Det Norske Teatret: Da vi var yngre

publisert på shakespearetidsskrift.no 2025

Jonas Benyoub i da vi var yngre, regi: Aksel Hennie. Det Norske Teatret 2025.
 Foto: Monica Tormassy

Brakdebut

Jonas Benyoub brakdebuterer som skodespelar i Da vi var yngre. Han har truverd som Ivor, masse scenesjarm og han er kjempegod til å fortelje. Aksel Hennies regi er kanskje i enklaste laget, men med den stjerna han har med, går det greitt

Av Elin Lindberg

Da vi var yngre

av Oliver Lovrenski

Dramatisering og regi: Aksel Hennie

Scenograf og kostymedesignar: Dagny Drage Kleiva

Lysdesignar: Reidar A. Richardsen

Lyddesignar: Morten A. Jorsett

Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen

Det Norske Teatret, Scene 2, premiere 28.februar 2025

Oliver Lovrenski fekk enormt mykje merksemd då han debuterte med boka da vi var yngre i 2023. Dette var det forlaga drøymde om – ein ny roman frå innsida om ein tøff oppvekst på Oslos austkant. Boka er skrive på ein Oslo-sosiolekt henta frå ungdomsmiljø. Trass i desse spektakulære faktuma er romanen nær og kjenslevar. Tema er sorg, venskap, kjærleik, familie – i tillegg til dop og rus, og det å overleve i eit rått og tøft miljø. Eg var i utgangspunktet skeptisk til at romanen skulle bli teater – ville ikkje dette bli stivt og kleint? Men skepsisen blei gjort til skamme, og det er Jonas Benyoub si forteneste.

Guterommet

Midt på scenen er det bygd ein konstruksjonen som ei stor kasse som fungerer som ein dreiescene. Det kan sjå ut som ei forenkla bustadblokk. Her er det eit guterom. Det er lite og enkelt, ikkje noko luksus. På veggen heng ein Mike Tyson-plakat, frå taket heng ein boksesekk. Ei seng, og klede som ligg halvrotete på golvet. I boka er det mykje gateliv, men her kjem vi også inn i rommet til Ivor (eller «rommen» som han ville ha sagt sjølv). Det gjer at vi kjem endå nærare denne guten. På golvet rundt i scenerommet er det plassert boksar som òg er skjermar. I ei av dei første scenene speler Ivor dataspel med venene Marco og Jonas. Samstundes med at dei sit på kvar sin maskin og speler skytespel, snakkar dei med kvarandre. Dei snakkar om dei rådgjevarane dei har blitt sende til, om til dømes BUP (helseinstitusjon som behandlar barn og ungdom med psykiske lidingar og tilpassingsvanskar). Vi forstår effektivt noko om kva desse gutane slit med. Og måten dei kommuniserer på, er tatt på kornet. Dataspel er ikkje berre spel, men òg ein måte å knyte venskapsband på.

Kjærleik

Jonas Benyoub
 Foto: Monica Tormassy

Ivor er veldig knytt til Baba – bestemor. Baba er der for han medan mora jobbar lange dagar. Far er ikkje der. Benyoub formidlar denne kjærleiken Ivor har til Baba så kjenslevart og fint. Ho ser han, ho trenar boksing med han, ho gjev han tryggleik og ho lagar dei beste arme ridderane. Når ho døyr endrar livet seg. No blir det venene som blir familien og det tøffe gatelivet som tek over for skulegang. Dei dopar seg og tener pengar på å selje «næs og baida» – hasj og kokain. Frå å vere eit skolelys som skulle bli advokat, ser det no mørkt ut for Ivor: «vi skulle bli 2pac og zlatan og jordan og tyson og elden og banksy og gründer som musk så det var ikkje drømmer vi mangla men håp og derfor vi er her i dag og blir chapo».

Forteljarteater

Ja, Benyoub er ein strålande forteljar og formidlar, men stykket er mykje meir monolog enn det treng vere. Her manglar det noko frå regissør Hennie, meiner eg. Kvifor kjem ikkje karakterane Marco (Astin Souleymane) og Jonas (Randin Kummeneje) meir i spel? Det er synd, for det kunne styrka framsyninga som teater og gjeve meir dynamikk. Marco og Jonas blir berre sjablongar som karakterar. Her kunne dramatiseringa av stoffet gjeve dei meir rom. Det er mykje sorg i Da vi var yngre. Alle karakterane ber på mykje smerte. Jonas har det kanskje aller verst. Han bur med ein alkoholisert far som slår han. Alt han ynskjer er å bu saman med mora si og veslebroren, men mor kan ikkje ha begge barna buande hos seg. Jonas ofrar seg slik at veslebroren skal sleppe å bu med den valdelege faren. Her er det mykje omsorgssvikt og harde familieforhold. Men også i Jonas si verd er det ei bestemor som gjer det ho kan for at guten skal ha det bra. Benyoub formidlar dette nydeleg og flott, men det blir mykje på skuldrene hans. Her kunne Randin Kummeneje som Jonas ha fått meir spelerom.

Brutalt

Det er mykje varme og humor i Lovrenskis roman, det kjem fint over i framsyninga. Desse gutane lever under brutale tilhøve, og ikkje alle klarar seg. Dei får høyre frå ein junkie på gata: «Du kanskje elsker gata, men den aldri skal elske deg». Gutane er òg sjølve brutale. Skjermane som står spreidde rundt på golvet viser scener med gatevald, kampar, slag og spark. Videoane blir òg projiserte på dei svarte sceneveggane. Verda deira er hard og kald, men samstundes varm gjennom venskapet deira. Igjen skulle eg ønska meg meir av dei to bi-karakterane.

Avslutninga i Lovrenskis bok kan verke tvitydig, for Ivor er på køyret, dette kan gå verkeleg dårleg. I stykket er det meir håp, sjølv om det òg her står og vippar. Ivor har prøvd heroin og seier: «når det hitta, jeg endelig følte meg hjemme».

Song og håp

Astin Souleymane som Marco, Jonas Benyoub som Ivor og Randin Kummeneje som Jonas
 Foto: Monica Tormassy

Jonas Benyoub er ingen kven som helst som musikar og rappar. Etter at han debuterte med albumet ZeroLove Deluxe i 2022 blei han same år kåra til Årets stjerneskudd under By:Larm, han blei Årets gjennombrudd under P3 Gull og han vann Spelemannsprisen i kategorien Hiphop. Det var nok fleire enn meg som hadde forventa endå meir musikk av han i Da vi var yngre. Endå fleire låtar hadde ikkje gjort noko. Avslutninga der Benyoub står på taket av den scenekonstruksjonen som kan minne om ei bustadblokk og syng ei nyskrive låt basert på Lovrenskis tekst, er verkeleg fin. Her gjev songen og stykket romanstoffet eit løft. Og meir enn i boka får vi eit håp om at det kan gå rette vegen med Marco og Ivor: «– Det var bedre da vi var yngre, synes du ikke? – På en måte, men jeg tror det blir betre når vi blir eldre, også».