Sigmund Løvåsen: VID DIN SIDA

Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 2-3/2012

Av jord er du komen

Stykket balanserer mellom det sentimentale og det grunnleggjande for menneskeleg eksistens.

Av ELIN LINDBERG

Sigmund Løvåsen: VID DIN SIDA

Dramatikk

Det Norske Samlaget 2012

 

 

Tittelen på Sigmund Løvåsen sitt stykke Vid din sida refererer til ein song av dansebandet Sven Ingvars. Viss du søkjer på you-tube er det første som kjem opp ein versjon med tre menn som ser autentisk harry ut. Dei entrar eit lite podium frå ei stygg campingvogn og framfører songen medan dei ”spelar” på feiekostar. Eksotisk. I stykket er denne gamle dansebandsongen noko som knyt ekteparet Ingrid og Johannes saman. Når dei syng denne songen er dei tilbake i forholdet deira si urtid, ei fin tid.  No er Johannes dement. Stykket handlar om å leve saman med ein dement, om å ha ein dement far og om korleis det er å sjølv vere dement. Det handlar om den siste perioden Ingrid og Johannes kan leve saman. Det handlar om sorg og overlevingskraft.

 

Å vere i same rom

Handlinga går føre seg i eit hus i ei bygd i Noreg. Her har Johannes budd eit heilt liv. Ingrid kom til bygda i vaksen alder, ho er den andre kona til Johannes. Den første kona hans, Anna, døydde på 1970-talet av sjukdom. Saman med Anna fekk Johannes dottera Kristin. Ingrid kom inn som hushjelp og dagmamma. Johannes og Ingrid gifta seg etter kvart. Johannes arbeidde som rektor på skulen i bygda. Han var òg dirigent for kyrkjekoret. Det var Johannes som foreslo at koret skulle syngje Sven Ingvars-songen ”Vid din sida”. Ein song han nok først syntest var i overkant folkeleg, men på grunn av at Ingrid likte han så godt tok han songen inn i repertoaret til koret. ”Det er noko av det finaste du har gjort for meg”, seier Ingrid i starten av stykket.

I byrjinga samtaler dei to ektefellane som om alt skulle vere i orden. Dei er i det same mentale rommet. Dei har si eiga verd saman med referansar som strekk seg tilbake til då dei møttest. Dei veit det meste om kvarandre. Vi får inntrykk av at dei respekterer kvarandre og har det godt saman. Denne første scena i stykket er rørande. Dei er begge to klar over at Johannes er i ferd med å bli dement. Ingrid prøver å tvihalde på augneblinken der Johannes er nokolunde klar, men Johannes trekk seg tilbake. Når han seier ”God natt” i slutten av denne første scena blir det eit varsel om at han er på veg inn i ei anna verd. Ei mørk verd der alle minne smuldrar opp.

 

Naturen tek over

For eit par år sidan skreiv den amerikanske forfattaren Alan Weisman ei bok som heiter The world without us. Ei fascinerande bok om korleis verda ville sett ut viss menneska plutseleg hadde blitt  borte. Boka viser kor skjøre og ustabile byggverka og systema våre er. Innan 36 timar etter at menneska hadde forsvunne ville New Yorks T-banesystem vore fylt av vatn, til dømes. Innan 20 år ville Panamakanalen turka opp, og etter om lag tre hundre år ville alle bruer ha rast saman. Dyra og fuglane ville hatt glade dagar. I Løvåsen sin scenetekst trugar naturen med å ta over verda. Her  blir forhold mellom menneska sett på som ustabile byggverk. Det forgjengelege er tungt til stades. Forholdet mellom menneska forvitrar og Johannes sitt eige minne og indre liv smuldrar bort. Han blir på eit vis mindre og mindre menneske. Ei anna grunn til at eg kom til å tenkje på Weisman si bok under lesinga av dette stykket, er at fuglane speler ei så stor rolle her.  Fuglane er det første Ingrid og Johannes snakkar om i stykket. Dei kommenterar at fuglane snart kan finne maten sin sjølve no som det snart er vår. Om lag midt i stykket dukkar svarttrosta opp – ein svart fugl med ein vemodig vakker song. Denne svarte fuglen blir eit varsel om død og det forgjengelege. Dei fleste svarttroster held til i Noreg om vinteren, men i stykket er dei trekkfuglar. Johannes ringer til bror sin, Bjørn, for å fortelje at svarttrosta er kome. Kona til broren svarer. Bjørn er død for mange år sidan. Dette veit eigentleg Johannes. Fleire stader i stykket er det montert inn tekster som kommenterer stykket eller kjem med stemningsrapportar. Ein slik tekst opnar siste scene. Her er  fuglane ikkje berre til stades som noko fint å sjå på utanfor vindauget. Her er dei mykje meir nærverande:

 

Dei ser kvar enkelt fjør, ser kvart auge, dei ser kvar fugl blunke, treet som blir slite av kvar fugleklo […] Fuglane ser kvar rørsle dei gjer, brystet som hevar og senkar seg, augnelokka, halsen når dei svelgjer, dei ser og flyg ned på bakken, opp i treet, løftar, ber, helsar.

 

Samstundes er Johannes på veg frå den heimen han har hatt heile sitt vaksne liv. Han er i ferd med å forlate verda.

 

Sorgarbeid

Vid din sida har noko traust over seg. Trass i at tekster er montert inn og er med på å skape eit større tekstleg rom, er dette ein ganske konvensjonell  scenetekst. Han vart satt opp på Teater Innlandet hausten 2011. Teksten har sterke poetiske kvalitetar, den fremste kvaliteten er likevel at han bidreg til eit sorgarbeid vi alle, ein eller annan gong, må gjere i samband med at noko eller nokon vi er nær blir borte frå oss.

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s