben og er single og tolken Gilma er forlova med ein soldat, ho kjem både frå underklassen og frå ”nord”, ho stel og er ikkje til å stole på. Det gjeld heile stykket, men kanskje spesielt denne karakteren Gilma – vi får vite meir og meir, men det som interesserar oss mest er det vi ikkje får vite. Gilma er ein slags overløpar, eller er ho informant, spion? Hennar grådige begjær etter overklassen sine ting speglar kanskje dei ansiktlause massane utanfor ”vindauga”. Maktkamp truger under overflata. Skodespelarane gjer gjennomgåande ein svært god jobb, dei fyller ut dei stereotype figurane og gjer dei til heile menneske. Eg skulle likevel gjerne sett at personane hadde blitt spelt endå meir komplekse, med meir rom for kontrastar i seg. Micheleine sin ”hysteriske” latter og Glima si udanna labbing er med på å gjere personane enklare og meir klisjefylde enn dei treng vere.
Samspelet er musikalsk. Det er språket også. Eg har ikkje lest Abi Morgans originaltekst, men det verker på meg som om Brit Bildøen har gjort ei fin omsetjing. Rett og slett mangefasettert og svært interessant dramatikk i ei vellykka oppsetning på Det Norske Teatret!