Det Norske Teatret: VI HAR SÅ KORTE ARMAR

Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift

Tru og tvil, sårbarheit og skam

Grei oppsetjing med Olaug Nilssen sin tekst i hovudrolla

AV ELIN LINDBERG

Olaug Nilssen: VI HAR SÅ KORTE ARMAR

Regi: Marit Moum Aune

Dramaturg: Ola E. Bø

Scenografi/kostymedesignar: Milja Salovaara

Med: Audun Sandem, Marianne Krogh, Silje Storstein, Niklas Gundersen, Kristin Grue

Det Norske Teatret, 10.mars 2011

 

 

 

Skodespelarane gjer ein framifrå jobb, regien er tett og god, det sceniske rommet fungerer greitt, men alt dette blir i grunnen berre bakgrunn for  den verkelege hovudrolla i denne oppsetjinga: Olaug Nilssen sin tekst. Ein slags postmoderne eller oppdatert  versjon av Arne Garborgs Bondestudentar. Den er rørande og humoristisk.

Olaug Nilssen sin roman Vi har så korte armar med undertittelen ”Tilstandsrapportar” kom ut i 2002, Nilssen står òg for dramatiseringa. Teksten er samansatt av ulike stemmer, vi møter Liv og Ølgjer som kjem frå bygda Skuggedalen og er unge studentar i Bergen. Vi møter òg eit kor av eit ”Vi” som Liv og Ølgjer spelar med og mot. ”Vi” kommenterar dei to og har ein slags sladderfunksjon.

 

Vi veit best! Det har vi alltid gjort… Vi er dei jentene som drikk rødvin og ler høgt. Vi får ikkje blå tenner og slørete blikk, men vi drikk rødvin og ler høgt og tykkjer samtidig at studia våre er interessante. Vi slit ikkje. Det er ingen som ser oss når vi sit og har det interessant med bøkene våre. Vi drikk berre rødvin og ler høgt, og vi synest ikkje det er kjedeleg å lese, vi les utan å vite at vi har brukt tid på det, og så drikk vi rødvin og ler høgt eller ligg og solar oss utan å tenke på at no skulle vi ha gjort noko heilt anna.

 

Vi får sidestilte snuttar frå det ungdommelege studentlivet og frå oppveksten i Skuggedalen. Både Liv og Ølgjer er to sårbare unge menneske med tvil og tru på seg sjølve. I sceneversjonen er eit kjerleiksforhold mellom Liv og Ølgjer meir framheva enn i romanteksten. Tittelen kjem frå Ølgjer si utsegn om at han så gjerne vil bli nådd, men ikkje trur at nokon har lange nok armar. Ølgjer studerer filosofi og litteratur, han skriv dikt og er ein lærd ung mann. Liv studerer òg litteratur og i romanen verkar ho svært oppegåande intellektuelt , men i oppsetjinga gjer ho ikkje det. Det er synd.

 

Rom og roller

Rommet er dominert av eit stort, blått rektangulært objekt som er meint å representere den blå steinen som ligg på Torgallmenningen i Bergen. Denne skulpturen som er laga av Asbjørn Andresen, ligg sentralt i byen og den mykje lettare kopien av steinen som ligg sentralt  i teaterrommet markerar at staden vi ser verden frå i stykket er av urban karakter. Over ”steinen” heng ei stor lampe laga av raudvinsflasker. Rommet er fylt av ein liten porsjon med skodde når vi kjem inn i rommet. Det er greitt, men har noko litt overtydeleg over seg. Dei fem aktørane er kledde i ullundertøy og ullsokkar. Dei har handdukar på hovudet og solbriller, dei er avslappa og spelar så kule dei berre kan. I det heile teke er det å spele roller vesentleg i oppsetjinga. Roller knytt til kjønn og til kven ein vil vere. Teksten har eit stort teatralt potensial som blir utnytta godt. Rollene knytt til by-land-problematikken gjer at parallellane til Garborgs Bondestudentar (1883) tydeleggjerast:

 

Han lagde dusken bak; lagde dusken fram; lagde dusken midt på aksli; nei. Det vart ikkje den rette svingen. Og frakken, – frakken sat, som alle frakkane hans hadde siti. Han såg ikkje ut som student. Han var ikkje student. Han var ein forklædd bonde. (…) Alle dei unge bystudentane som kom strukande fine og lette som fuglar i sol og bar duskeluva so flott og fjongt som ho skulde vera støypt til deim (…) Dei fleste (…) var folk med store plattyske namn, og med dette særskilde fine lag, som Daniel hadde undra seg yvi i alle sine dagar.

