Teater Ibsen: MIN VENN FASCISTEN

Publisert på Shakespearetidsskrift.no september 2019

20190909-teateribsen-fascisten-1723.jpg
foto Dag Jenssen

Middelklassens korrekte ubehag

Den satiriske musikalen Min venn fascisten på Teater Ibsen nappar i oss, men han bit ikkje så frykteleg hardt. Teksten er godt omsett til nynorsk av Finn Tokvam, og ensemblet, med Lars Lillo-Stenberg i midten, har fint driv.

 

Av Elin Lindberg

 

Klas Abrahamsson og Erik Gedeon: MIN VENN FASCISTEN

Oversetter: Finn Tokvam

Regissør: Arild Ones

Koreograf: Hilde Sol Erdal

Musikalsk leder: Jon Rørmark

Scenograf: Tormod Lindgren

Kostymedesign: Unni Bang Andersen

Lysdesign: Erik Spets Sandvik

Samproduksjon mellom Teater Ibsen og Det Vestnorske Teateret

Teater Ibsen, 14.september 2019

 

Klas Abrahamsson og Erik Gedeons musikal om ubehaget i det svenske medelklass-folkhemmet hadde urpremiere på Malmø Stadsteater i 2012. Å overføre den satiriske musikalen til norske forhald går ganske greitt, sjølv om den politiske korrektheita til den svenske middelklassen nok kanskje er enda kraftigare enn kva ho er i den norske.

 

Sommaridyll fordi vi fortjen det

Middelklassen har sommarfest. Alle er glade. Det er mat og drikke. Bakveggen er dekt av eit bilete med utsikt utover ein vakker vestnorsk fjord. På terrassen er det langbord. Bak eit stakittgjerde sit bandet – som er framifrå hele vegen gjennom. Bandet består av Jon Rørmark på trekkspel og bass, Trond Lindheim og Tor Egil Braseth på piano og Oddbjørn Aase på trommer/perkusjon. Alle dei seks songarane/skodespelarane er med på å lage maten og ordne til mens dei syng om kor fint dei har det. Trivialitetar om slanking, oppussing, barn blir utveksla, men det varar ikkje lenge før det blir slinger i valsen. Olle (Andreas Hoff) har ei sjuk dotter som har fått plass på ein privat institusjon. Dette triggar dei politiske haldningane som finst her. Og dei går rett inn i ein debatt som har gått og gått i Noreg no i vekene før valet. «Kva vil det koste? Kven skal betale?» syng dei. Anna (Mathilde Alfrida Jakobsen Skarpsno) er heilt i mot at private skal kunne tene på velferd. Britta (Ida Torsdatter Ursin-Holm) er konservativ og meiner at det blir for mykje byråkrati om Staten skal ta seg av dette. Lisa (Karoline Krüger) er sånn midt i mellom. Diskusjonane er i gang, syngande. Og det fungerer utmerka. Diksjonen deira er god og strofene vert ikkje tværa ut meir enn naudsynt.

 

Så flaut å vere middelklasse

Fleire av songane er kostelege. Ein av dei beste er kanskje den der ensemblet, ein etter ein, syng om kor flaut det er å vere middelklassemenneske Dei klagar over at dei er så kvite, så heteroseksuelle, så kulturelle og at dei berre ser på verda frå si trygge krå. Som om dei skrifta, syng dei om ting som er så pinlege for dei at dei ikkje likar – sjølv om dei insisterer på at alle sjølvsagt er like mykje verd, det er: tiggarar, kvinner med slør, åndssvake, tjukke og gamle. Dei smått trivielle frasane dei syng – som når Bosse (Sigurd Sele) syng om at han er så glad for at han ikkje har kreft og dei andre stemmer i med at dei er så glade for at dei ikkje har CP eller Downs syndrom – gjer at vi kjenner dei att, dei er verkeleg ubehageleg typiske middelklassemenneske – som så mange av oss.

 

Ein av oss

Lars Lillo-Stenberg spelar hovudrolla som Fridolf. Han kjem inn på scenen etter at miljøet er godt etablert. Han er kledd i nazi-uniform. Han har med seg ei tine med mat, han vil også vere med. Han pyntar bordet med små flagg med hakekross. De seks andre på scenen er sjokkerte. Ein ekte nazist på deira fest! Dei prøver høflege å synge takk og hadet. Det viser seg at Fridolf – som kanskje klinger betre på svensk enn på norsk – berre er oppteken av fred og glede. Han er vaksen opp langt frå andre og etter at heile familien hans er daude finn han ein uniform på loftet som har vore morfaren hans sin. Han er totalt kunnskapslaus og veit ikkje kven Hitler var og kva nazisme er for noko.

 

Demokratilæring

I andre akt prøvar dei å lære Fridolf om politikk og samfunn. Parodiane på dei norske politiske partia er artige, men dei kunne vore enda mykje krassare. No vil Fridolf ha dei andre med på å lage eit eige parti, eit lykkeparti. Dei drikk og røykar dop og vasar rundt. Publikum ler og ler, dei likar å sjå fulle, dopa folk på scenen. Eg finn ikkje heilt gapskratten sjølv. Sommarfestgjestane vil ha Fridolf til statsminister. Men dei velmeinte frasane deira blir rotne, hole og vonde. Dei sleng Fridolf frå seg igjen som eit leiketøy dei ikkje vil ha lenger. Når det kjem til stykke vil dei ikkje at alle skal integrerast. Den utstøytte sine siste ord «ingen kan stoppe meg nå» blir ståande som eit trugsmål og musikalen kunne eigentleg berre stoppa der.

 

Futt og fart

Regissør Arild Ones og koreograf Hilde Sol Erdal har jobba saman før, mellom anna med Ylvis-showa. Dei er eit godt team. Regien er effektiv og koreografien er sprudlande. Skodespelarane/songarane syng godt, sjølv om det er eit par feilskjær no og då. Karoline Krüger er kanskje ei av dei som har mest røynsle her, ho briljerer fleire gonger. Ida Torsdatter Ursin-Holm og André Søfteland har òg fleire gode songsekvensar. Det er veldig fint å sjå og høyre Lars Lillo-Stenberg i rolla som Fridolf. Han har jo denne særeigne stemma si, ho passar veldig godt til Fridolf. I tillegg er han ein fin skodespelar. Eg trur nok at Min venn fascisten kjem til å få gode dagar på turné, sjølv om eg skulle ønska at publikum fekk sjå ein enda frekkare og kvassare satire.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s