Det Norske Teatret: DETTE BARNET

Publisert på shakespearetidsskrift.no

foto_dette_barnet
foto Fin Serch Hansen

Av jord er du komen

Rom og objekt speler ei stor rolle i denne særeigne tolkinga av ein brutal scenetekst om familierelasjonar

 

Av Elin Lindberg

 

Joël Pommerat: DETTE BARNET

Omsetjing: Tove Bakke

Regi: Jon Tombre

Scenograf og kostymedesignar: Lawrence Malstaf

Lysdesignar: Per Willy Liholm

Komponist: Amund Sjølie Sveen

Dramaturg: Anders Hasmo

Det Norske Teatret, Scene 2, norgespremiere 5.april 2019

 

Korleis skaper omgjevnadane eit menneske? Kven skaper mennesket? På Scene 2 på Det Norske Teatret står fire bord på scena, golvet er dekt av plast. Ein arbeidar/kunstnar (Espen Løvås) kjem inn. Han startar arbeidet med å støype eit barnehovud av sand. Her koplar oppsetjinga seg på ei mengde mytologiske forteljingar. Både i Bibelen og i Koranen skaper Gud mennesket av leire. Det gjorde òg den greske guden Prometheus, og Mary Shelley viste kor galt det kan gå når mennesket sjølv forsøker på det same i boka Frankenstein med undertittelen Den moderne Prometheus. Det er lett å lese inn referansar til Shelley i det laboratorieaktige rommet vi møter her.

 

Brutale historier

Stykket Dette barnet (Cet Enfant) er skrive av den franske regissøren og dramatikaren Joël Pommerat.  Han blei i 2002 spurt av ein barnevernsinstitusjon i Calvados i Normandie om å skrive eit teaterstykke om det å vere forelder. Han tok utgangspunkt i ei boligblokk i dette distriktet – ikkje ulikt det Frode Grytten gjorde med «Murboligen» i Odda i Bikubesong. Pommerats stykke er nok likevel meir dokumentarisk enn Gryttens prosjekt, stykket skal vere basert på intervju med familiar. I 2006 fekk Pommerat den franske kritikarprisen for stykket som er spelt i ei rekke land, både på familieverninstitusjonar og teaterscener. Dei ti delane i stykket gir innblikk i harde levevilkår. Dette er sosialrealisme frå Frankrikes gule-vestar-område. Her er det mykje sosial naud. Stykket viser oss ei hard verd der ingen familierelasjonar er gode.

 

Det motsette prosjekt

Jon Tombre er kjend for å gje tekstane han jobbar med teatral motstand, det gjev han teksten her òg. Han stryk det sosialrealistiske tekstmaterialet mothårs og møter det på ein måte frå motsett side. Eit døme er der to kvinner (Kyrre Hellum og Espen Løvås) er innkalla av ein politimann (Gard Skagestad) til sjukehuset for å identifisere eit lik som kanskje er sonen til den eine av kvinnene. Ein djupt tragisk og smertefull situasjon. Scena blir fylt med latter og fjas, skodespelarane ler og tullar så overflatisk som berre det. Men tragedien kjem likevel gjennom med dette særeigne grepet.

Mange av historiene er fulle av smerte. Den gravide kvinna (Ragnhild Meling Enoksen) fortel i rasande fart om kor god mor ho skal bli for barnet sitt: «og eg skal ikkje slå barnet mitt / aldri i livet løfte ei hand mot barnet mitt / når det gjer noko gale, skal eg roleg forklare kva ein gjer og ikkje gjer / eg skal vere tolmodig / eg skal forandre meg, for barnet si skuld». Det at ho berre rasar gjennom teksten utan å legge vekt på noko, eller legge meining i orda, gjer at vi oppfattar ho som eit menneske som totalt manglar sjølvrespekt. Orda kjem frå henne, men har inga tyngd eller verdi. Ho blir eit menneske, ei kommande mor, som ikkje kjenner seg verdt noko som helst. Eller oppsetjinga tillegg ikkje det ho seier nokon verdi, og gjer ho verdlaus. Det tragiske i dette kjem fram gjennom dette teatrale grepet.

 

Objektteater

Ein kan kanskje sjå på denne oppsetjinga som laboriatorieteater, i slekt med Jerzy Grotowskis teater på 1960- og 70-talet, men det er kanskje like fruktbart å sjå på ho som objektteater. Rommet og objekta speler ei stor rolle her. Skodespelarane er ofte underordna det å skape nye barnehovud. Dei gjer det frå botnen av. Dei hentar bøtter med fuktig sand. Dei klappar sanda inn i støypeformene. Dei tar isoporformene frå kvarandre og hentar fram det nyskapte objektet. Hovuda blir ikkje animert, dei blir ikkje tillagt anna verdi enn som nok eit objekt. Sandhovuda blir øydelagde nesten like fort som dei er skapte. Dei fell sund, dei smuldrar opp. Alt er i rørsle, ingenting er evig.

Eit kamera sirkulerer over scenen. Bileta, eller videoen, ser vi på ein kvadratisk skjerm på bakveggen. I siste scene blir Den gravide kvinna filma medan ho held ei av isoporstøypeformene framfor magen. Det skiftande lyset gjer at vi ser denne moglegheiten til ei barnehovud på fleire måtar. Vi ser det halvt, heilt, konvekst, konkavt. Det menneskelege lar seg kanskje aldri fanga heilt? Vi kan aldri gripe eit menneske eller ein menneskelagnad fullstendig.

 

Fin heilheit

Skodespelarane gjer ein fin jobb i denne oppsetjinga. Dei beherskar den teatrale spelestilen godt, og dei balanserer han fint med små innsmett der dei sneiar innom det smått sosialrealistiske. Rommet speler kanskje hovudrolla i denne versjonen av Dette barnet. Men kva seier stykket eigentleg om det å vere forelder? Vi skaper barna våre gjennom oppdraginga av dei? Eller er det omgjevnadane som skaper dei?

Mot slutten startar dei fire borda å riste. Dei har motorar montert under seg. Alt som er oppå borda forsvinn, sandhovuda ristar sund. Alt er øydelagt, alt kan starte på n