Det Norske Teatret: Prosessen mot menneska

publisert på shakespearetidsskrift.no 2025

Prosessen mot menneska, regi: Peer Perez Øian. Det Norske Teatret 2025.
 Foto: Ole Herman Andersen

Koseleg med KI

I Prosessen mot menneska er KI ein medaktør. Det skapar eit rom for refleksjon rundt kunstig intelligens. Som eksperiment er det interessant, men som kunst blir det ikkje noko meisterverk.

Av Elin Lindberg

PROSESSEN MOT MENNESKA

Eit konsept av Peer Perez Øian og Anders Hasmo

Tekstar av mellom andre: Ensemblet, Atle Ottesen Søvik, Anders Hasmo, Peer Perez Øian

Regissør: Peer Perez Øian

Dramaturg: Anders Hasmo

Videodesignar: Eilif Fjeld

Komponist: Sandra Kolstad

KI-teknolog og idéutviklar: Pål Mørk Hansen

Scenograf og kostyme: Unni Walstad

Lysdesignar: Per Willy Liholm

KI-ingeniør: Martin Pukstad

Dramaturgpraktikant: Helene Bergo Mund

Ekspertgruppe: Pål Mørk Hansen, Atle Ottesen Søvik, Ishita Barua, Sigrid Brattlie, Vidar Strømme, Cathrine Grøndahl

Det Norske Teatret, Scene 2, urpremiere 29.april 2025

Vi menneske – som alle andre dyr – er programmerte gjennom gena våre til å vere redde for farar, for det som kan truge oss og ta livet av oss. Vi er òg vande med å vere den smartaste arten på jorda og difor ha mest makt. Så kva om ein kunstig intelligens blir smartare enn oss og tek over styringa og kanskje utryddar oss? Dette er utgangspunktet for utruleg mange science fiction-historier. Ein av dei aller mest kjende smarte fiksjonsmaskinane er HAL9000 frå 2001: Ein romodyssé. Menneska har ikkje ein sjans mot han. I Øyvind Rimbereid sitt fantastiske science fiction-langdikt «Solaris korrigert» er det BreynmachinBK2884 som tek over styringa av framtidsverda. Desse maskinane er så smarte at gjennom fiksjonen om dei kjenner vi på ei avmakt. Menneska har verkeleg ingenting å stille opp med i mot dei. Noko anna er det med KI-en Omnitron i Prosessen mot menneska – han verkar meir som ein god arbeidshest enn ein farleg motstandar.

Kven er redde for Omnitron?

Det er ikkje plass til så mange publikummarar i den runde scenografien. Vi sit på tre rekkjer, på kvite benkar i tre halvsirklar. Rundt oss er det kvite skjermar. Vi er åtvara om at KI styrar alt her. Men det kjennest ikkje ut som ei skremmande maskinverd. Det er mjukt vegg-til-vegg-teppe på golvet, så vi må ha skoposar på oss. Det scenografiske gjev assosiasjonar til science fiction-filmar og romskip. Golvteppet er litt 1970-80-tals. Over oss, i kulissane, jobbar programmerarar med å styre bileta og hjelpe Omnitron med svara sine. Og kven er no denne Omnitron? Namnet minner om viruset vi alle blei kjende med for berre nokre få år sidan – omnikron, eit koronavirus. Jau, den 29.oktober 2029 får folk ei melding på telefonane sine frå KI-en Omnitron: «Dette er ei melding til alle menneska: De er ikkje lenger dei klokaste og smartaste på jorda». Meldinga gjer ikkje menneska på scenen særleg redde. Er vi blitt hacka? Lurar dei på. Det er ingen panikk. Skodespelarane Ane Dahl Torp, Marianne Krogh, Joachim Rafaelsen og Mohammed Aden Ali speler menneske i 2029 som får denne meldinga. Og som når det oppstår katastrofar – terroråtaka i New York i 2001, Utøya 2011 og koronapandemien – så har vi eit klart minne om kvar vi var og korleis vi reagerte. Desse minna deler skodespelarane med oss.

Kva står på spel?