 

Sjølv om dagens bondestudentar kanskje har noko meir sjølvsikkert over seg, er det noko i tonen her som kling interessant saman med Nilssens tekst.

 

 

Det ureine, språket

Romanen er ein urein tekst, ein hybrid. Her er det mange forskjellige slag språk og sjangrar: Byråkratisk språk, dagboksnotat, salmar, bokmål, nynorsk, engelsk, høgt og lågt. Sceneversjonen miksar òg språk og stil, men har ikkje same ureine kraft som romanen. Dramaet verkar litt snillare og dempa samanlikna med romanen. Oppsetjinga utnyttar ikkje det rufsete preget som romanteksten har, i så stor grad. Ho flyt fint, og er underhaldande, men ho ruskar og riv ikkje så mykje som Nilssens tekstar ofte gjer.

Olaug Nilssen har produsert tekstar i mange sjangrar. Ho har skrive fleire romanar, essays, ho var, saman med Gunnhild Øyehaug ,redaktør for det framifrå, no dessverre nedlagde og djupt sakna, tidsskriftet Kraftsentrum. Ho var svært tidleg ute som bloggar. Skrifta hennar er full av sleivspark i alle retningar, og av humor av mange slag. Eg føler meg aldri heilt trygg når eg les ho, men eg ler høgt og ofte. Sleivsparka går òg i retning språket sjølv. Nilssen kallar seg personleg nynorskbrukande kvinne og ein innbitt likegyldig (ikkje likesæl) nynorskbrukar.

Både drama og roman seier noko om rikdommen som ligg i det å ha to språkformer. Og dei seier noko om det doble synet vi har på språk i Noreg. Vi kan i teorien snakka den dialekten vi vil, men ikkje alltid i praksis. Vi har ein tilsynelatande dialektaksept. Det er nokre dialektar som sjåast på som finare enn andre. Og det heftar framleis ei rekke fordomar ved mange dialektar. Stykket tematiserer det å bli definert ut i frå den dialekten ein snakkar.

Silje Storstein som spelar Liv, spela Julie i Romeo og Julie på Trøndelag Teater i fjor i Marit Moum Aunes regi. I Vi har så korte armar er det montert inn ein Julie-monolog, det kler den collagen som oppsetjinga er. Her er det språket, dialektane, nynorsken som tematiserast. Liv sit øvst på ”steinen” med ein sovande Ølgjer framom seg. Ho spelar som ei Julie. Teksten hennar handlar om korleis språket skapar grenser og definerer verda. “What’s in a name? that which we call a rose, By any other name would smell as sweet” heiter det hos William Shakespeare.

 

Skam og tru

Skam er eit viktig tema i stykket. Det set det lattervekkande i relieff. Liv og Ølgjer har ei fundamental skamkjensle. De er prega av å vere utilpass og ei kjensle av at absolutt alt er feil med dei.

Stykket seier òg noko viktig om kor djupt den kulturelle bagasjen frå barndomen sit. Liv og Ølgjer kjem frå den ganske homogene bygdekulturen i Skoddeheimen der kristendomen har sterkare røter enn i urbane strøk. Salmane og det religiøse språket blandar seg inn om ein vil eller ikkje. Det handlar ikkje så mykje om tru og religion som om det religiøse uttrykket som sit som spikra på kross og tvers gjennom språket.

Oppsetjinga er ikkje uinteressant og eg ser fram til fleire oppsetjingar med ei endå meir dramatikarmoden Olaug Nilssen.

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s