
Publisert Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 2-2013
Solid regidebut
Lun oppsetjing der komedien og dei små tinga i livet får størst plass.
Av Elin Lindberg
Samuel Beckett: MENS VI VENTAR PÅ GODOT
Omsett av Åse-Marie Nesse og Halldis Hoaas
Regi: Bjørn Sundquist
Scenograf og kostymedesignar: Bård Lie Thorbjørnsen
Riksteatret, 3.oktober 2013
Dette er Bjørn Sundquist si første oppsetjing som regissør. Han har greidd jobben godt.
Oppsetjinga er ikkje på nokon måte nyskapande. Ho er tru mot teksten og omsetjinga til Åse-Marie Nesse og Halldis Hoaas. Denne blei òg brukt då Teater Innlandet sette opp stykket i fjor. På same måte som Teater Innlandet si oppsetjing er denne òg tru mot resepsjonshistoria til stykket. Her møter vi dei gamle gubbane i dei same skitne kleda som dei brukar å gå med i oppsetjingar av dette stykket – utan at det ligg klare føringar om det i teksten til Beckett. Ein fare ved denne tradisjonelle kostymeringa er at desse figurane i staden for å bli tidlause blir så til dei grader ein del av ein teaterkonvensjon at dei mistar kontakten med notida. Dei kan bli teaterkarakterar som går og går, ventar og ventar, i si eiga historiske boble.
Du er den du er
Det er noko jordnært over Sundquist si oppsetjing. Dei store, abstrakte eksistensielle spørsmåla er kanskje ikkje så synlege. Eller dei blir ein del av møtet med dei små tinga som livet er fylt av – og som skodespelararbeidet er fullt av. Det handlar om sko som gneg, hattar som klør og kroppen sine skavankar. Brørne Jan og Stein Grønli gjer framifrå figurar som Vladimir og Estragon. Det er tydeleg at Sundquist har vore ein god personinstruktør. Spelet er dynamisk, levande og jordnært – skodespelarane er dei dei er. Vladimir/Didi er forma som ein lett person og Estragon/Gogo er noko tyngre i grunnstemning. Didi løftar blikket og ser på landskapet, medan Gogo konsentrerer seg om gjørma under føtene sine.
Stein og tre
Scenebiletet er òg tru mot tradisjonen. På scena ligg ein stein og det står eit tre her. Bakre del av scena skrår litt oppover. Røyken som blir brukt skapar ei avgrensing av verda til figurane. Finst det noko meir enn dette? Er dette alt? Stein, tre og menneske. Det kan sjå ut som om Vladimir/Didi og Estragon/Gogo på ein måte har funne seg til rette med at det er berre slik det er. Det har alltid vore slik og ingenting kjem til å endre seg. Det meiningslause er konstant. At dei ventar på denne Godot held på ein måte livsgneista oppe, på den andre sida bryr dei seg eigentleg ikkje så mykje om Godot i denne oppsetjinga – fokus er uansett på her og no.
Absurditetar og buskis
Dei to karakterane Pozzo (Duc Mai-The) og Lucky (Sigmund Sæverud) er på gjennomreise på scena. Det absurde ved desse karakterane og livet deira blir dyrka fram i denne oppsetjinga. Eg har Robert Skjærstad sin versjon av Lucky fersk i minne frå oppsetjinga til Teater Innlandet og det skal mykje til å toppe han. Sæverud gjer Lucky sin monolog bra, han gjer det absurde i han logisk og kvasiintellektuelt. Det blir buskis av det, men ganske god buskis. Teksten refererar til forfattarstorleikar som ”Pikken og Fittland” og framføringa får eit gjøglarpreg. Det er greitt nok, men Skjærstad si framføring av denne monologen i Teater Innlandet si oppsetjing var likevel heilt i særklasse. Han makta å gjere dette til heilag galskap, til noko som opna opp for verkeleg eksistensielle djup – ikkje berre på grunn av teksta, men òg på grunn av den tungetaleaktige krafta ho vart framførd med. Det var sinnssjukt, vanvitig og skræmande. Det djupt og smertefulle servile som Skjærstad òg hadde med seg inn i Luckykarakteren sin kjem ikkje like godt fram i Sæverud sin versjon.
Skjærstad er med i denne oppsetjinga òg. Han spelar guten som kjem med bod frå Godot. Vel, denne guten som kjem inn to gongar er ikkje den same – det er to brør. Det er fint og absurd. Skjærstad spelar servilt inntil det aggressive.
Komedie
Teksten frå Samuel Beckett si hand er ein tragikomedie. I denne oppsetjinga er det komedien som kjem mest til uttrykk. Gubbane på scena kallar fram latter frå publikum. Dei tek på seg rolla til narren. Narren er ein arketypisk figur. For han finst det ikkje noko anna enn her og no. Han ber ingenting med seg, han eig ingenting. Narren har tiltru til livet og han har tiltru til dauden. Trass i mørkret som omgjev scena blir det dette lette og lyse som narren bringer med seg som pregar oppsetjinga.
Teksten bringer òg med seg bølgjer av historie. Han har referansar til historisk litteratur. Det er kanskje like mange referansar til Bibelen i denne oppsetjinga som i Det Norske Teateret si oppsetjing av Bibelen der Sundquist spelte Gud og Jan Grønli spelte Lucifer for nokre månader sidan. Det ligg lag på lag av meining i framstillinga av det meiningslause.
Denne oppsetjinga er best på dei små flatene. Nokre av scenane kunne kanskje hatt betre oppbygging. Her er alt ved det same. Tida går, men Didi og Gogo blir ståande og Sundquist og ensemblet hans sin versjon av Mens vi ventar på Godot veks etter teppefall. Framsyninga er minneverdig.