Det Norske Teatret: Jon Fosse: NOKON KJEM TIL Å KOME

Publisert på shakespearetidsskrift.no september 2019

Nokon-kjem-til-å-kome4.jpg
foto Dag Jenssen

Ingenting er ingenting

Nokon kjem til å kome i Kai Johnsens regi under Den Internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret er mørk, klaustrofobisk og veldig, veldig stille. Stykket får smått eit thrillerpreg samstundes som det er eit eksistensielt drama. Framsyninga er sitrande intens, sjølv om nokre parti midtvegs blir i tregaste laget.

 

Av Elin Lindberg

 

Jon Fosse: NOKON KJEM TIL Å KOME

Regissør: Kai Johnsen

Scenograf og kostymedesignar: Erlend Birkeland

Komponist: Henrik Hellstenius

Lysdesignar: Torkel Skjærven

Dramaturg: Carl Morten Amundsen

Det Norske Teatret, scene 2, 12.september 2019

 

I Jon Fosses Nokon kjem til å kome er det som om dei to karakterane – som til og med er avkledde namna sine – søkjer å kome inn til ei kjerne av klårt og reint liv. Dei søkjer ei indre ro, åleine saman, men verda med all materialiteten sin, menneska sine, tankar, daud og forderving viser det seg umogleg å flytte frå. Naturen sjølv står og flirar rått av desse to naive menneska, han trykker både trivialitetar, æve og daud opp i trynet på dei gjennom det evige havet og den stinkande dauden. Kai Johnsens oppsetjing er så presis og finslipt minimalistisk at kjensla av desse kontrastane søkk i oss.

 

Genesis

Kai Johnsen har ofte fått æra for å ha oppdaga Jon Fosse som dramatikar – ære vere han for det! No blir Fosse sett opp over heile verda – og Det Norske Teatret er den perfekte staden for ein Fosse-festival – eg håpar det blir fleire! Nokon kjem til å komme (som stykket heiter frå Fosse si hand) blei skrive i 1992 og er det første teaterstykket hans. Det hadde uroppføring på Det Norske Teatret i 1996, Otto Homlung hadde regi. Johnsen har sett opp ei mengd Fosse-stykke, men altså ikkje dette før no. I stykket møter vi Han og Ho som har kjøp seg eit gamalt hus, langt frå folk på ein aude stad attmed havet. Her skal dei bu, her skal dei vere saman.

 

Mørkret

Starten på framsyninga er som ei opphavsforteljing: i byrjinga var det inkje, ikkje lys. Dei fleste opphavsforteljingar startar slik. Det er eit fint grep å starte med ein heilt mørk scene, og tvære dette mørket ut slik at orda – og dermed menneska kjem i framgrunnen. Det er jo ikkje noko her, berre liv, ikkje nokon materielle ting. Men tinga kjem snikande på etter kvart som det blir litt lys. Vi tvingast til å sjå realitetane. Vi ser Ho (Birgitte Larsen) med det lyse håret, det raude skjørtet, den grå jakka, vi ser Han (Joachim Rafaelsen) i mørke klede. Vi ser lyset som skin på dei. Vi ser den materielle verda. Dei to vil ikkje ha alt dette andre, alle dei andre menneska, alt styret og ståket, all støyen verda og menneska skapar. Dei vil berre vere toeine. Men verda trengjer seg på, mellom anna gjennom den invaderande Mannen (Ola G.Furuseth).

 

Thriller

Det er så stilt, så stilt på Scene 2 på Det Norske Teatret under framsyninga. Det er så ein mest ikkje tør røre seg. Vi høyrer alle lydar rundt oss. Der fell noko i golvet ein stad bak oss. Der flyttar nokon på seg i setet eit par rader framfor oss. Der smyg skurret og dei monotone tonane frå Henrik Hellstenius’ sin utmerka scenemusikk seg inn. Stilla er skjerpande på eit vis, men om ikkje intensiteten er til stades absolutt heile tida kan ho bli noko søvndyssande. Mannen som kjem utanfrå er trugande. Denne mannen som kjem utanfrå finst i fleire Fosse-stykke, ofte blir han framstilt noko tusseladd-aktig – mellom anna i Laurent Chétouanes flotte versjon av Natta syng sine songar på Nationaltheatret tidlegare i år. Ola G. Furuseth blir like tiltrekkande som han er inntrengande her. Han blir ein verkeleg trussel. Han minner smått om den legendariske Anthony Perkins som Norman Bates i Alfred Hitchcocks film Psycho. Det er noko forstyrra over han, samstundes som han sjarmerande. For han er det at nokon kjem til å kome ei gladsak, i motsetning til kva det er for Ho og Han.

 

Naturen

Den japanske regissøren Motoi Miura som også viser versjonen sin av Nokon kjem til å kome under Fossefestivalen, sa under ein samtale som var ein del av sideprogrammet på festivalen at Jon Fosse skriv natur. Han meinte at han ikkje skildrar naturen, men har naturen nærmast som ein underliggande karakter i stykka sine. Naturen står i staden for Gud, eller kanskje naturen er Gud i stykka. Miura samanlikna òg stykka med Noh-teater som han sa alltid hadde dauden i midten. I Nokon kjem til å kome blir dauden svært nærverande når Ho og Han kjem inn i soverommet til kvinna som budde og sannsynlegvis døydde i huset dei no har kjøpt. Det står ei potte under senga, halvfull av rote piss. I denne reinska og reine framsyninga står dette fram som hesleg og kvalmande. Dauden blir stinkande og nærverande. Forfallet er rundt dei. Forfallet innvaderar dei. Havet som dei ser utover på blir ei trøyst, det blir noko vakkert og reint, ei æve å kvile i.

 

Sceneverda

Erlend Birkeland står for scenografien. Rommet er nærmast tomt i store delar av framsyninga. Eit stort kasse-aktig element, som ein stor husvegg, dyttar skodespelarane brutalt framover på scena. Veggen er i tre, det liggande panelet er raudt og malingslite. Det at skodespelarane får stadig mindre plass å spele på verkar klaustrofobisk. Det materielle trengjer seg på med all mogleg tydelegheit. Det store sceneelementet understrekar kor makteslause og små menneska er i møte med dei fysiske realitetane vi står opp i mot og er ein del av. Verken stykket eller Johnsens versjon kjem med nokon konklusjon. Menneska har kanskje akseptert både den trivielle og den eksistensielle sida av verda, eller held dei berre framleis på med søkinga si?

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s