Det Norske Teatret: MACBETH

Publisert på shakespearetidsskrift.no september 2018

_foto_erika_hebbert.jpg
foto Erika Hebbert

Noko monoton Macbeth

Trass i stilig scenografi, gode kostymar og fine skodespelarar får ikkje oppsetjinga heilt fram tragedien i stykket

 

Av Elin Lindberg

 

William Shakespeare: MACBETH

Omsetjing: Edvard Hoem

Regi: Peer Perez Øian

Scenografi og kostymar: Etienne Pluss

Lys: Kyrre Heldal Karlsen

Koreograf: Magnus Myhr

Komponistar: Ole Alexander Halstengård (Ulver), Tore Ylvisaker (Ulver) og Ole Henrik Moe

Dramaturgar: Anders Hasmo/Matilde Holdhus

Det Norske Teatret, Scene 2, premiere laurdag 1.september 2018

 

Dette er William Shakespeares kortaste stykke og det er myteomspunne. Det blir helst kalla Det skotske stykket av teaterfolk – det skal vere ei forbanning over det. Somme seier at det er fordi Shakespeare nytta ekte trolldomsformularar i replikkane til heksene og at berre ekte hekser kunne ha desse rollene.

 

Stykket: Vi er i Skottland og vi møter generalen og hærføraren Macbeth. Han har leda og vunne eit stort slag mot irar og nordmenn for kong Duncan. På veg til sigersfesten møter Macbeth og medgeneralen og venen hans Banquo, tre hekser. Dei kjem med spådommar om at Macbeth skal bli konge. Lady Macbeth får høyre dette og får blod på tann. Ekteparet myrdar kongen og alle som kjem i vegen for dei. Og kva skjer i slutten av ein tragedie? Jau, nokon og ein kvar kjem til å døy.

 

Vilje til makt

Mykje dramatikk er i slekt med dette stykket. Al Pacinos karakter i filmen Scarface er i slekt med Macbeth. Kanskje karakteren Walter White i serien Breaking Bad også. For ikkje å gløyme serien House of Cards, der ekteparet Underwater kjempar seg fram til presidentembetet. Macbeth kan sjå ut som ein triveleg kar, men han er ein krigar – han er trena opp til å drepe. Kona hans manipulerer og eggar til kamp – som ei norrøn skjoldmøy eller som kona til presidentkandidaten. Det er vanskeleg å ikkje ha desse referansane i bakhovudet når ein ser stykket, sjølv om dei kanskje ikkje direkte kan knytast til regikonseptet til Peer Perez Øian.

 

I forkant av stykket er det ein premieresamtale mellom regissøren Peer Perez Øian og Jo Nesbø fordi dei begge har jobba med Macbeth-stoffet. Noko annan samanheng er det ikkje mellom dei to. Det er himmelvid skilnad på uttrykka deira. Nesbø har skrive ein røvarroman (med noko eg ikkje klarer la vere å tenke har eit Donald Duck-preg) som han friskt og freidig har kalla Macbeth, romanen har ikkje noko med Perez Øian si oppsetjing å gjere. Peer Perez Øian seier i samtalen i Bikuben: «Macbethane er friske, for dei blir sjuke av det onde de gjer». Kanskje ligg noko av problemet i oppsetjinga her – er dei for friske og for lite farlege? Blir dei for kvardagslege? Det er ekteparet Macbeth Perez Øian har i fokus. Dei andre karakterane blir sjablongar og ikkje særleg heilstøypte.

Preben Hodneland speler Macbeth og Ingeborg Sundrehagen Raustøl speler kona hans – dei er framifrå skodespelarar begge to, men det spørst om dei har nok faenskap i seg – eller får brukt han nok – til å fylle desse rollene heilt. Spenninga som ligg i reisa frå kimen som heksene sår om framtidig makt, til Macbethane er konge og dronning, kjem ikkje heilt fram.

 

Rommet

Scenografien er stilrein, men han hadde nok fungert endå betre på ei større scene. Sceneopninga og speleområdet på golvet er ramma inn av lysrøyr. Golvet er blankt og gullfarga, skodespelarane kan spegle seg i det. Ei brei svart «trapp» går opp til sceneopninga. Sceneteppet er laga av skinande, svarte remsar. Det ser flott ut og gjev ei kjensle av overklasse og aristokrati – samstundes som det harde og reine uttrykket peikar mot det militærregimet dette er. Eit problem er at det glatte, flate golvet ikkje gjev så mange moglegheiter for rørsler for skodespelarane. Dei står eller sit på huk – det finst scener der dei kryp òg. Men det heile blir no og då nokså statisk.

