
Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 2-3 2014
Sjå – eit menneske!
Feelgoodteater som både hyllar outsideren og den vanskelege kjærligleiken
Av Elin Lindberg
Mark Haddon: DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA
Dramatisert av Simon Stephens
Omsetjing: Jon Fosse
Regi: Trine Wiggen
Dramaturg. Ola E.Bø
Det Norske Teatret, scene 3, torsdag 20.mars 2014
Mark Haddons bok The Curious Incident of the Dog in the Night-time blei ein bestselgar då ho kom ut i 2003. Ho blei rost opp i skyane av kritikarane, fekk mange prisar og blei langlista til the Man Booker Price. Teaterversjonen har òg fått mykje merksemd, prisar og gode kritikkar – 200.000 menneske har sett stykket i London. Litt ekstra merksemd fekk det fordi det var under framsyninga av nettopp dette stykket at taket fell ned i Apolloteatret i London i desember i fjor.
Krimhistorie
Det merkelege som hende med hunden den natta, nydeleg omsett av Jon Fosse, er ei slags krimhistorie. Detektiven og hovudpersonen er Christopher Boone (Emil Johnsen). Han er 15 år og har dei symptoma vi ofte forbind med Asbergers syndrom. Han er kjempegod i matte og elskar mønster og lister, men han er ikkje så god til å forstå andre menneske og likar ikkje å ha fysisk kontakt med dei. Han bur i ein liten by i England og har aldri vore nokon annan stad enn i si eiga gate på eiga hand. Han bur saman med far sin, mor hans er død. Ei natt finn han Wellington som er hunden til fru Shears (Ingrid Jørgensen Dragland), liggande på plenen med ei hagegreip gjennom seg. Hunden er død. Christopher tek saka og han finn meir enn mordaren – heile livet hans blir snudd på hovudet.
Strukturen på forteljinga gjer at ho passar godt som dramatikk i den realistiske sjangeren. Slik som hos til dømes Ibsen, blir lag etter lag av løyndomar avdekte i Det merkelege som hende med hunden den natta.
Det eineståande mennesket
Scenerommet på scene 3 på Det Norske Teatret er ganske tomt. Ein del kubar eller klossar blir flytta rundt og brukte til alt frå stolar og politistasjon til tog. Alle skodespelarane er på scena gjennom heile stykket. Alle bygg dei opp om hovudrolla. Marie Blokhus spelar Siobahn som er lærarinna til Christopher. Ho blir òg ofte stemma hans når ho les opp frå boka han skriv saman med henne. Dette grepet fungerer godt fordi det er med på å utvide hovudpersonen. Lærarinna er òg med på å diagnostisere guten ytterlegare gjennom ei ovanfor- og- ned haldning når ho underforstått seier noko slikt som: No har du vore så flink å skrive at vi skal lage teaterframsyning av boka di!
Karakterane som lever rundt hovudpersonen er litt karikerte, men dei står som ganske gjennomsnittlege, vanlege menneske. Den fremste eigenskapen deira er at dei er så utruleg normale. Nettopp denne normaliteten gjer at hovudpersonen, enkeltmennesket, blir så synleg – og eineståande. Emil Johnsen spelar rolla som Christopher svært godt. Det blir understreka i programmet at det nødvendigvis ikkje er Asbergers syndrom Christopher har, denne understrekinga gjer kanskje at dette kjem meir i fokus enn det treng å gjere. Johnsen skapar ein utruleg truverdig Christopher, Johnsens fysiske skodespelararbeid med tics og rørsler er framifrå!
Dei harde realitetane
Espen Reboli Bjerke speler faren til Christopher. I Mark Heddons bok er han ganske alkoholisert og endå meir valdeleg enn i sceneversjonen på Det Norske Teatret. Reboli Bjerke spelar ein far som elskar sonen, men har alvorlege problem med å meistre aggresjonen sin. Fru Alexander (Britt Langli) som er ein nabo, forklarer guten dei harde realitetane i livet hans: Mor hans er ikkje død – ho bur saman med herr Shears i London. Fleire klassiske krimbevis kjem for ein dag. Guten finn mellom anna ei mengd uopna brev frå mora til seg sjølv i eit skap. Christopher forstår sjølv ikkje metaforar. Han seier alltid sanninga. Ein metafor er det same som ei løgn, seier han. Han øver seg på å forstå metaforen ”å ha skjelett i skapet”. Stykket seier noko om kor ofte vi skjuler realitetane med språket vårt, korleis sjølve språket kan dekke til sanninga.
Å reise frå heimen og kome heim igjen
Christopher bestemmer seg for å reise til mora i London. På grunn av at han er ein slik spesiell karakter blir denne avgjerda stor og nesten uoverkomelig, men det går. Ein karaktereigenskap som er vanleg i feelgoodlitteratur og komediar er ein noko naiv viljestyrke: Om du berre vil nok og er nok fokusert, så får du det til.
Når Christopher treff mora (Ingunn Beate Øyen) får oppsetjinga eit nytt fokus. Ho minnar brått om Stort og stygt, Olaug Nilssens stykke som stadig blir spelt på Det Norske Teatret. Det kjem til å handle om kor krevjande og vanskeleg det å vere foreldre til eit barn som krev ekstra merksemd. For begge foreldra elskar verkeleg sonen sin, men dei får ikkje heilt til foreldrerolla.
Barn og dyr
Stykket Det merkelege som hende med hunden den natta er dynamisk nok, men midtpartiet i denne oppsetjinga blir litt langtekkeleg. Avslutninga er framifrå. Her er det spanande. Kjem dette til å gå til helvete? Kjem det til å gå bra? Det hjelp òg å ha med dyr på scena, eigentleg eit godt, gamalt triks, det set kjenslene i sving. Denne kvelden var oppsetjinga utseld, men eg kunne telle dei menna som var der, på ei hand. Det blei ein del kvinneleg kvining og sukk i salen då den søte og trøytte labradorkvelpen Mouchemouche hadde gjesteopptreden på scena.
Oppsetjinga fungerer på fleire plan. Ho er ei godt fortald historie, sjølv om nokre parti blir noko langdryge. Ho knyter an til eit hav av klassiske forteljingar der det einskilde mennesket er ein outsider. Forteljinga gjer enkeltmennesket så tydeleg at det minner om oss sjølve – slik vi alle spelar hovudrolla i vår eigne liv, eller i kvert fall har som mål å gjere det, og alle menneska rundt oss er plassert i heilt nødvendige biroller. Det minner oss på at vi alle, no og då, kan ha åtferdsproblem og streve litt med å handle saman med andre menneske.
Oppsetjinga lykkast i å vise kor vanskeleg det er å handle slik ein ønskjer. Foreldrekarakterane er ganske enkelt skisserte i stykket, men seier effektivt noko om kor store offer somme gjer for kjærleiken til barna sine. Sist, men ikkje minst, minner oppsetjinga oss på at: størst av alt er kjærleiken.