Det Norske Teatret: FOSSEGRIMEN

Fossegrimen.png
foto Erik Aavatsmark

Kva er Det Norske i 2013?

”Det norske” er ei blanding av mange kulturar, seier Det Norske Teatret med den noko teksttunge oppsetjinga Fossegrimen.

 

Av Elin Lindberg

 

Sigurd Eldegard: FOSSEGRIMEN

Musikk: Magnus Stinnerbom i samarbeid med Frikar Dance Company

Regi: Leif Stinnerbom

Koreograf Hallgrim Hansegård

Scenograf : Kari Gravklev

Kostyme: Inger Hallström Stinnerbom

Det Norske Teatret tysdag 7.mai 2013.

 

 

Finst det ein norskare institusjon enn Det Norske Teatret? Er det her vi kan bore oss ned og ta ut ein prøve på kva det norske eigentleg er no i 2013? Det Norske Teatret som er hundre år i år, har i jubileumsåret sett opp Bibelen, ei bok som absolutt er knytt til norsk kultur. No har teatret sett opp Fossegrimen som er eit over hundre år gamalt stykke. Her møter vi historia om Ole Bull og den historiske Myllarguten.  Denne oppsetjinga blir eit nettverk av referansar til norsk og internasjonal kultur. Musikken speler ei viktig rolle i oppsetjinga som er visuell, med ein teatral koreografi. Den norske teatertradisjonen tru, tek ei ordrik forteljing litt for mykje plass.

 

Snikende tiger, skjult drage møter springar og lausdans

I tillegg til svært gode folkemusikarar møter vi spreke og spretne dansarar som til vanleg er tilknytt Frikar Dance Company i Fossegrimen. Hallgrim Hansegård har koreografien. Eg håpar norsk teater gjev han mykje plass framover. Frikarane er ikkje berre gode dansarar, dei er òg gode skodespelarar. Vi møter dei aller først som tussar. Skodespelarar og dansarar flyg rett som det er over scena i stålvaierar. Flyginga er elegant utført og gjer at  scenerommet blitt tatt i bruk i høgda òg – det fungerer godt. Denne estetikken knyter ein gjerne til Ang Lee sine filmar der krigarar spring i tretoppane medan dei slost. Frikarane har sine trådar til Kina – dei har nyleg laga ei oppsetjing med kinesiske kung fu-utøvarar. Det har som kjent vore ein knute på tråden mellom Noreg og Kina i diplomatiske kretsar, men her er det altså vellukka kulturelle bindingar.

Kari Gravklev har skapt ein struktur midt på scenegolvet som ser ut som eit edderkoppnett. Det kan klatrast i og det illuderer fossen der  Fossegrimen (Paul Ottar Haga) bur. Nettet blir òg ein metafor på alle dei trådane som held den norske kulturen saman, samstundes som det knyter trådar til andre tradisjonar og kulturar.

Skodespelarar og dansarar gjer ein framifrå jobb. Dei teatrale gestane med referansar til folkedans, fungerer godt. Heidi Ruud Ellingsen er kanskje den som imponerer aller mest med eit presist og plastisk kroppsspråk.

 

For mykje tekst – eit fjell av ord

Sigurd Eldegard si historie tek mykje plass i oppsetjinga. Hovudkonflikten står mellom spelemann og Fossegrim, mellom menneske og dei underjordiske. Vi skimtar eit Faust-motiv. Men historia har òg mange krikar og krokar – nesten som dei snirklande mønstra på kostyma. Ho handlar om spelemann og husmannsson Tarjei (Igor Necemer). Han bur med mor si (Heidi Gjermundsen Borch) og far sin (Paul Åge Johannesen). Fossegrimen lever sitt liv med slekt og vener i fossen. Han vil at Tarjei skal gifte seg med dottera hans. På garden Stormo bur kaksane. Tor på Stormo (Paul Ottar Haga) vil at Tarjei skal spele til dans i bryllaupet til sonen hans. Tarjei har møtt ein meisterspelar som vil ta han med til utlandet, han tar ikkje speleoppdraget på Stormo. Storgardsdottera Aud (Heidi Ruud Ellingsen) vil ha Tarjei. Tarjei snur på vegen til utlandet og kjem og speler i storgardsbryllaupet likevel. Han speler slik at folk blir galne og sonen som er brudgom, blir drept. Det går nedover med storgarden. Tor vil ikkje ha noko med dottera Aud å gjere etter at ho har flytta i lag med Tarjei. Tarjei lever av å spele, men han har sine samanstøyt med Fossegrimen som framleis vil ha han som mann til dottera si. Alle blir vener til slutt, sjølv om ein aldri kan vere heilt sikker på det der med Fossegrimen.

Historia er grei nok. Ho bygger på element frå kjende eventyr og segn. Problemet med ho er at ho tek for mykje plass. Det musikalske og visuelle må kjempe om plassen med den omfangsrike historia.

 

Hennatatovering møter rosemåling, vadmål og bunad

Inger Hallström Stinnerbom har skapt kostyma til Fossegrimen. Bøndene går kledde i vadmål og bunadliknande klede. Bunadane ser kanskje litt meir svenske ut enn norske. Menneskekleda er naturfarga – grå, svarte og brune. Nokre av kostyma, til dømes uniforma til lensmannen, har referansar til folkeeventyr i Asbjørnsen og Moe-tradisjonen.

Kostyma som folka til Fossegrimen har på seg, er meir eksotiske. Her er det blått, kvitt og sølv. Fossegrimen sjølv har på seg ei krone som både minner om ei norsk brudekrone og sølvarbeid frå austlege land som til dømes India. Kleda har mønster som ser ut som eit møte mellom rosemåling (som igjen er i slekt med akantusrankar frå europeisk mellomalder) og hennatatoveringar frå islamsk kultur. Skodespelarar og dansarar er òg sminka med liknande mønster  som kostyma har.

 

Elitekultur og subkultur

Då Det Norske Teatret starta  opp for hundre år sidan var det eit viktig mål for teatret å ta vare på bygdekultur og det nynorske skriftspråket. Ei oppsetjing som Fossegrimen viser at teatret er dynamisk, ikkje eit museum som berre viser fram gamal kultur, men som òg viser fram nye mønster. Mønster som tek opp i seg element frå naboland og kulturar som geografisk held til langt frå oss.

Oppsetjinga kretsar heile tida i ei slags skumringsverd. Den smått mytologiske historia om Myllarguten blandar seg med historia om Fossegrimen og dei underjordiske. Oppsetjinga er knytt til kulturelle straumar som ikkje kjenner landegrenser, men som endrar seg i møte med menneske og tradisjonar både innan elitekulturar og subkulturar. Sjølv om oppsetjinga har sine svake sider blir ho ståande som eit interessant døme på kva typisk norsk kultur er i 2013.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s