Det Norske Teatret: L.I.F.E.G.O.E.S.O.N.

Publisert på shakespearetidsskrift.no oktober 2018

foto_lifegoeson-0629-kopi.jpg
foto Dag Jenssen

Sprikande dramatikar- og regidebut

Sjarmerande, rørande og sorgmuntert, men litt uferdig

 

Av Elin Lindberg

 

Rolf Kristian Larsen: L.I.F.E.G.O.E.S.O.N.

Omsetjing til nynorsk: Brynjulf Jung Tjønn

Regi: Frank Kjosås

Komponist: Sandra Kolstad

Dramaturg: Matilde Holdhus

Det Norske Teatret, Scene 3, 25.oktober 2018

 

Det er klart det er skyhøge forventningar når publikumsyndlingane Frank Kjosås og Rolf Kristian Larsen  debuterer som regissør og dramatikar. Desse to er erfarne skodespelarar, men klarar dei å skape ei heilskapleg oppsetjing? Eg er i starten nokså skeptisk til hovudrolla – ei 45 år gamal grå mus av ei kvinne som har levd eit slags zombie-liv og som skal vakne opp rett før ho skal døy av kreft. Er det ein klisje av ein kvinnefigur? Er dette Tornerose som vaksen som skal bli vekt av eit prinsekyss?

 

Byråkratane kjem

Brille (Heidi Gjermundsen Broch) arbeider som byråkrat. Stykket startar i byråkratverda. Ho er litt som i Pompel og Pilt – ho er i svart/kvit og det er svingdører som eigentleg ikkje svingar nokon stad. Dei likt kledde byråkratane viftar med papirark og snakkar usamanhengande og småartig om tull og tøys. I denne teikneserieverda jobbar Brille. Ho er aldri sjuk, alltid punktleg. Sidan dette er honnørord i byråkratverda fungerer dei som det motsette i stykket – vi held jo sjølvsagt ikkje med desse halvvegs hjernedaude byråkratane. Her kan ein ikkje leve eit ekte liv: Brille må ut!

 

Stakkars Brille

Brille har langt framskriden hjernekreft. Legen Dr. Laila (Frode Winter) som fortel henne at ho berre har få månadar att å leve, er fersk i faget – like fersk som regissøren og dramatikaren. Det står og vippar mellom ei absurd komedie og ei botnlaus tragedie. Det er noko uferdig over denne scena, sjølv om vi småhumrar og Heidi Gjermundsen Broch speler framifrå.

Historia om Brille har noko søtt over seg, trass i den traurige skjebna hennar. Ho mista mannen sin (Frode Winter) før dottera deira blei født. I tjue år har ho levd med han som eit minne. Ho framkallar han med ein speledåse ho alltid har i veska – det er både søtt og sjukt. Samspelet mellom Gjermundsen Broch og Winter er svært godt skodespelararbeid, det er rikt og musikalsk. Det blir truverdig at ho må sjølv vere nesten daud for å gje slepp på han. Den vaksne dottera (Ingeborg Sundrehagen Raustøl) og kjærasten hennar (Joachim Rafaelsen) vil ha så lite med henne å gjere som mogleg. Brille må ut – hun må ut og drikke seg full.

 

Stakkars Brille 2

Brille går på bar og treff ein søt bartendar (Joachim Rafaelsen) ho drikk champagne med. Dei går ein stad for å danse. Ho finn ein annan ho tar med seg heim for å ha sex med (Peiman Azizpour). Ho tar party-dop. Alt dette er litt vanskeleg å gjere om til godt teater i det vesle scene 3-rommet. Blinkande lys og partymusikk hjelp oss ikkje heilt inn i denne natt-på-byen-verda. Ein stad som har potensial til å kunne bli enda meir teatral og løfte denne natt-verda, er der musikaren (Ingeborg Sundrehagen Raustøl) spelar piano og syng for Brille og plutseleg kjem enda eit piano i spel på andre sida av scena. Dette minner om lag-på-lag-scener som vi ofte finn i musikalar, og det kunne fungert godt her om scena hadde blitt dratt enda meir ut.

 

Brille går til filmen?

Alle skodespelarane i dette stykket med det nokså håplause namnet, gjer ein framifrå jobb. Kjosås er nok ein god personinstruktør. Ensemblet er veldig godt samspelte. Heidi Gjermundsen Broch gjer verkeleg ein strålande figur. Dei andre karakterane har ikkje så mykje å spele på, men det vesle dei har brukar dei godt. Larsens tekst har mykje sprudlande humor i seg, vi ler godt fleire stader. Historia har både hovud og hale og fungerer fint. Det er mange fine sorgmuntre augneblinkar her. Ho har til og med ein bodskap, sjølv om han er noko enkel: Du må hugse å leve mens du gjer det. «YOLO» – you live only once – og «carpe diem» blir stundom brukt for å rettferdiggjere handlingar der ein ikkje tenkjer på konsekvensane, men Brille som skal døy er ingen ungdom, ho kan gjere kva ho vil. Men ei natt på byen dekkjer ikkje over tragedien i denne teaterversjonen. Eg sit i salen og tenkjer på at dette hadde eigna seg vel så godt som eit filmmanus som teaterdramatikk. Scenene er realistiske og ganske vanskelege å gjere veldig gode i dette teaterformatet.

 

Byråkratane kjem igjen

Brille tar nokre siste byråkratiske grep, men denne scena blir litt rotete. Det blir litt uklart kva slags avgjersle ho tek her. Er det ein leikeplass ho set i gang bygginga av? Eller er det planting av tre i parken? Den vesle, grå Brille blir borte og byråkratlivet går sin surrete gang, det er avdelingar for Røyr og Planlegging og for Saus og Allergi, eller kva dei no heiter alle desse supperåda. Dei har makta over alle menneska og omgjevnadane deira.

Stykket er sorgmuntert og har mange gode kvalitetar, men det blir eit sprik mellom det realistiske og det litt teikneserieaktige.

Vi veit at Heidi Gjermundsen Broch syng godt, så det kjem ikkje som ei overrasking at det kjem ein slags epilog der ho syng rørande og nydeleg. Ja, livet går vidare etter L.I.F.E.G.O.E.S.O.N. Kanskje dukkar manuset opp som ein sorgmunter filmversjon?

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s