Den Norske Teatret: DØDSDANSEN

dXdsdansen2_big.jpg
foto Dag Jenssen

Publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 4-2012

 

August Strindberg: DØDSDANSEN

Omsetjing: Margunn Vikingstad

Regi: Sigrid Strøm Reibo

Dramaturg: Line Rosvoll

Den Norske Teatret, Scene 3, 1.november 2012

 

Krig i heimen

Om overlevingsstrategiane til eit ektepar, men utan dei store avgrunnsdjupa som finst i August Strindbergs tekst.

 

Av ELIN LINDBERG

 

Ekteparet Alice (Ingrid Jørgensen Dragland) og Edgar (Paul-Ottar Haga) sit på kvar sin stol på den noko tomme scena på Scene 3 på Det Norske Teatret. På Scene 3 blir visstnok stykka sette opp utan scenografibudsjett. Dei to skodespelarane sit vende mot publikum. Det er ingen ting som skjer, dei berre sit der. Alice er kledd i ein lang, enkel kjole som kunne vore frå August Strindberg si tid. Edgar har lange skinnstøvlar som signaliserar at han er militær. Kostyma er så pass enkle at dei får noko tidlaust over seg. På bakveggen heng eit stort foto som kan sjå ut som eit scenebilete frå ei av dei første oppsetjingane av Dødsdansen for over hundre år sidan, eller det kan vere ei scene frå eit historisk ekteskap. Dette fotoet heng der gjennom heile oppsetjinga og fungerer som ei slags stille påminning om at denne kampen mellom mann og kvinne i heimen ikkje er noko nytt. Ekteparet sit og sit. Vi veit at dei kjem til å snakke, men først er det stille før stormen. Nokon storm blir det likevel ikkje. Det er litt som desse vêrmeldingane som varslar spektakulært uvêr, men når det kjem til stykket blir det berre ein liten kuling ut av stormvarslet.

Artillerikaptein Edgar og Alice som arbeidde som skodespelar før dei blei gifte, kjenner kvarandre godt etter 25 års ekteskap. Dei er krigarar båe to og lever i ein konstant konflikt. Anten er dei intenst i denne kampen ekteskapet deira er, eller så er dei heilt stille og berre ventar på neste angrep. Denne kampen held liv i både dei og ekteskapet deira. Når dei innleiingsvis prøver å yppe til strid blir angrepa parerte med ein gong fordi dei kjenner taktikkane til kvarandre så godt – så godt som berre eit gamalt ektepar kan kjenne dei.

 

Ønskekonserten

Ekteparet har isolert seg på ei øy der dei er vennelause og aleine. Det ligg mykje latent mytestoff her. Dei to menneska, ei kvinne og ein mann som lever i si eiga verd så isolerte frå resten av samfunnet, blir på ein måte til to urmenneske, Adam og Eva, i eit slags omvend eller apokalyptisk paradis. Og det kjem ein slange inn i dette desillusjonerte paradiset i form av vennen Kurt (Gard Skagestad). For å gjere det endå tydelegare dukkar eit raudt eple opp litt ut i oppsetjinga. Slangen er ein trickster, ein som sett ting i spel. I Dødsdansen er Kurt ein som triggar konfliktane mellom ektefellane. Både Alice og Edgar bruker Kurt i kampen mot den andre.

Bojarenes inntogsmarsj av Johan Halvorsen er den ikoniske kjenningsmelodien til Ønskekonserten på NRK. Han er så gammal at eit sølvbrudepar vil kjenne godt til han. Melodien og programmet høyrer til grunnhistoria til litt vaksne, norske menneske. Kurt blir eit perfekt innslag i Ønskekonserten til ekteparet. Dei bruker det dei elles har av våpen og så får dei plutseleg Kurt opp i fanget! Framifrå! Kurt blir fanga av spelet ektefellane i mellom. Han kjem seg ikkje unna dei. Alice og Edgar kjem ingen stad, dei skal ingen stad og det veit dei – dei speler eller krigar for å få avveksling. Dei speler for å halde seg i live.

 

På det jamne

Ekteparet elskar og hatar kvarandre. Dei ønskjer den andre daud, men dei kan ikkje leve utan den andre. I framsyninga på Det Norske Teatret slår ikkje samlivet og kjønnskampen gnister, sjølv om Haga har ei buldrande røyst og Jørgensen Dragland er spiss og skarp trur vi ikkje heilt på at dette vil ende med katastrofe. Dei snakkar om hat og svik, men dette når berre delvis ut til oss i publikumsamfiet. Det nærmaste vi kjem eit botnlaust hol i samlivet deira er når Edgar kjem heim frå byen og fortel at han har søkt om skilsmisse og har ei ny kone i kikerten – ei yngre og vakrare. Det trur vi på ei lita stund.

I stykket er det eit poeng at Alice offentleggjer skuldingar om at Edgar har gjort underslag. Dette blir rota litt vekk i denne oppsetjinga.

Karakterane i denne oppsetjinga er ikkje psykopatar, men dei er skakkjørde menneske som har eit nesten sjukleg behov for å manipulere andre. Konflikten blir aldri skikkeleg livstrugande. Det kan hende at den realistiske settinga i oppsetjinga er skuld i det. Vi får ei historie om korleis menneske kan kjempe med kvarandre dag ut og dag inn og eigentleg ikkje ønske seg noko anna enn akkurat dette. Her får vi kjensla av at det er slik dette ekteparet vil leve livet sitt. Dei to har på eit vis bunde seg til ein idé om at dette er lagnaden deira. Det er som om dei har eit credo som seier: Er ein krigar, så er ein krigar og ein ny dødsdans byrjar når ein ferdigkjempa kampdans er over. Om att og om att.