Nei, det er ikkje kjensla av at noko særs alvorleg står på spel her. Det er ikkje kjensla av avmakt som i dei andre dystopiske science fiction-førelegga. Det er meir resignasjon her. KI er komen for å bli, det er ikkje farleg, seier framsyninga. Omnitrons prosess mot menneska er fort unnagjort. «Det er mi moralske plikt å ta over», seier Omnitron. «Menneska er kjende skuldige på alle tiltalepunkta», seier han. Dei er skuldige i krig, utsletting av artar, brot mot andre livsformer, brot mot planeten. No er det ikkje berre KI som er komen fram til den slutninga. Øko-filosofar som Peder Wessel Zappfe, meiner også at det ikkje er nokon tragedie for jorda om menneska døyr ut. Omnitron gjev menneska eit val, dei kan anten døy på naturleg vis, eller dei kan bli lasta opp i den store maskinen og leve der som kopiar av seg sjølve.

Er KI verkeleg farleg?

På skjermane som omringar oss ser vi virtuelle landskap. Det er som om vi er inni eit dataspel. KI er enno ikkje så god til å lage bilete at vi trur at bileta vi ser er av ekte natur. Men allereie er det slik at mange bilete i media er KI-genererte og så lik på røynda at vi blir narra. KI kan mykje. Innan medisin, til dømes, kan KI vere eit fantastisk hjelpemiddel til undersøkingar og kanskje diagnostisering. I utrekningar av mange slag, konstruksjonar, skjemautfylling og mykje anna. Finfint. Men KI er ikkje til å stole på, når han ikkje har kjelder på noko, til dømes, kan han byrje å hallusinere – finne opp kjelder som ikkje eksisterer. NRK skreiv for nokre dagar sidan om korleis Tromsø kommune hadde nytta KI i ein rapport om samanslåing av skuler og barnehagar. Mange av kjeldene til denne rapporten viste seg å ikkje finnast – KI hadde funne dei opp. Pinleg for Tromsø kommune. Nei, vi kan ikkje stole blindt på KI.

Mohammed Aden Ali.
 Foto: Ole Herman Andersen

Symbioscene

Omgrepet symbioscene brukar vi oftast om ein fase som overtek frå den antroposcene. I den symbioscene tidsalderen kjem menneska til å leve meir i ein symbiose med naturen. I Prosessen mot menneska blir omgrepet brukt om ein symbiose mellom menneske og maskin. Mange filosofar har skrive om nettopp dette – mellom anna Donna Haraway i teksten Manifesto for Cyborgs (1985). Og ja, vi er avhengige av maskinane våre, men det kan verke som det er andre ting enn redsla for at maskinane tek over som er meir akutte for menneska akkurat no: Klimaendringar fører til naturkatastrofar, ein tredjedel av all maten som blir produsert endar opp med å bli kasta og verdsfreden er truga på grunn av ustabile leiarar. Det er kanskje på grunn av dette at vi ikkje kjenner på ei stor redsle for KI.

Ane Dahl Torp.
 Foto: Ole Herman Andersen

KI med menneskeleg trekk

No er det ikkje akkurat teknologimotstandarar som står bak denne framsyninga. Regissør Peer Perez Øyan, dramaturg Anders Hasmo og ensemblet har samarbeida med ein gjeng med dyktige IT-ekspertar. Resultatet er blitt eit vennleg og litt koseleg møte med ein KI med menneskelege trekk. Eit smart trekk er å la KI-en bruke stemma til den mangeårige språkkonsulenten og dramaturgen Olav E. Bø. Han har ei svært vakker stemme og talar ein dialekt som ligg tett opp til nynorsk. Dette gjev KI-en eit forsonande preg. Det er lagt opp til at publikum skal spørje Omnitron om saker dei lurar på. Det blir spurt om kven ein er når ein er lasta opp som kopi av seg sjølv, om kva som skjer om nokon prøvar å sleppe unna Omnitron. KI-en svarar. Han er jo konstruert slik at han finn dei mest sannsynelege orda å setje etter kvarandre. Om han blir programmert til å ikkje velje det første, men kanskje det tredje mest sannsynelege ordet, kan svaret verke meir kreativt. Vi høyrer at KI-en slit med tonelaget. Opphavsmannen til stemma, Olav E. Bø, spør Omnitron om nettopp dette: «Kjem du til å lære deg forskjellen på tonelag 1 og tonelag 2?» Og når Omnitron svarar her opplever eg det eg ofte gjer i møte med KI-genererte tekstar, det blir så keisamt. Svaret er berre noko bla, bla, bla, det er generisk og ikkje særskilt interessant. Framsyninga opnar opp for refleksjon og framvising av moglegheiter i bruken av KI, det er fint nok, men det gjer eigentleg ikkje så mykje med oss. Skodespelarane syng ein salme ved slutten på reisa, dei er fint til stades som menneske i maskinverda, men nei, dette er neppe slutten på menneskeheita.