Det Norske Teatret: Øyvind Rimbereid: DEN UMOGLEGE VALMUEHAGEN

foto Dag Jenssen

publisert på Shakespearetidsskrift.no

Interessant tekst, lunka oppsetjing

Øyvind Rimbereid debuterer som dramatikar med «Den umoglege valmuehagen». Potensialet i det sceniske diktet kunne vore nytta enda betre av regissør Peer Arne Perez Øian.

Av Elin Lindberg

DEN UMOGLEGE VALMUEHAGEN

av Øyvind Rimbereid

Regi: Peer Arne Perez Øian

Komponist: Sandra Kolstad

Dramaturg: Anders Hasmo

Det Norske Teatret, Scene 3, urpremiere 4.november 2021

Det er spanande at Øyvind Rimbereid debuterer som dramatikar. Han er ein av våre aller mest kjende poetar. Det mest kjende verket hans er langdiktet Solaris korrigert frå 2004. Fleire sceneversjonar er laga over dette særeigne science fiction-diktet. Peer Arne Perez Øian lagde sin versjon på hovudscenen på Det Norske Teatret i 2015. Lisa Bauduoin Lie har òg sett opp Solaris korrigert, det var på Scene 2 på Den Norske Opera & Ballett i 2013. Den umoglege valmuehagen har nokre likskapar med Solaris korrigert, men presenterer eit heilt eige univers.

Ned, ned

Som i Solaris korrigert finst det i Den umoglege valmuehagen ei verd under vår eiga verd. Her lever kvinna Dis (Silje Lundblad) og mannen Sviar (Hallvard Holmen). Det er ei verd der oppe i dagen som dei frivillige har forlate. Kvifor har dei gjort det? Kva for liv kan dei få i denne underverda? Har dei søkt tilflukt frå noko? Dette er spørsmål ein ikkje får klare svar på i stykket, men det opnar opp for undring og nettopp spørsmål om liv og eksistens.

I stykket får vi vite at det er mange som arbeider saman for å skape ei ny verd. Saman med arbeidslaget sitt leitar Sviar etter litium som kan gjere at dei kan produsere sin eigen straum nede i verda si. Då kan dei kutte straumkabelen som knyt dei til oververda. Når den er kutta kan dei leve heilt sjølvberga i den nye verda. Utviklinga frå at det finst mange med same draum om eit nytt liv i det underjordiske til at dei etter kvart forsvinn og gjer at Dis og Sviar kan vere dei einaste igjen, kjem ikkje særleg godt fram i framsyninga.

Dis hugsar den gamle verda, Sviar gjer ikkje det, minna hans er borte. Dis fortel om ei verd med motorvegar og ei sterk, sterk sol – kanskje ei framtidsverd, kanskje ei øydelagd jord. Dis sin kjole, Sviar sin dress skin litt metall-aktig, dei hintar litt til science fiction.

Noko statisk

Scenerommet på Scene 3 har ein lang svart benk. Framfor benken er golvet svart og blankt som ein spegel. Bak den låge benken står ein stige som illuderer at det er mogleg å gå vidare ned. Bakveggen er dekt av eit stort lerret, kanskje ein skjerm. Over benken heng ei enkel lampe. Dette kan vere kvar som helst. Staden er lausrive frå noko som kan plassere han. Dis og Sviar er på ein måte fanga her i si eiga verd.

Det finst ein karakter til i stykket. Det er Ginny. Ho held til ein stad over Dis og Sviar. Ginny viser seg aldri, men speler popmusikk som Dis og Sviar høyrer. Ho kjem òg med plakatliknande rop til dømes: «DER TRYGGAST ER, VEKS FAREN MEST!» Teksten frå Ginny er på voice over, men diksjonen er så dårleg at det er umogleg å få med seg at det er dette ho seier – og det er jo synd. Karakteren Ginny opnar opp universet i stykket med dei mangetydige og noko urovekkjande meldingane sine. Ginny gjer at dei to på scena får noko nytt og anna å spele med og mot. Den småpussige opplysinga som Dis kjem med, at Ginny speler musikk frå kassettar, kunne kanskje vore utnytta meir i oppsetjinga. Det er noko sært og fint over det.

Meir musikk!

Sandra Kolstad har komponert musikk til stykket og det fungerer veldig godt. Somme stader syng skodespelarane teksten. Dette er eit vellukka grep som gjerne kunne vore utvikla enda meir.

Det skurrar litt i spelestilen til skodespelarane. Det er nesten som om Perez Øian ikkje har plassert dei i heilt same verd. Silje Lundblad speler Dis som ein realistisk og levande figur. Ho har ein fin variasjon mellom det vare, jordnære og undrande. Hallvard Holmen er noko stiv og distansert i rolla som Sviar, somme stader er det som han er litt ironisk utan at det kjem klart fram kvifor.

Poesi og humor

Øyvind Rimbereid er jo hovudsakleg kjend som poet. Og sceneteksten hans er svært poetisk, det er eit dikt. Her er det mange lag, og språkleg og biletleg djupn. Oppsetjinga fokuserer mykje på den konkrete historia som ligg i materialet. Som nemnt syng skodespelarane teksten somme stader. Det fungerer ikkje så verst. Eg saknar meir av slike grep – grep der ein lausriv seg meir frå ei forteljing og opnar materialet meir opp slik at det poetiske kjem meir til sin rett. Fleire sceniske brot hadde kledd tekstmaterialet. Det er òg mykje lun og småpussig humor i teksten. Den kunne òg ha fått komme meir fram, sjølv om han ikkje hadde trengt å vore overtydeleg.

Håp og tru

I Den umoglege valmuehagen er verda på eitt vis fysisk, sjølv om ho òg er draumeliknande. Sviar driv med ei slags gruvedrift. Dis har ein valmuehage. Men kva et dei der nede i hola si? Livet her er eigentleg umogleg, men dei lever her likevel. Det ligg ei slags audmjuk tru på liv og på mennesket si sta skaparevne her. Dis jobbar med jorda, ho dyrkar valmuar. Sviar jobbar med å finne nye teknologiske løysningar. Dei skapar noko nytt i denne umoglege verda. Det finst håp og det finst liv sjølv i det umoglege, eller gjer det ikkje det? Det kan verke som det ligg både håp og tru på ei betre verd i stykket, men i oppsetjinga på Scene 3 kjem det ikkje klart fram som nokon konklusjon. Framsyninga blir noko for statisk og avslutninga blir uklar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s