 

Kostymane er gode. Menna har stilige dressar med skotske ruter, kvar og ein i sitt eige snitt – alt frå det som minner om 30-tals-, 60-tals- og 80-tals-snitt – det er vår tid samstundes som det ikkje heilt er det. Det understrekar den tidlausheita som finst i stykket. Heksene (Mari Charlotte Soland, Paula Meriles og Linnea Svinndal) er dansarar med struttande tutu-aktige drakter. I kjolane til Lady Macbeth er det trekk frå heksene sine kostyme – det er smart og vellukka. Det knyt henne til kreftene som ligg meir inni ho sjølv enn hos dei overnaturlege heksefigurane.

 

Lydbileta fungerer godt. Det gjev hint som noko som minner om skotsk folkemusikk i starten. Hint av «ball-room-musikk» gjev assosiasjonar til britisk aristokrati. Heksene sine stemmer kjem på voice-over i ein fleirstemmig stemmemiks – det understrekar at dei mest av alt er ein fantasi.

 

Historia om eit ekteskap

Stykket, og Perez Øian sitt fokus, er eit portrett av eit ektepar. Dei har ikkje nokon barn, det er mogleg dei har mista eit. Dei har eit nytt livsprosjekt: dei er eit team som skal opp og fram, koste kva det koste vil. Slik minner paret Underwater frå House of Cards på desse. Dei kjenner kvarandre, i motsetnad til paret frå House of Cards svik dei ikkje kvarandre, men bruker alle middel for å nå målet. Dei lever med krig og død rundt seg. Liva deira er eigentleg truga til ei kvar tid – kvart sekund er eit memento mori – denne livsfara dei lever i kjem ikkje så godt fram på Scene 2 på Det Norske Teatret. Når Macbeth hallusinerer og går frå vitet under sin eigen kroningsfest fordi han har fått sin næraste ven Banquo (Petter Winther) drepen, er dette ein svært kritisk situasjon. Lady Macbeth støttar ektemannen og søkjer å glatte over hendinga for gjestane som er framståande adelsmenn dei er avhengige av. Kvifor blir ikkje denne situasjonen meir trugande? Alt står jo på spel her. Det kunne kanskje vore meir dynamikk i spelet mellom ektefellane. Båe er dei konkurransemenneske og krigarar – kvifor kjem ikkje kampen mellom dei meir til syne?

 

Kva er ein helt?

Edvard Hoem si gjendikting er framifrå. Ho er stilsikker og replikkane flyt godt. Og ho gjer det lett å fylgje historia. For dette er også ei form for forteljarteater. Det er ei ur-historie om eit menneske og vegen til makt. Som tilskodarar treng vi å få etablert ein slags sympati med hovudpersonen for å la han bli helten vår. I samtalen før premiera held Jo Nesbø fram kong David frå Bibelen som ein slik heltefigur. Han blir i starten hylla som ein sigerherre etter kampen mot Goliat. Heltestatusen er etablert når han gjer den grufulle handlinga der han sender Urias ut i krigen for å bli drepen fordi kong David vil ligge med kona hans. Vi forsøker så godt vi kan å halde med David. I første akt blir Macbeth presentert som ein framifrå general som reddar folket sitt frå å bli slakta ned og valdtekne av ville nordmenn og irar – han er ein stor helt. I versjonen til Det Norske Teatret er det ikkje heilt lett å sjå denne storheita bli etablert, derfor slit vi med å ha han som helt gjennom stykket.

 

Makt korrumperer

Macbeth er eit mørkt stykke. Men som i fleire andre av Shakespeares stykke er det rom for folkeleg komikk også her. I scena med ein drita full portvakt (Per Schaanning) er det uklart om dette er meint som buskishumor, ein utnyttar ikkje fullt ut det som kunne vore kvesst til komikk eller utvida rommet her.

 

I avslutninga kunne alt ha stabilisert seg – ha gått frå kaos til orden – ved at Duncans son Malcolm (Joachim Rafaelsen) no er blitt konge. Men oppsetjinga rommar seiinga «makt korrumperer». Det vetle klirret i Malcolms våpen til slutt minner oss på at maktkampen aldri endar.

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s