Teater Innlandet: MENS VI VENTAR PÅ GODOT

Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 2-3/2012

Tradisjonell og teksttrugen

 

(Hamar): Oppsetjinga er velspelt og solid, men tilfører ikkje noko nytt til stykket.

 

AV ELIN LINDBERG

 

Samuel Beckett: MENS VI VENTAR PÅ GODOT

Oversatt av Åse-Marie Nesse og Halldis Hoaas

Regi: Harald Hoaas

Scenografi: Milja Salovaara

Dramaturg: Halldis Hoaas

Teater Innlandet, Hamar 13. mai 2012

 

Dette modernistiske meisterverket av eit stykke er blitt sett opp utallige gonger sidan urpremieren på Théâtre de Babylone i Paris i 1953. Sikkert òg i mange ulike versjonar. Men det kan verke som om stykket har ein resepsjonstradisjon det er vanskeleg å endre på. For kvifor settes stykket så ofte opp med gamle menn kledd i usexy dressar og skitne underbukser? Er det i eit forsøk på å få mennesket desse karakterane i stykket representerer, til å framstå som kjønnslaust? Sjølv om Gogo (Nils Sletta) og Didi (Torgeir Fonnlid) ikkje er så rocka som salige Jokke Nilsen, kan eg ikkje fri meg frå å tenkje på verselinjene «Ketsjup på skjorta, sennep i ræva» fleire gonger oppsetjinga gjennom.

 

Aksis mundi

Eit vesentleg element i Beckett sitt stykke og i oppsetjinga til Teater Innlandet, er treet. Sjølv om stykket i god modernistisk ånd har lausrive seg frå tradisjon og historie, ligg det referansar til mytologi og religiøse forteljingar her. I mange verdsbilete er det treet som er i sentrum av menneska si verd. Yggdrasil, i den norrøne tradisjonen, kunnskapens tre i den bibelske genesis, Buddha sitt hellige fikentre. Når C.S. Lewis skaper si legendariske Narnia-verd er det òg med  eit tre i sentrum. I Mens vi ventar på Godot er treet i sentrum av verda nesten daudt. Det er ikkje brukande til noko særleg. Ikkje kan Gogo og Didi hengje seg i det – til det er greinene for svake, dei kjem til å knekke. Ikkje gjer det særleg ly eller skydd frå farar – Gogo blir til stadigheit banka opp. Ikkje kan ein gøyme seg bak det — til det er det alt for lite. Trass i dette blir dei verande på denne staden som om dette treet, anten dei vil det eller ikkje, representerer midten av verda for dei, aksis mundi. Dette er sentrum i verda av årsaker dei for lengst har gløymt.

Denne staden ved treet er kanskje mennesket sin siste stoppestad. Ein uuthaldeleg og trøysteslaus stad. Didi og Gogo er ein slags vaktarar  av denne staden som står og vippar heilt på grensa til å vere ein stad der mennesket ikkje kan leve. Det er òg noko sterkt regressivt i at mennesket vender tilbake til denne staden der alt byrja. Ein stad som kanskje har vore eit paradis for nokon ein gong. No bur det ingen Gud her, berre denne noko fråverande Godot. Men det er eit slags håp i verda, mennesket er trass alt i live.

 

Det marginale

Nils Sletta og Torgeir Fonnlid gjer ein fin jobb som Didi og Gogo. Dei held det gåande med små trivielle handlingar som blandar seg med dei største og mest eksistensielle tema. Det går frå problem med sko som gneg til om dei ikkje berre likegodt skal ta livet av seg. Det trivielle og det eksistensielle vert likestilt. Didi og Gogo er gamle og avfeldige, menneskelege eigenskapar begynner å bli borte. Didi kan til dømes ikkje le lenger. Prostataproblem har sett ein stoppar for det.

Stykket som tragi-komedie blir godt ivaretatt i Teater Innlandet sin versjon. Pozzo (Randolf Walderhaug) og Lucky (Robert Skjærstad) kjem inn som to vrengebilete av det menneskelege.  Dei er sminka som klovnar, men held seg med dei tradisjonelle Mens vi ventar på Godot-klea.

«Summen av verdas tårer er konstant, det same gjeld for latteren», seier Pozzo. Publikum verken ler eller gret, men skodespelarane maktar å halde på interessa vår så lenge stykket varer. Med Pozzo og Lucky kjem vi enda lenger inn mot grensa til det totalt umenneskelege. Til noko som er på grensa til å ikkje kunne gjerast til omgrep, til språk. Og nært det irrasjonelle på ein brutal og poetisk måte.

Pozzo kjem inn med noko verdsvant over seg. Han har med seg tenaren sin Lucky. Pozzo tek seg ein kvil og pratar med Didi og Gogo. I mens står Lucky stum og fastfrosen og held dei tunge koffertane til Pozzo i staden for å sette dei ned. Ei totalt absurd, djupt servil og sjølvpinande handling. Lucky står for den sterkaste scena i oppsetjinga. Denne monologen er plassert midt inni dramaet som en slags kjerne i Mens vi ventar på Godot. Lucky slepp taket i koffertane og det materielle og kjem med ein tekst som er så uforståeleg og så vill at han opnar opp eit svart hol. Vi ser stjernetåker og verdas skaping og undergang i det svarte tekstholet av ein monolog. Opninga mot det immaterielle og førspråklege er nesten skremmande. Framføringa av monologen er presis og heilt over grensa til galskap. Framifrå!

 

Dei naive

Didi og Gogo har levd eit langt liv, men har noko naivt og barnleg over seg. Sjølv om Didi blir banka opp kvar natt har han likevel tillit til andre menneske. Ein gut (Robin Øverby) kjem med bod frå Godot. Guten får funksjon som ein slags engel, ein som bringar bod frå ein høgareståande til menneska. Godot kjem ikkje i kveld, seier guten, men han kjem i morgon. Og sånn går no dagan. Det skjer ikkje mykje. Det skjer eigentleg ingenting. Liva til Didi og Gogo verkar heilt meiningslause. Med Pozzo og Lucky skjer det endring. Når dei kjem att er Pozzo blitt blind –  «Like blind som Fru Fortuna», seier han sjølv. Lucky er igjen servil og stum. Dei fortsett ut av scena og inn i evigheita, mens Didi og Gogo blir. Og blir. Og blir.

— Vel, skal vi gå? Seier Didi.

— La oss gå. Seier Gogo.

Og så blir dei verande.

Slik ender stykket. Om lag på same måten som Beckett sin roman The Unnamable (1953) ender:  «I can’t go on. I go on.»

Trass i at oppsetjinga til Teater Innlandet er svært traust og tradisjonell er ho vellukka. Skodespelarane er samspelte og gjer eit godt arbeid, dramaturgien er fin og regien tett nok. I programheftet står det ein tekst av Harald og Halldis Hoaas – regissøren og oversetjaren/dramaturgen i oppsetjinga. Dei skriv om bakgrunnen for stykket og knyt det opp til den andre verdskrigen, til ein svært konkret kontekst. Greitt nok. Men det er likevel det eksistensielle og djupt menneskelege som framleis gjer inntrykk i Mens vi ventar på Godot.