Det norske teatret: EKS

foto: Dag Jenssen

publisert på shakespeare.no mars 2022

Middelklassens hakkeorden

I Marius von Mayenburgs stykke Eks kjempar eit tilsynelatande vellukka middelklassepar ein stillingskrig. Det gnistrar både av skodespelarane og av Peer Perez Øians enkle regi på Scene 3 på Det Norske Teatret.

Av Elin Lindberg

EKS av Marius von Mayenburg

Omsetjing: Astrid Sverresdotter Dypvik

Regi: Peer Perez Øian

Visuelt ansvarleg: Katja Ebbel

Dramaturg: Anders Hasmo

Det Norske Teatret, Scene 3, premiere 3.mars 2022

På scenen står ein mjuk sofa på eit lyst teppe, eit bord og to stolar. Over bordet heng ei fancy designlampe laga av gevir frå rein eller hjortedyr. På ein sokkel står ein stor porselenshund. Framme på scena står eit skjørt byggverk laga av svarte og kvite leikeklossar i tre. Dette er den smakfullt innreia stova til Sibylle (Kirsti Stubø) og Daniel (Gard Skagestad). Ho er lege, han er arkitekt. Dei har levd saman nokre år og har to små barn saman. Dei er eit så typisk høgt utdanna akademikarpar at dei nesten blir parodiske. Dei har lita tid til seg sjølve og kvarandre, dei kommuniserer gjennom giftige replikkar. Det er ein fastlåst maktkamp. Dei kjempar for seg sjølve, men òg på ein måte for å oppretthalde familien sin. Slik skil dette stykket seg frå Mayenburg sine forgjengarar Norén, Strindberg og Ibsen.

Daniels eks-kjæraste Franziska (Ingeborg S. Raudstøl) har gjort det slutt med den nye kjærasten sin som har kasta ho ut, ho treng ein stad å sove og kjem på overnatting. Ho blir ein katalysator som får fasaden i forhaldet til Sibylle og Daniel til å sprekke. Livsløgnene, frustrasjonen, sorga – og klasseperspektivet kjem til overflata.

Dødsdansen

August Strindbergs stykke Dødsdansen fra 1900 spøker i bakgrunnen her. Kampen menneska i Mayenburgs samtidsdrama kjempar, liknar på den i det historiske stykket. Stykket startar med at Sibylle sit i sofaen i mjuke, men pene heimeklede. Hun ser på noko på macen sin, og skjenkar seg vin frå ei nyopna flaske. Hun er tydeleg ei kvinne med god og klassemedveten smak. Daniel kjem heim. Også han signaliserer klasse og god smak. Når han spør om kva det er ho ser på svarar ho at det er ein dokumentar om Francoise Barré-Sinoussi. Kven er det? 1-0 til Sibylle. Kampen er effektivt i gang. (Francoise Barré-Sinoussi er altså ein fransk lege og virolog som fekk Nobelprisen i 2008 for si forsking på HIV). Paret er jo allereie nokså slitne etter jobb og frå ansvaret for dei to barna og den korte tida dei har til eigen vaksentid brukar dei på å krige – det er eit sant helvete dei er innelåste i. Samstundes er dette tryggleiken deira. Denne giftige duelleringa er òg eit slags lim i forhaldet deira. Kjærleiken er like slapp som den lasgneresten Daniel får å ete, men dialogen har gneist og spenst i seg, sjølv om han er giftig, utmattande og øydeleggande.

Middelklassehelvetet

Ei utfording med seriemonogamiet er at det alltid er ei fortid der. Daniel påstår at han er ferdig med fortida si, det er ingenting der han tar med seg vidare til det livet han lever no. Sibylle dissekerer utsegnene hans som den legen ho er. Små ord og rørsler blir symptom på at det er noko som er skjult. Når Franziska kjem på banen og vinflaskene blir fleire og fleire sprekk verkebyllane ein etter ein. Franziska jobbar i ein dyrebutikk, ho er ikkje akademikar slik dei to andre. Klasseperspektivet blir tydeleg og grelt. Daniel forlot Franziska for å klatre i samfunnshierarkiet. Ein lege er meir verd enn ei som jobbar i butikk. Og kvar er han no? Fanga i middelklassehelvetet med ein jobb som arkitekt, men utan å få andre oppdrag enn å teikne fluktvegar i eit garasjeanlegg. Kvar blei draumane om dei kreative byggeprosjekta av? Sibylle og Daniel hakkar på kvarandre – ho er jo heller ikkje blitt overlege eingong.

Herlege rolletolkingar

Kirsti Stubø, Gard Skagestad og Ingeborg S. Raustøl speler med virtuositet. Dei breier seg ut i rollene sine og gjer at dei ikkje blir dei parodiane på middelklassemenneske som det kunne ha blitt – sjølv om Mayenburg sitt stykke har så høg litterær kvalitet som det har. Stubø tør å gjere Sibylle slem, på kanten til ufyseleg. Ho er klart den sterkaste i forhaldet. Ho har høgast utdanning og vinn poeng på det. Men ho er sjalu – kanskje på den kjærleiken Daniel har hatt, og kanskje har, til Franziska. Stubø gjer Sibylle hard, kald og giftig, men får òg fram sårbarheit og den litt skrudde kjærleiken ho har til Daniel og familien sin. Gard Skagestad som Daniel parerer og kjempar så godt han kan. Sibylle samanliknar Daniel med ein underdanig hund. Skagestad løftar Daniel opp til ein likeverdig posisjon før han fell ned igjen, gong på gong. Det er fint og musikalsk gjort. Ingeborg S. Raustøl kunne òg blitt parodisk i arbeidarklasserolla si, men gjer Franziska til ei likanes kvinne av kjøt og blod. Også ho kjempar ein kamp sjølv om ho ikkje har det same middelklasseordforrådet som Daniel og Sibylle. Ho blir farleg for dei to andre. Ho viser ein veg ut – ein fluktveg, og ho set full fyr på det som har ulma lenge i forhaldet mellom Sibylle og Daniel. Raustøl gjer dette energisk og eldfullt.

Lykke og ulykke

«Tolstoj visste ikkje kva han snakka om «alle lykkelege familiar liknar på kvarandre, medan alle ulykkelege familiar er ulykkelege på sitt eige vis», det er bullshit, alle lykkelege familiar lyg, og alle ulykkelege familiar reproduserer nøyaktig den type ulykke som er historisk førehandsbestemt og ønska frå samfunnet si side», seier Daniel. Det ligg ei oppriktig fortviling over at det skal vere så vanskeleg å leve eit godt familieliv i Mayenburgs stykke. Peer Perez Øian og ensemblet løftar fram denne fortvilinga slik at vi får medkjensle med karakterane som prøvar og prøvar og gjer så godt dei kan. Humoren som ligg i stykket – for dette er ei komedie – kjem fram slik at vi fleire gongar ler høgt. Humoren er så svart, så svart, men i han ligg òg eit håp – sjølv om kampen held fram.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s