Det Norske Teatret: Henrik Ibsen: VILLANDA

Publisert på shakespearetidsskrift.no januar 2020

Gina Bernhoft Gørvell spelar rolla som Hedvig i Villanda, som blir direktestrøyma frå Det Norske Teatret. Foto: Pernille Sandberg.
foto Pernille Sandberg

Pangstart, men så blir det traust

Villanda på Det Norske Teatret starter lovande, men fell snart inn i eit konvensjonelt og kvardagsleg spor. Omsetjinga av Henrik Ibsens knallgode tekst er fin og han er framleis relevant.

Av Elin Lindberg

Henrik Ibsen: VILLANDA

Omsetjing: Tormod Skagestad

Omarbeidd av: Lars Erik Holter

Regissør: Lars Erik Holter

Visuell designar og fotograf: Pernille Sandberg

Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen

Komponist: Petter Winther

Det Norske Teatret, scene 3, premiere 23.januar 2020

Det Norske Teatret gir oss forhåpningar om ein ny inngang til Henrik Ibsens Vildanden – eller Villanda som ho heiter på nynorsk. Her skal vi sjå stykket frå Hedvig sin synsvinkel. Kven er eigentleg Hedvig bak filter og all sminka? spør introduksjonsteksten til oppsetjinga. Hedvig veks opp i fotostudioet til foreldra. Ho kan alt om lyssetjing, kameravinklar og bilete-handsaming. «Gjennom kameralinsa forsøker ho å oppnå kontakt med både seg sjølv og omverda, men bilda gir henne berre ei enda sterkare kjensle av ikkje å høyre til. Ho ser ikkje lenger seg sjølv, berre andre rundt seg», står det i introduksjonen. Dette er eit veldig spanande utgangspunkt. Det knyt an til nettopp den kvardagen mange unge lever i – ein kvardag med svært mange moglegheiter for å uttrykke seg og kommunisere, men òg moglegheiter til stor einsemd og utanforskap. Men som i stykket kjem også i denne framsyninga livet til dei vaksne i framgrunnen, og barnet taper.

Pang

Scenerommet på scene 3 er møblert som eit fotostudio som samstundes er familien si stove og opphaldsrom. Eit kvitt fotobakgrunnslerret står midt i rommet med eit kamera framfor. Vi blir vekt, nesten skremd, av den høge lyden av eit skot som sett stykket i gang. Høg og heftig musikk gjev energi til og fokus på Hedvig (Gina Bernhoft Gørvell) som kjem inn på scenen. Ho er kledd i svart hettegenser og tronge jeans og har svart sminke – ein heilt vanleg ung tenåring. Ho viser oss bilete-verda si – kunsten sin – gjennom ei lynkjapp visning av foto ho har tatt i stort format på det kvite bakgrunnslerretet. Det er eit godt grep. Hedvig jobbar dynamisk med bileta, ho fotograferer seg sjølv, kler seg ut, sminkar seg – leikar seg med uttrykket. Ho leikar og leiter etter eigen identitet og står som trygg i dette universet. Dette er nok ikkje ulikt aktivitetane på mange ungdomsrom no for tida.

Fotokunst

Ei grunn til at dette fotogrepet fungerer svært godt er at bileta er av så høg kvalitet. Bileta er varierte og veldig godt komponerte. Somme av dei er kanskje vel så gode tolkingar av stykket som oppsetjinga sjølv. Eit døme på foto som fungerer rørande fint er eit foto av Hedvig der ho held to smale fjør mot den nakne ryggen sin som to skjøre venger. Det er fotograf Pernille Sandberg som har tatt bileta. Ideen med å bringe inn ein fotograf i stykket er framifrå – og i starten fungerer dette som ei kule, men etter knallstarten kjem dette grepet meir i bakgrunnen og klarer ikkje å overdøyve talestraumen til dei vaksne. Det er synd.

Ein annan som har klart å adaptere Vildanden til bilete, i form av film, er Simon Stone i den særs gripande og sterke filmen The Daughter frå 2015. Her kjem Hedvig (Odessa Young) i fokus på eit framifrå vis.

Ord som drep

Ibsens Vildanden er eit av dei mest spelte Ibsen-stykka, og det er ikkje utan grunn. Det er ikkje vanskeleg å gjere stykket relevant. Karakterane er noko sjablong-aktige, men har mykje å spele på. Oppbygginga av stykket er ikonisk. Denne versjonen av stykket blir etter kvart nesten uvanleg tradisjonell. Det blir ikkje direkte dårleg teater av det, men det er trauste og ikkje særleg spanande grep som blir tatt. Det heile får eit noko tannlaust og grått preg, sjølv om skodespelarane gjer ein god nok jobb. Hjalmar (Frode Winther) er passe lat og sjarmerande i familielivet og truverdig barnsleg og umogen når han får vite sanninga om kven som er far til Hedvig. Gina (Ellen Birgitte Winther) er stø og trygg som mor og oppriktig fortvilt over utviklinga livet tar. Gamle Ekdal (Bernhard Ramstad) er kanskje ein vel snill gamal bestefar, Gregers Werle (Gard Skagestad) er passe usympatisk, doktor Relling (Paul-Ottar Haga) fungerer greitt i rolla, men slit litt med diksjonen nokre stader. Grosserer Werle (Øyvin Berven), Fru Sørby (Trini Lund) og Molvik (Amund Sigurdssønn Karlsen) kjem òg greitt ut av det her.

Barnet

Gina Bernhoft Gørvell er eit utmerka val til rolla som Hedvig, derfor er det synd at ho ikkje blir brukt meir og får utfalde seg breiare. Ho er til stades i alle scenene, meir eller mindre synleg. Vi forstår at ho høyrer alt som blir sagt, at ho er eit vitne, men eit betre innblikk i kven ho er får vi eigentleg ikkje. Eg saknar meir av det gode grepet framsyninga starta med, alt dette druknar i den konvensjonelle måten stykket utviklar seg på. Det ligg i stykket at Hedvig gjer alt ho kan for å bli sett og elska. Og med dei vaksne sin sjølvopptekne ordflaum forsvinn ho, ho søkk ned på havsens botn som villanda, så å seie. Det er ikkje uvanleg at 14 år gamle jenter er mutte og ordknappe slik Hedvig her kan vere somme gonger. Ho er òg velmeinande og kjærleg. Men regissør Lars Erik Holter sitt uttalte ønske i arbeidet med teksten: «å undersøke årsaka til at ein fjortenåring tar livet av seg» og sjå verda ut frå Hedvig, barnet, sitt perspektiv kjem ikkje heilt i mål.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s