Det Norske Teatret: Jon Fosse: LEVE HEMMELEG

Publisert på Shakespearetidsskrift.no september 2019

20190828-dnt-levehemmelig-0096
Foto Dan Jenssen

Lunt og skakt Fosse-univers

I Leve hemmeleg under Den internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret er menneska på campingtur ein stad i verda. Dei strevar rørande med å kommunisere med kvarandre. I Trine Wiggens regi kjem òg noko av humoren i tekstane fram.

 

Av Elin Lindberg

 

 

Regissør: Trine Wiggen

Scenograf og kostymedesignar: Ingrid Tønder

Musikk: Ingrid Jørgensen Dragland

Musikalsk konsulent: Ståle Sletner

Dramaturg: Elin Amundsen Grinaker

Det Norske Teatret, scene 3, premiere 8.september 2019

 

Menneska i Leve hemmeleg gjer det dei kan for å nå inn til kvarandre, men orda dekkjer ikkje det dei ønskjer å seie. Det er nettopp dette Fosse er så god til å formulere, det umoglege i at orda skal uttømme alt, det at det alltid er ein rest der ein ikkje klarar å setje ord på. Leve hemmeleg i Trine Wiggens regi får òg fram noko av humoren som ofte ligg som ei mørk underjordisk elv i Jon Fosse sine tekstar.

 

På campingtur

På scenen er det campingmøblar frå 70-talet. Stolar, solseng og krakkar med fargerike mønster og eit spinkelt campingbord med ein raudvinskartong på. Eit lite telt. Ein badestamp. Nokre plastjuletre som ein liten skog. Kontrabass og eit lite trøorgel. Vi er på tur ein eller annan stad, ikkje heime hos nokon. Vi er ein stad utanfor det vanlege kvardagslivet, lausrive på eit vis. Ventar vi på nokon? Det er noko litt beckettsk over denne staden. Menneska kjem inn på scenen – kvar kjem dei frå? Kvar går dei når dei går av scenen? Vi er ein eller annan stad. Vi er her akkurat no, og vi er her for 40 år sidan – det er noko tidlaust over det heile.

 

Tekstmosaikk

«Leve hemmeleg» er ein tekst frå Kortare stykke som kom ut i 2011. Dei 13 tekstane som blir brukt i stykket er frå ulike utgjevingar, nokre er songar, andre dikt og dialogar. Dei er laust sette saman, det er inga heil historie, det er scenar og opptrinn, songar og samanstøyt. Skodespelarane har forskjellig alder – dei blir representantar for livet knytt til forskjellige livsfasar. Gina Bernhoft Gørvell framfører tittelteksten som den unge kvinna. Ho er røft og noko androgynt kledd i vid shorts, genser og converse-sko. Ho spelar dotter og ho spelar ei energisk, sjølvstendig ung kvinne. Kanskje minner ho om ein ung Jon Fosse der ho røykjer, tar seg ein snus og heller innpå med raudvin. Her er ho no, men ho er òg veldig på veg ein eller annan stad som ho sjølv kanskje ikkje veit om.

 

Fosse i alle aldrar

I andre enden av livet er Per Schaaning. Han kjem inn i rullestol som ein gamal mann. Er vi på eit eldresenter? Han blir bada av Hildegunn Riise og Heidi Gjermundsen Broch – er dei pårørande eller er dei pleiarar? Riise har røynsle frå mange Fosse-stykke. I Leve hemmeleg har ho og Schaaning har ein av desse Fosse-dialogane der dei prøvar og prøvar å få grepet om orda slik at dei kan dekkje det dei vil seie, men dei maktar det ikkje. Dei kjem til kort og snakkar forbi kvarandre. Det er smerteleg. Skodespelarane er ganske stilleståande eller stillesitjande i arbeidet med dialogane. Det understrekar det at dei på ein måte ikkje kjem nokon veg med snakket, men det gjer òg at framsyninga stoppar opp og blir litt vanskeleg å køyre i gang att etter dialogen.

 

Det uthaldeleg lette livet

Musikk dukkar opp, men tar ikkje over stykket. Det er som songar rundt bålet, lett og ledig. Gard Skagestad spelar bass, Morten Svartveit orgel – og sag! Ingrid Jørgensen som står for musikken, spelar ukulele. Både Heidi Gjermundsen Broch og Gina Bernhoft Gørvell syng godt.

Morten Svartveit spelar den øltørste friaren til mora til den unge jenta spela av Gina Bernhoft Gørvell. Teksten er frå stykket Telemakos frå 2004. Her ventar sonen Telemakos – som altså her er ei dotter – på at Odyssevs skal kome heim. Mora Penelope (Heidi Gjermundsen Broch) er ute for å handle alkohol. Karakteren til Svartveit er brutalt uskikka som vaksen farsfigur. Måten han snakkar med dottera til Penelope på er noko karikert, men likevel nesten i nærleiken av eit overgrep. Han fortel barnet om kor deilig han synest mora hennar er. Han fortel om kva for ein dust faren hennar er. Han vil ha henne til å drikke øl med seg. Det er ein så hjarteskjerande håplaus vaksenoppførsel.

 

Åleine saman

Menneska i denne campingverda har så evig nok med seg sjølve. Dei strevar med å halde seg oppe. Det er rørande. Replikker som inneheld «åleine saman» finn ein i fleire Fosse-tekstar, i Leve hemmeleg kjem også desse orda opp. Dei vandrar rundt saman, dei er kanskje til og med på ferie saman, dei er i utgangspunktet nære kvarandre, men dei er så åleine, så åleine.

Leve hemmeleg er sjarmerande, framsyninga får fram også det irriterande i at Fosse-karakterane slit så med å snakke med kvarandre. Stykket lausriv tekstane frå tid og stad – til slutt er det som om vi endar ein stad i Melkevegen – langt ute i galaksen vår – og assosiasjonane går til karakteren David Bowmans replikk i slutten av 2001- ein romodysse: «My God – it’s full of stars!»

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s