Det Norske Teatret: OPERASJON SJØLVDISIPLIN

Publisert på Shakespeare.no mars 2019

foto_opselvdisiplin-0644-kopi.jpg

Enkle sjølvhjelpsforsøk

Det er teksten som er det svakaste leddet i Operasjon sjølvdisiplin

 

Av Elin Lindberg

 

Agnes Ravatn: OPERASJON SJØLVDISIPLIN

Regi: Ingrid Weme Nilsen

Dramaturg: Matilde Holdhus

Med Kjersti Aas Stenby

Det Norske Teatret, Scene 3, premiere 28.februar 2019

 

Operasjon Sjølvdisiplin skulle eigentleg hatt premiere 14.februar, men Charlotte Frogner og Peer Perez Øian valde å gje opp prosjektet – slikt kan skje i skapande arbeid. Det står respekt av at Ingrid Weme Nilsen og Kjersti Aas Stenby hoppar inn og lagar ei ny framsyning på 14 dagar. Her har det ikkje vore rom for prokrastinering med raudvin og Netflix – noko av det teksten kåserer over – for trass i svake punkt verkar framsyninga nesten, eller nokolunde, ferdig.

 

Tynt materiale

Det er inga tvil om at Agnes Ravatn kan skrive godt og humoristisk. Heilt i frå debutboka Veke 53 som kom i 2007, der vi møter den middelaldrande norsklektoren Georg Ulveset i midtlivskrise, har ho vore artig å følgje. Bøkene hennar er ofte flire-høgt-i-sofaen-litteratur. Boka Operasjon Sjølvdisiplin er bygd på ein føljetong Ravatn har skrive for vekeavisa Dag og Tid. Det er «sjølvhjelpslitteratur for dei som ikkje likar sjølvhjelpsbøker», det er sjølvironisk og småartig i kåseristil. Boka er populær, men det er ikkje heilt lett å gjere ho til god scenetekst.

 

Mobilsjekkande og skjermavhengige

Jau, vi kjenner oss att i denne flaue trongen til å sjekke mobilen alt for ofte – for det kan jo komme inn noko viktig akkurat no som vi må følgje med på, og kanskje vi har fått nokre meldingar eller likes? Og vi kan kjenne på at det er trist at så mykje av folk si tid går med til å sjå på ein skjerm. Og ja, vi vil gjere noko med det, men noko livsoppgåve er det neppe. Dei enkle råda vi får i stykket om å utfordre sjølvdisiplinen vår til å la mobilen ligge aleine ei god stund er greie, men ikkje direkte revolusjonerande nytt. Sjølvironien i stykket speler på at ved å kjenne att i andre dei litt flaue og svake sidene ved ein sjølv, skal ein kjenne seg betre. Og kan hende går du i gang med å endre dårlege vanar. Men blir ikkje dette litt kvalmt sjølvsentrert? Blir det ikkje litt for mykje vekeblad og Bridget Jones Dagbok?

 

Stødig skodespelar

Kjersti Aas Stenby fyller scenerommet fint. Ho er ikkje utan komisk timing og gjer eit godt fysisk skodespelararbeid, men ho er kanskje for ung og energisk til at vi trur på at ho har store problem med prokrastinering og sjølvdisiplin. I starten av oppsetjinga møter Kjersti Aas Stenby oss på framsida av eit sceneteppe. Ho har rosa dress og grøne «dyrehender» på seg.

– Vi er etterkomarar av svoltne apekattar, seier ho. Vi er skapte til: 1. Proppe i oss. 2. Formere oss. 3. Slappe av. Og det å trene er naturstridig.

Ho tek seg snusande ein tur i scenografilageret bak på scenen – det blir som ein jungel, og ho sprett og spring og dansar omkring medan ho på ein måte held eit foredrag for oss om kor vanskeleg det er å motstå freistingar.

 

Tre bolkar

Kvar bolk varer 25 minutt slik at vi skal få fem minutt til å sjekke mobil og slappe av mellom bolkane. Vi får høyre at forsking viser at hjernen treng avbrekk etter nettopp 25 minutt. I bolk 2 er det komen ein god lenestol og stovemøbel inn på scenen. Her blir det multitasking. Masse tekst, raudvin, lesing på engelsk i tjukk bok, eting av selleri og potetgull om ein annan. Det er slett ikkje utan god humor, men denne nevrotiske kvinnefiguren er ein klisjé. Ho er kvinna som gjer alt for å passe inn i eit ferdiglaga mønster. Ho har ingen sjølvstendig personlegdom. Her blir det for lett og tynt. Eg saknar meir kjøt på beinet her. Kven er denne kvinna? Ho blir ingen karakter, heller ingen tydeleg type. Stenby går på med dødsforakt, men ho har ikkje så mykje å jobbe med. Vi får nokre fakta om sjølvhjelp, det blir lett humring og kanskje eit snev av trøyst.

 

Stille

I siste bolk snakkar ikkje Stenby. Ho utfører ein stille og enkel dans. Ho gjer på ein måte ingenting – men ingenting er, som kjend, ingenting. Ho er ein god fysisk skodespelar, rørslene hennar er interessante. Dei kommuniserer det å vere i augneblinken, det å vere her og no, på ein betre måte enn teksten gjer det. Dansen er meditativ, han vender seg både innover i utøvaren og utover til oss som tilskodarar. Dansen samlar oss i det same rommet, i dei enkle og disiplinerte rørslene. Om ein held auga på skodespelaren sitt fysiske arbeid på scenen, fungerer dette godt som scenekunst, men om ein løfter blikket og les dei korte sitata på bakveggen kan det hende ein blir smertefullt flau. Dei korte sitata frå Operasjon Sjølvdisiplin om å vere til stades her og no blir rett og slett pinlege. Dette er lett kåseristoff og det blir patetisk når det blir blåst opp i stor størrelse på bakveggen.

 

Skisse

Det er freistande å sjå på Operasjon Sjølvdisiplin som ei skisse, eller øvingsframsyning. Ho manglar tyngde til å vere eit godt sjølvstendig verk. Kan hende hadde teksten fungert betre som standup? Då hadde kan hende den noko distanserte sjølvironien komme meir til sin rett. No manglar han eit tydeleg eg. Kven er det som talar? Kven er kvinna? Det er uklart og det gjer oppsetjinga noko grunn og enkel. Det er likevel sporty gjort å hive seg frampå og gjere eit heiderleg forsøk på å lande prosjektet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s