Det Norske Teatret: WILLIAM I LYST OG LAST

Siren Høyland Sæter
foto Siren Høyland Sæter

 

Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 2-3/2014

Shakespearehistorietime

Grei infotainmentframsyning, men kvifor i all verda må dei syngje?

 

Av Elin Lindberg

 

 WILLIAM I LYST OG LAST– ei forteljing om Shakespeares sonettar

Manus, utval og regi: Ola B. Johannessen

Omsetjing: André Bjerke, Erik Bystad, Per Olav Kaldestad, Åse Marie Nesse og Ragnvald Skrede

Musikk: Gisle Kverndokk

Musikarar: Ingeborg Christophersen på blokkfløyter og cembalo, Vegard Lund på teorbe

Det Norske Teatret, scene 3, torsdag 24.april 2014.

 

Det er ingen tvil om at Ola B. Johannessen kan mykje om William Shakespeare. Han blei òg nyleg kåra til æresmedlem i Det Norske Shakespeareselskap. Det skjedde på sjølvaste 450-årsdagen til William Shakespeare – den 23.april, same dag som William i lyst og last hadde premiere og Ola B. Johannessen sto på scena med sine to medskodespelarar Ingrid Jørgensen Dragland og Oddgeir Thune. Oppsetjinga er ein samproduksjon mellom Johannessen og Det Norske Teatret.

 

Mennesket bak diktinga

Oppsetjinga er etterretteleg. Vi får informasjon om kva kjelder framsyninga byggjer på, kven som har gjendikta sonettane  og vi lærer om den historiske konteksten rundt anekdotar frå William Shakespeares liv. Rammene for stykket blir tydeleg presenterte for oss. Her er det mennesket William Shakespeare vi skal få ei forteljing om. Poesien kjem berre til å bli krydder. Sjølve poesien blir her instrumentell. Framsyninga søkjer å finne fram til grunnane Shakespeare hadde for å skrive sonettane sine. Faren er at dette fører til ei tolking av dikta som forflatar dei i staden for å opne dei opp.

Det er, som Johannessen òg påpeiker, skrive hyllemeter med gissingar  om kven denne hanskemakarsonen, teatersnekkaren og skodespelaren var. Og ikkje minst er det skrive mykje om kven W.H. som står nemnt på tittelbladet til den første versjonen av Shakespeares sonettar, var. Det er òg forska mykje på kven som var kvinna i sonette nummer 130.

Livet i London på slutten av 1500-talet er så fjernt frå oss at det nærmar seg fiksjonen. Det verkar nesten uverkeleg at det levde heilt vanlege teaterarbeidarar på den tida òg. Shakespeares tid var nok både like vanleg og spektakulær som vår eiga tid – sjølv om ho var svært forskjellig frå vår. Johannessen understrekar nettopp dette. Han tek utgangspunkt i fødsels- og dødsdagen til Shakespeare – som altså var 23.april. Shakespeare blei berre 52 år gamal, men det tilsvarar om lag 72 år i tida vår, same alder som Johannessen har sjølv, fortel han i stykket. Han plasserer seg i rolla som William Shakespeare. Han vekslar mellom rolla som Shakespeare sjølv og forteljaren. Eg kjem her til å stusse over ein teaterkonvensjon. Johannessen som Shakespeare, har på seg eit renessansekostyme. Han har ei slik jakke som vi har sett på måleri frå denne tida at menn i renessansen nytta, jakker med brokadeliknande stoff og masse knappar og med linskjorte under. Johannessen si jakke er ikkje knept igjen. I seg sjølv er det ikkje det noko uvanleg syn, men eg stussar no litt på det. På same måte dukkar den no og då opp mannlege skodespelarar og artistar med ei uknytt smokingsløyfe rundt halsen. Det gjev eit nonsjalant preg – som om skodespelaren seier at han er i ein mellomposisjon mellom seg som privatperson og rolla. Eg kjenner at eg ikkje heilt forstår denne kledekodeksen.

 

Kven er W.H?

På tittelbladet til diktsamliga Shakespeares Sonnets som kom ut i 1609 sto det: ”To W.H the only begetter of these ensuing sonnets”. ”Begetter” kan bety den som framskaffa eller inspirerte desse dikta, fortel Johannessen. Han argumenterer i framsyninga for at denne mystiske W.H var den rike, unge adelsmannen William Herberth. Johannessen fortel at teaterkompaniet som Shakespeare var ein del av, blei invitert til å spele komedien As You Like It på godset til lady Pembroke. Ho var mor til William Herberth. I William i lyst og last blir William Herberth (Oddgeir Thune) presentert som ein ung gut på 17 år. Mora (Ingrid Jørgensen Dragland) meiner at det er på tide at sonen giftar seg, men sonen vil absolutt ikkje. I stykket blir sonette etter sonette presentert for å få guten til å ønske å gifte seg. Han blir utsett for ein slags sonettekur, men det ser ikkje ut til å hjelpe. Den historiske William Herberth gifta seg heller aldri, men han etterlét seg visstnok mange barn i forskjellige engelske grevskap. Han blei sponsor til teatertruppen Pembrokes men og hadde eit eventyrleg liv. Han blei fengsla etter å ha sett barn på ei av dronning Elisabeths hoffdamer (dronninga ville berre ha jomfruer i hoffet sitt). Då dronning Elisabeth var død, og Jacob den første overtok trona i 1604, blei William Herberth raskt ein av kongen sine favorittar, fortel Johannessen i stykket. William Herberth blei til og med utnemnt til lord Chamberlain – Englands Riksmarskalk. Og saman med kong Jacob den første grunnla William Herberth det kjende Pembroke College i Oxford. Johannessen fortel at to originaleksemplar av den første trykte utgåva av Shakespeares samla skodespel, som kom ut i 1623, sju år etter at han døydde, ligg her. Det eine eksemplaret er lenka fast til murveggen, og det andre ligg i eit rom ein må søkje om tilgang til skriftleg. Desse bøkene blir altså rekna som heilage relikviar.

 

Shakspeare på forskjellig vis

Det er mange måtar å møte Shakespeare si dikting på. I Laurent Chétouane si oppsetjing på Nationaltheatret tidlegare i år blei poesien i sonettane ivaretatt. Dikta blei møtte med eit ekspressivt fysisk formspråk og opne skodespelarar. Poesien fekk luft slik at han på ein måte kom til live gjennom teaterarbeidet. Johannessen er meir oppteken av historia. Historia er absolutt ikkje uinteressant, men særleg poetisk blir ho ikkje i oppsetjinga William i lyst og last.

Lyrikk tyder opphavleg song til lyre. Shakespeares sonettar er, som kjend, strengt metriske med blankversa sine og dei er absolutt songbare. Gisle Kverndokk har laga god musikk, men desse skodespelarane Johannessen har fått med seg er ikkje songarar. Synginga i framsyninga er rett og slett grufull. Men om ein ser bort frå dette fungerer oppsetjinga fint som infotainment. Vi sit igjen med ny og oppfriska kunnskap om William Shakespeare.

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s