Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 2-3/2014
Poetisk draumeverd
Visuell og fysisk framsyning som balanserer mellom å vere teaterhistorie og samtidsuttrykk.
Av Elin Lindberg
Compagnie Philippe Genty: FORGET ME NOT
Regi: Philippe Genty og Mary Underwood
Framsyninga er eit samarbeid mellom Høgskulen i Nord-Trøndelag (HiNT) og Compagnie Philippe Genty, Frankrike
På scenen: Ánne Mággá Wigelius, Annie Dahr Nygaard, Morten Anda Berg, Lena Kvitvik, Henrik Hoff Vaagen, Benedikte Karine Sandberg, Sjur Marqvardsen, Maja Bekken og Stine Fevik.
Det Norske Teatret, gjestespel på hovudscena, 23.april 2014
Ekteparet Philippe Genty og Mary Underwood har laga teater sidan 1967. Framsyningane deira er kjende for å vere fysiske og visuelle. Arbeida deira er nært i slekt med figurteatret.
Forget me not eller Ne m’oublie pas blei til etter at avgangsklassen ved teaterutdanninga ved Høgskulen i Nord-Trøndelag (HiNT) hadde ein workshop med Philippe Genty for to år sidan. Klassen blei spurt om å reprodusere oppsetjinga Forget me not frå 1992 og turnere rundt om i verda med ho. Det har dei hatt stor suksess med.
Demonar og fobiar
Philippe Genty har sjølv skrive at han arbeider med dei indre demonane sine. Han dyrkar dei. Han jakter på dei og plasserer dei på scener rundt om i verda. Teaterspråket hans er leikent og poetisk. Framsyningane har ein slags visuell logikk. Assosiasjonar følgjer på kvarandre slik dei gjer i draumane våre. Det ligg ei tru på at sanninga kjem frå det undermedvetne i denne måten å arbeide på. Dette er tankar som var svært vanlege i teaterarbeid på 1960-70 og -80-talet. Fungerer denne måten å skape på like godt i dag? Ligg det ein form for eskapisme i ei slik arbeidsform? No er det nok mange kunstnarar som arbeider med dei indre demonane sine på måtar som gjer kunsten deira til noko mykje større enn den eigne kampen deira. Min kamp av Karl Ove Knausgård, til dømes, er kunst som knyter den heilt private vesle verda til den store universelle. Gentys kamp fungerer i alle fall godt på det visuelle planet, men når han lenger enn det reint estetiske? Eg er sanneleg ikkje heilt sikker.
Draumelandskap
Hovudscena på Det Norske Teatret viser eit stilisert landskap av snø og is. Landskapet er jomfrueleg, kvitt og reint. Det er nesten noko litt for pent over desse is-formasjonane. På breiddegradene våre er vi vande med is og snø, og vi veit at desse elementa kan vere farleg kalde. På denne scena ser is og snø varmt og behageleg ut, men no er dette ei draumeverd og ikkje ei reell verd. Eg blir likevel sittande med kjensla av at snøverda på scena er i overkant skjønn, ho blir litt for distansert.
Ei kvinne sit med ryggen til, ho syng ein sukkersøt og skjønn melodi. Ho snur seg og det viser seg at den skjønne kvinna ber ei grotesk apemaske. Brotet fungerer godt. Apa gjev assosiasjonar til ei førmenneskeleg verd. Ho gjev òg assosiasjonar til ein del av kulturhistoria som blei fødd om lag samstundes med at Philippe Genty og Mary Underwood si teaterhistorie starta på 1960-talet – nemleg kultfilmen 2001: Ein romodyssé av Stanley Kubrick frå 1968. I starten av denne filmen kjem apar i kontakt med eit utanomjordisk objekt, filmen dyrkar òg det undermedvetne, menneskeleg angst og fobiar.
I framsyninga på Det Norsk Teatret kjem snart menneska inn i verda. Skodespelarane kjem inn på scena med dokker som er duplikatar av dei sjølve (òg eit science fiction-element). Kvinnene er kledde i kvite kjolar, menna er kledde i svarte dressar i 1800-talssnitt. I byrjinga er det vanskeleg å sjå kva som er dokke og kva som er menneske. Tittelen på Antoin Artauds bok Le Théâtre et son double frå 1938 kjem raskt som assosiasjon. Kanskje ligg det tankegods frå Artaud i denne framsyninga òg? Ho er i alle fall full av sprang, paradoks og motsetnadar slik Artauds kjende teatertekst er. Oppsetjinga dyrkar, på eit vis, eit ønske om å bryte opp dei tilvande oppfatningane vi har av røyndomen – dette er tankar vi kan finne i Artaud sine tekstar.
Persona
Person er det same ordet som på gresk tyder maske. Det blir sentralt i denne framsyninga. Det ligg noko svært menneskeleg i botnen på dette arbeidet. Det finst ei usvikeleg tru på mennesket si skaparkraft her. Framsyninga seier: All makt til fantasien! Men dette er eit veldig styrd kaos. Det er velordna og velregissert. Ei fare er her at skodespelaren som menneske på scena, forsvinn i denne dyrkinga av det velordna visuelle universet. Framsyninga har likevel absolutt driv og visuell kraft. Skodespelarane er dyktige, men dei blir noko preglause i denne oppsetjinga. Dette arbeidet krev at skodespelarane trener hardt for å øve opp den presisjonen som trengst i eit slikt teaterspråk. Dei unge skodespelarane er på god veg, men har enno potensiale til å bli endå meir presise i det fysiske arbeidet.
I framsyninga vekslar bilete med bilete, ho flyt godt. Nokre av scenene nærmar seg dans. Heile vegen blir det teatrale dyrka. Oppsetjinga er full av slapstick-aktige innslag, men dei fungerer ikkje alltid like godt som humor her. Det verkar nesten som om det blir ein kræsj mellom det luftige poetiske uttrykket og den presise timinga slapstickhumoren krev. Det er fleire scener med klappstolar. Nokre av dei er i slekt med arbeida til den legendariske mimekunstnaren Marcel Marceau. Men for å oppnå same komiske effekt som han fikk til, krevst det svært høg presisjon og timing.
Den visuelle verda
I framsyninga følgjer vi menneska inn i draumeverda og ut av ho att. Bileta er storslagne og vakre og dei kler hovudscena på Det Norske Teatret. Framsyninga rommar tre replikkar – noko slikt som: ”Apa spiste handa mi”, ”Apa slukte alle sorgan mine” og ”Æ spiste maten og handa mi”. Setningar som er like surrealistiske og draumeaktige som resten av framsyninga.
Framsyninga er eit fint møte med arbeidet til Philippe Genty og Mary Underwood, men eg saknar litt meir individualiserte karakterar. Eg saknar på ein måte mennesket, sjølv om framsyninga dyrkar det genuint menneskelege, altså skaparevna og fantasien. Det er likevel strålande at Det Norske Teatret inviterer til slike internasjonale gjestespel!