Det Norske Teatret: Jon Fosse: STERK VIND

foto Pernille Sandberg

publisert på Shakespearetidsskrift.no

No – i all æve

Jon Fosses nyskrive stykke Sterk vind skin som ei perle i Johannes Holmen Dahls oppsetjing. Stykket opnar Fossefestivalen på Det Norske Teatret.

Av Elin Lindberg

Jon Fosse: STERK VIND

Regi: Johannes Holmen Dahl

Scenograf og kostymedesignar: Nia Damerell

Komponist: Alf Lund Godbolt

Lysdesign: Johannes Holmen Dahl

Dramaturg: Carl Morten Amundsen

Det Norske Teatret, Scene 2, laurdag 4.september 2021

Fossefestivalen er i gong. Oresteia av Aiskylos i Jon Fosse si nygjendikting skulle opna festivalen på fredag, men streik blant dei tilsette sette ein stoppar for det. Vi vonar krava til dei streikande går gjennom og at vi snart kan sjå Oresteia i regi av husregissør Eirik Stubø på hovudscenen. Dette er andre gong Det Norske Teatret og Samlaget held Fossefestival. På programmet er, mellom anna, debattar, gjestespel frå Hellas og Belgia, nyskrive norsk dramatikk og altså urpremiere på eit nytt Fosse-stykke. For Fosse-fans var òg lanseringa av siste band av Septologien som opptakt til festivalen, ei storhending.

Nett no

Noko av det beste med teater er at det er så nådelaust her og no. Ei bok eller eit målarstykke er konkret og fysisk og blir ståande etter at det er skapt. Teater er berre no. Derfor fungerer det så godt å diskutere dette nett no på ein teaterscene. Fosse løftar dette noet fram både varsamt og brutalt i det nyskrive stykket sitt. Vi møter Mannen (Jan Grønli), Kvinna (Anne Marit Jacobsen) og Den unge mannen (Jon Bleiklie Devik). Mannen er komme heim frå ei reise. Kona hans har flytta, eller har ho det? Ho har flytta inn saman med ein yngre mann. Kvar er barnet deira? Og kva er no? Stykket er som eit scenisk dikt, eller som ein monolog, om det å vere og om dei heilt fundamentale livsvilkåra.

Eit méd

I siste band av Septologien sit ofte hovudpersonen Asle og ser ut av vindauget. Han har eit méd, eit fast punkt ute på Sygnefjorden, som han kvilar auga på. Eit méd er altså noko fiskarane brukte i gamle dagar, før ekkolodd og andre hjelpemiddel kom til, for å finne att den beste fiskeplassen. To eller fleire landemerke må stå i ein særskild posisjon til kvarandre – då veit du at du er på rett plass, på rett méd. Opp frå dette médet til Asle i Septologien kjem minna frå då han var ung og her kjem òg det han diktar fram, det forteljinga skriv fram, det som blir skapt. Mannen i Sterk vind ser òg ut av vindauget. Han klamrar seg til det å sjå ut av vindauget. I motsetnad til Asle i Septologien som ikkje funderer på om han i det heile tatt ser noko, er Mannen usikker: Ser eg noko når eg ser ut av vindauget? Tyder det noko? Opp frå Mannen sitt méd utanfor vindauget stig eksistensielle spørsmål: Kva er no? Kva er æve?

Innestengd verd

Dei tre skodespelarane sit på scenen når vi kjem inn. Rommet dei sit i er bygd nokså høgt over golvplanet. Det har ikkje dører eller vindauge. Veggar og golv har ei skinande kvit overflate. Det kan minne om tapet, eller overflata til ein klassisk kakkelomn. Bakveggen har ein benk der skodespelarane sit. Ein gamal platespelar og nokre lp-plater ligg på benken, elles er rommet tomt. Sidan det ikkje er mogleg for skodespelarane å komme seg ut av rommet, verkar det klaustrofobisk. Rommet understrekar at mennesket er fanga i verda, i eksistensen. Assosiasjonane kan gå både til ein kakkelomn og til innsida av ein fryseboks – ekstremposisjonar av varme og kulde – akkurat mellom desse ekstreme posisjonane er menneska.

Å vere eller ikkje vere

Sist vi såg ei oppsetjing av Johannes Holmen Dahl var det Hamlet på Nationaltheatret. I Sterk vind kan Mannen ha ein viss slektskap med ein tilårskomen Hamlet i den eksistensielle krisa han opplever. Skal eg vere, eller gå? Den einaste moglegheita Mannen har for å gå er å hoppe ut av vindauget i 14.etasje – altså ta livet av seg.

Mannen kjem altså heim – eller er det heim? Han finn kvinna han elskar saman med ein annan mann. Kvinna vil at han skal gå, men den nye mannen meiner at dei kan bu saman alle tre. Dei kan ligge med kvinna annan kvar gong, seier han. Den nye mannen og kvinna kysser kvarandre og stryk på kvarandre utan nokon stor utagerande erotikk, men snev av erotikk er det. Anne Marit Jacobsen er ei godt vaksen kvinne, Jon Bleiklie Devik er her Den unge mannen, men han verkar nokså godt vaksen han òg. Erotiske scener mellom godt vaksne folk er det ikkje så ofte vi ser på scenen, eller i offentlegheita, derfor er det flott at det kjem fram her. Det blir akkurat passe kleint.

Ord, ord, ord

Kvar Mannen kjem frå veit vi ikkje, men nett no er han fanga i augneblinken. Han grip tak i orda han er fanga i – augneblink – han hater det ordet. Han hatar òg ordet her. Han er fanga i orda. Det er orda som skapar han og det er han som skapar, eller gjenskapar orda. Teksten set det skapte – ordet, kunsten – opp mot det røynlege. Vinden er røynleg. Lufta er røynleg. Det at du døyr om du fell 14.etasjar ned, er røynleg. Slik skapar teksten nettopp den kontrasten vi alle lever i mellom livet som blir skapt i kvart no, og dauden. Mannen påpeiker at no heng saman med æva, det røynlege heng saman med medvitet om eit no. Stykket og oppsetjinga kan kanskje òg ha ein visst slektskap med Jean Paul Sartres For lukka dører, sjølv om det er nærliggande å lese noko religiøst inn i Sterk vind.

Røynda

Det er om lag det same kunstnarlege laget som står bak Hamlet som står bak Sterk vind. Også denne oppsetjinga har noko reinskore og tydeleg over seg. Nia Damerells scenografi fungerer utmerkt. Det klaustrofobiske blir òg understreka av at skodespelarane ikkje eingong når stykket er slutt kan kome seg av scenen ved eiga hjelp. Dei er fanga i si verd i røynda òg. Komponist Alf Lund Godbolts musikk framhevar ikkje seg sjølv, men støttar varsamt opp under handlinga på scenen. Stilla som ligg i dette materialet kjem godt fram. Skodespelarane spelar enkelt og ujålete. Det gjer at òg den underfundige humoren i stykket kjem fram utan at han overspelast. Det er ikkje synd på menneska når vi har slik kunst.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s