Det Norske Teatret: Stefano Massini: LEHMANTRILOGIEN

foto Erika Hebbert

publisert på Shakespearetidsskrift.no

Velopplagt ensemble, glatt forteljing

Lehmantrilogien på hovudscenen på Det Norske Teatret er velspelt og velregissert, og er interessant som episk historieforteljing om Lehman-dynastiet, men stryk ein ikkje dei mektige finansfolka vel mykje med håra her?

Av Elin Lindberg

Stefano Massini: LEHMANTRILOGIEN

Omsett av Tove Bakke

Omarbeiding av manus: Maren E. Bjørseth og Anders Hasmo

Regi: Maren E. Bjørseth

Scenografi: Olav Myrtvedt

Komponist og lyddesignar: Alf Lund Godbolt

Koreograf: Ida Wigdel

Kostymedesignar: Gøril Bjercke Sæther

Lysdesignar: Norunn Standal

Lyddesignar: Anders Svinndal

Dramaturg: Anders Hasmo

Det Norske Teatret, hovudscenen, premiere 27.august 2021

Finanskrisa i 2008 – den hadde vi nesten gløymd. Ho er blitt overskygga av den globale koronakrisa som framleis herjar. Men det inga grunn til å gløyme korleis det kapitalistiske systemet vi er ein del av er blitt slik det har blitt og kva slags mekanismar som rår. Noko av dette får vi med oss gjennom Lehmantrilogien.

Familiekrønike

Italienske Stefano Massini er romanforfattar og dramatikar. Lehmantrilogien blei først skrive som ein roman på vers, før han blei skodespel. Massini starta skrivinga i 2008, rett etter at det kjende finanskonsernet kollapsa så grundig og tok enormt mange menneske, og statar, med seg i fallet. Stykket er svært populært og har blitt spela i London og er no på veg til Broadway, det er omsett til ei mengde språk. Urframføringa var i Frankrike i 2013.

I stykket møter vi familien Lehman som kom til USA frå Bayern i Tyskland på 1840-talet. Først ut er eldstebroren Hayem Lehman (Ingunn Øyen) – han byttar namn til Henry straks han har landa på amerikansk jord. Han starta med å selje bomull i Alabama. Brørne Mayer (Christian Ruud Kallum) og Emanuel (Ane Dahl Torp) kom òg over, og dei blei The Lehman Brothers. Vi følgjer dei tre brørne og etterkomarane deira gjennom den amerikanske historia fram til den slutten vil alle veit kjem: den brutale kollapsen i 2008. Det lange tidsspennet er delt i tre delar.

Rein regi

Maren E. Bjørseth har allereie vist at ho kan setje opp store episke verk. Ho har, mellom anna, sett opp Min briljante venninne som var bygd på det enorme verket Napolikvartetten av Elena Ferrante. Det var på Oslo Nye Teater i 2019. Bjørseth har med seg mange frå det same kunstnarlege laget som jobba saman den gongen, i oppsetjinga av Lehmantrilogien. Det er mykje stoff å ta av, og mykje er nok kutta sidan den italienske versjonen tok fem timar å spele. På Det Norske Teatret er vi gjennom dei tre delane på rundt tre timar, pluss pausar. Og det går fort, det går i eit vanvitig tempo. Både teksten som er skrive på vers og temaet kler det høge tempoet. Verselinjene, eller replikkane, er delte mellom skodespelarane. Det blir teksten og ikkje karakterane som driv oppsetjinga.

Gode skodespelarar

Ein stad i teksten snakkar dei om tennis. Finans blir samanlikna med tennis. I tennis må ballen alltid vere i rørsle. Om ballen ligg på bakken er spelet over. Slik er det på ein måte òg med spelet på scenen. Skodespelarane speler ball med kvarandre heile tida. Dei er i konstant rørsle. Dette er ein gjeng svært gode og rutinerte skodespelarar. Dei har full kontroll heile tida, sjølv om ein og anna replikk glepper. Skodespelarane har så mykje musikalitet og speleglede i seg at dei dansar seg raskt inn att. Dette er veldig godt ensemblearbeid. Dei speler kvarandre gode. Dei er først og fremst historieforteljarar her. Dei ulike rollene er mest sjablongar, likevel blir dei ikkje berre illustrasjonar til teksten dei formidlar. Det er gjort mange fine val i replikkføringa som skapar ein god og vellukka, teatral dynamikk.

Rom

Scenografien er ein stor stillas-aktig konstruksjon. I starten er han butikken til Lehman-brørne med sekkar med bomull, seinare mellom anna gatebiletet i New York og bakgrunnen på ein veddeløpsbane. Elles er den store scenen open. Skrifttypane til det kjende skiltet til Lehman Brothers går igjen i lysbokstavane som viser titlane på delane stykket er bygd opp av. Alle skodespelarane går i dress. I scenene som omhandlar 1800-talet har dei svarte frakkar og svarte hattar. Lehman-brørne var jødar og kleda deira signaliserer det. Kleda signaliserer òg makt og kontroll. Dressane skiftar snitt og stil medan vi kjem lenger fram i tid. Eit par stader er kostyma med på å drive den sceniske forteljinga. Eit døme er då yngste bror Emanuel skal fri til dottera (Christian Ruud Kallum) til den rike Goldman (Eivin Nilsen Salthe) i New York Her skiftar kjolane farge i eit humørfylt opptrinn.

Finanskrise – kva så?

Dette episke stykket fortel historia om ein familie som jobbar hardt, dei har flaks, dei er innovative og finn løysingar. Dei er drivkrefter i den økonomiske historia. Oppsetjinga er vellukka i å fortelje ei scenisk historie. Det er fart og særs godt driv, skodespelarane og det kunstnarlege laget er framifrå. Til slutt står skodespelarane på rekke. Det er 2008, finanskrisa er eit faktum. Målt i milliardar dollar er dette den største konkursen nokosinne. Namn på aksjemeklarar som har tatt livet av seg går som lystekst over scenen – Mitch, Pete, Fred og fleire. Aktørane står no på randen av stupet, dei står ved avgrunnen, alt er tapt. Ja, vi forstår at dette var ein personleg tragedie for aksjemeklarar og finansfolk, men dei som òg fekk lide på grunn av finanskrisa var jo vanlege fok. Dette perspektivet manglar her. Ni millionar – 9.000 000 – menneske blei kasta ut av heimane sine i USA. I Baltikum steig arbeidsløysa til 40 %. Island slit framleis – og det gjer moglegvis eit par kommunar i Noreg òg, Hemnes og Hattfjelldal, til dømes. Alle hadde vore ein del av eit rote økonomisk spel og ein roten moral. Dei var blitt lurt. Eit av omgrepa som kjem opp tidelg i stykket er tiltru. Folk hadde hatt tiltru til det systemet som Lehman-brørne hadde vore med å skape. Det at dei ikkje var til å stole på, eller verde denne tiltrua, kjem ikkje fram i oppsetjinga av stykket.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s