Det Norske Teatret: BIENES HISTORIE

Publisert på shakespearetidsskrift.no i september 2020

Mona Huang som Tao i Bienes historie, som no blir strøyma til heile landet, også til skolar. Foto: Erik Berg.
foto Erik Berg

Alt heng saman

Maja Lundes Bienes historie på hovudscenen på Det Norske Teatret er blitt ein søt, bitter og somme stader noko sur musikal om håp i ei økologisk krise

Av Elin Lindberg

BIENES HISTORIE

Etter Maja Lundes roman. Dramatisert av Ingrid Weme Nilsen, songtekstar av Ola E. Bø

Musikk: Nils Bech

Regi: Erik Ulfsby

Koreograf: Cina Espejord

Scenografi: Even Børsum

Kostymedesign: Ingrid Nylander

Komponist og musikkprodusent: Nils Martin Larsen

Musikkprodusent: Bendik Hovik Kjeldsberg

Lysdesign: Torkel Skjærven

Strykearrangement: Kaja Fjellberg Pettersen

Dramaturg: Carl Morten Amundsen

Framsyninga er eit samarbeid med Den Norske Opera & Ballett

Det Norske Teatret, hovudscenen, 12.september 2020

Det er teatersjefen sjølv, Erik Ulfsby, som har regi på oppsetjinga som bygger på den verdskjente boka til Maja Lunde. Han har god styring på den store mengda menneske – dei er rundt 60 til saman – og alle elementa som er med. Regien er ryddig og effektiv. Det kan sjå ut som om det er livet i ein bikube som er modellen for korleis oppsetjinga er bygd opp. Her har alle sin eigen, klart definerte plass i heilskapen. Dei tre historiene vi finn i Maja Lundes roman er scenisk vevd saman. Dei blir spelte parallelt, utan at det er vanskeleg å følgje dei – og dette er godt handverk. Svakheita blir at når så mange karakterar skal med, får kvar og ein av dei så pass liten plass at vi ikkje kjem ordentleg inn på dei, dei blir sjablongar for oss. Dei fine dansarane frå Den Norske Opera & Ballett fortel og utvidar med dans dei same historiene. Balletten er med på å heve det sceniske arbeidet mange hakk. Dei gjev vingar og luft til stykket, som elles kunne blitt for monotont.

Tre historier

Dei tre historiene handlar om biologen William (Morten Svartveit). Ein noko tung og melankolsk kar som levde i England på 1850-talet. Han jobbar heile sitt liv med å teikne og planlegge ein ny type bikubar mens ein diger, svolten ungeflokk svirrar som bier rundt han. Det er dottera Charlotte (Nora Elise Augustinius) som er den sterke og føretaksame i familien. Ho tek teikningane av kubane med seg til USA. Ho er grandtanta til George (Pål Christian Eggen) som lever i notida vår og som heile sitt liv har arbeidd som birøktar og bygd bikubane sine etter den modellen Charlotte hadde hatt med seg frå England. Biedauden har nådd USA. Diverre ei heilt reell problemstilling. Det industrielle landbruket skapar monokulturar over store område. Insekta som er avhengige av variert planteliv for å leve, døyr ut. Det er verkeleg ei tragedie. Den tredje historia i romanen og oppsetjinga sitt univers, er om ein liten familie som lever i Kina i 2038 – altså ikkje så mange år frå vår eiga tid. Dei arbeider med å pollinere frukttre for hand. Verda dei lever i er hard og fiendtleg. Dei er fattige, den vetle sonen i familien, Wei-Wen, får ikkje gå på skole for å lære å lese. Mora Tao (Mona Huang) er den utrøyttelege pådrivaren for å finne ut kva som en skjedd med sonen etter at han på mystisk vis forsvinn. Lagnaden til Wei-Wen er både tragisk og det som gjev menneska i verda eit håp om at betre tider er på veg.

Økologisk perspektiv

«Biene dansar for å kommunisere», heiter det ein stad i stykket. Det at dansen er så godt integrert i stykket og at rørslene til alle karakterane er koreografert til å passe inn i heilskapen, understrekar at alt heng saman og at alt liv på jorda har sin viktige plass. Dette er tankar som er så godt innbakt i tankegangen til dei fleste i verda no – heldigvis – at dei ikkje på nokon måte er sjokkerande eller noko nytt. Dette er doxa. Men det er jo likevel ikkje mindre naudsynt å heile tida understreke kor viktig det er å gjenta og gjenta bodskapen om at vi må ta vare på jorda, på naturen, og på alt liv. Ei slik insisterande haldning på å formidle dette er absolutt viktig, men er det ein fare for at vi sluttar å høyre etter om formidlinga blir for monoton?

Kunnskap som motgift

På dreiescenen er det bygd ei stor, rund skive som har mange funksjonar. Opp frå skiva kan ein heise opp tre tårn som blir til tre med rosa trekroner som arbeidarane i 2038 kan pollinere. Bikubar ligg nedfelt i den runde flata, klare til å bli løfta opp av birøktarane. Rundt heile den digre skiva er det bokhyller fulle av bøker. Kunnskap er det som skal redde verda – det å kunne, det å vite og det å kjenne si historie. Over scenen heng ein stor, rund lyskonstruksjon. Det runde kan spegle det sykliske i naturen. Scenografien er like effektiv som historieforteljinga. Orkesteret sit på ein «scene» bak dreiescenen. Dei er synlege og til stades, og passar godt inn i heilskapen.

Noko monoton

Det er den framifrå musikaren Nils Bech som har laga musikken – eller han har laga utgangspunktet for det som er musikken. Det er komponist og musikkprodusent Nils Martin Larsen og produsent Bendik Hovik Kjeldsberg og Kaja Fjellberg Pettersen som også speler i orkesteret som har komponert vidare på Bechs utgangspunkt. Lydbiletet er likevel umiskjenneleg Bech sitt univers. Musikken flyt fint, men han blir kanskje litt vel monoton. Det er ingen verkeleg store musikalnumra i oppsetjinga. Somme stader blir songen diverre så sur at det er noko smerteleg å høyre på.

Relevans

Vi er vel alle noko leie og trøytte av den situasjonen vi er i med koronaepidemien. Vi gjer som vi får beskjed om – vi brukar handsprit og vaskar henda, vi held avstand, vi reiser ikkje meir enn det som er absolutt naudsynt. Bienes historie har ein klar koronarelevans. Som det heiter ein stad i stykket: «Skilde av tid og rom, likevel saman, for det som skjer med ein, skjer med alle». Slik er det no. Musikalen er svært føreseieleg og han er noko monoton, men det er mykje godt handverk her. Dansen er det som står som det sterkaste kunstnarlege elementet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s