Det Norske Teatret: KIMEN

Publisert på shakespearetidsskrift.no januar 2018

foto_kimen_fotograf_signe_fuglesteg_luksengard.jpg
foto Signe Fuglesteg Luksengard

Å vere menneske når ulukka råkar

Ein god adaptasjon av Tarjei Vesaas’ symboltunge roman

 

AV ELIN LINDBERG

 

Tarjei Vesaas: KIMEN

Dramatisering, regi og videodesign: Anders T. Andersen

Scenograf og kostymedesignar: Dagny Drage Kleiva

Lysdesign: Per Willy Liholm

Komponist: Adrien Munden

Lyddesign: Vibeke Blydt-Hansen

Videoarbeid: Per Maning, Rune Kongsro og Petter Holmern Halvorsen

Dramaturg: Ola E. Bø

Med: Pål Christian Eggen, Ellen Birgitte Winther, Jan Grønli, Oddgeir Thune, Julie Moe Sandø, Ingrid Jørgensen Dragland, Frode Winther, Thea Borring Lande

Det Norske Teatret, scene 2, torsdag 25.januar 2018

 

Når Anders T. Andersen adapterer Tarjei Vesaas’ roman Kimen for teateret brukar han same grep som då han sette opp Geir Gulliksens roman Historie om et ekteskap i fjor haust. På sceneveggen bak heng to store skjermar som vekslar på å vise stillbilete og videoar av natur og husdyra gris og hund. På same måte som i Andersens oppsetjing i haust har fotografen Per Maning ein finger med i spelet her. Denne gongen er det fleire skodespelarar på scena, det har både positive og negative sider. Eg skal kome attende til det.

 

Den grøne øya

Tarjei Vesaas skreiv Kimen i 1940. Romanen er gjennomfarga av at landet er i krig. Brotsverk blei utførte. Menneskemassar blei suggererte inn i valdelege handlingar. I forordet til den utgåva som kom ut i 1967 skreiv Vesaas: «Vi sto valne og skjøna ikkje noko med det same. Lærde berre at slikt kan skje. At vanlege folk kan bli det ein aldri hadde trudd.»

Sceneversjonen på det Norske Teatret legg seg tett opp til boka. Vi er på ei grøn øy som ligg i ein fjord, sjølv om bileta på skjermane viser innlandslandskap. Det er ein trygg stad. Det er ein paradisisk tilstand. Gardane er drivne vel, folk er flinke til å arbeide. Det vetle samfunnet fungerer fint og menneska har gode liv. Den største garden på øya heiter Li. Her er det ein stor frukthage. Det er rundt denne hagen at det forferdelege skjer. Dei bibelske allusjonane er mange. I boka er den store garden driven av to familiar, i sceneversjonen er det med hell forenkla til ein familie: mora Mari Li (Ellen Birgitte Winther), faren Karl Li (Jan Grønli), sonen Rolv Li (Oddgeir Thune) som studerer i byen, men er heime på sumarferie og dottera på 17 år Inga Li (Julie Moe Sandø).

 

Det vonde skjer

Det er sumar og fred – det er som om det var sundag midt i veka. Dei trauste arbeidskarane Haug (Jan Grønli) og Dal (Frode Winther) tek seg ei velfortent øl. Men noko mørkt og stygt vaknar. Først i grisehuset. Det blir uro når smågrisar skal kastrerast. Ei nybakt purkemor et opp ungane sine. Groteske, dyriske handlingar. Ei uhygge breier seg. Den svartkledde enka Kari Nes (Ingrid Jørgensen Dragland) som òg har mista sønene sine, går rundt som ein svart fugl som varslar død og uro. Og noko er ikkje heilt som det skal mellom kjærasteparet Rolv (Oddgeir Thune) og Else (Thea Borring Lande). Så kjem det ein framand i land på øya. Det er Andreas Vest (Pål Christian Eggen), han er mentalt øydelagt etter at fabrikken han arbeidde på eksploderte og han blei vitne til at mange døydde. Ulukka skjer på øya. Andreas Vest tek livet av den unge dottera på Li. Heile øya tek hemn og drep drapsmannen midt i frukthagen, midt i Edens hage. Det er den lovande sonen Rolv som blir halden som leiaren for massesuggesjonen der samfunnet hemnar drapet på Inga.

 

Oppreising

Kostyma er i 1940-talsstil, stykket ligg tett opp til romanen frå 1940, men temaet er diverre evig aktuelt slik at det på ingen måte verkar utdatert. Det dreier seg om korleis eit samfunn reparerer skadane som er skjedd. Det er ein ur-situasjon. Det dyriske har sloppe laus, bestialske mord har skjedd. Menneska må bli menneske att. Vesaas skriv i forordet frå 1967: «At villskap ikkje må tolast, fekk ein klart for augo. Men når tinga likevel er skjedd, så må vel òg den stakkars skuldige og impliserte få ein sjanse til å reise seg av si djupe fornedring. Elles går det ikkje». Hovudtemaet i stykket blir nettopp dette korleis samfunnet skal lege seg sjølv –  korleis skal øya bli grøn att? Temaet er nok aktuelt til alle tider, i desse dagar debatterast til dømes  korleis forvaringsdomar skal handsamast og om kor lang den strengaste straffa vi har i Noreg skal vere. Framstegspartiet har kome med forslag om å auke ho frå 21 til 30 år. Stykket står for at ei human straff er mogleg.

 

Kollektivet

Det musikalske står skodespelarane for saman. I tillegg til song speler dei gitar, fele og piano, som tromme brukar dei sida av ein av trekonstruksjonane som høyrer til den enkle, men vellukka scenografien. Dei kollektive musikalske innstikka fungerer godt og gjev driv til historia. Eit kraftig hundeglam og eit hjarteskjerande hyl illustrerer hendingar utan å bli for overtydelege. Gode val.

I Historie om et ekteskap var det berre tre skodespelarar på i scena (i tillegg var Tuva Livsdatter Syvertsen med som musikar). Spelestilen er den same på Det Norske Teatret, skodespelarane representerer karakterane meir enn dei speler dei. Med tre skodespelarar på scena er det likevel større rom for å utdjupe spelet. Skodespelarane kan i tillegg til å representere karakterane òg stundom spele dei. I Kimen blir kollektivet sterkast. Det finst scener der dialogar kjem fram – som mellom mor og dotter, Rolv og Else, men det er kollektivet som driv historia. Stundom fører dette til ein viss monotoni. Det blir lange scener der skodespelarane står som eit kor og messar teksten rett fram til oss i salen. Dette valet er ikkje berre negativt. Det kler stoffet på eit vis. Det seier noko om korleis eit samfunn kollektivt må ta ansvaret for å bygge opp eit demokrati igjen etter at ei stor ulukke har skjedd, og korleis eit lite samfunn kollektivt må bale med anger og skam etter at det er blitt fornedra. Som Vesaas seier det: «Når ein menneskeflokk er bliven einast masse, riven med av vetlaus suggesjon, og så etterpå vaknar og blir ein og ein med eit sviande samvet – kven har så ansvaret?»

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s