Det Norske Teatret: JAKOB OG NEIKOB OG ALLE DEI ANDRE

Publisert på shakespearetidsskrift.no i mai 2021

Foto: Dag Jenssen/Det Norske Teatret

Endeleg er det teater igjen!

Det Norske Teatret gjenopnar med Jakob og Neikob og Alle Andre etter å ha vore stengd i to månadar – det er blitt ei herleg, rørande og humoristisk familieframsyning. Det Norske Teatret skal ha honnør for at det er det første av dei store teatera som er på banen etter nedstenginga.

Av Elin Lindberg

Kari Stai: JAKOB OG NEIKOB OG ALLE DEI ANDRE

Omarbeidd av: Øyvind Osmo Eriksen og Ingrid Weme Nilsen

Regissør og komponist: Øyvind Osmo Eriksen

Scenograf og kostymedesignar: Nora Furuholmen

Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen

Det Norske Teatret, scene 3, premiere 7.mai 2020

Det er sjeldan eg har sett ei så spent forsamling som dei eg møtte på veg til premieren på Jakob og Neikob og Alle Andre på scene 3 på Det Norske Teatret. Det var som jolaftan og 17.mai, ei høgtideleg stemning. Alle var glade, både publikum, teatersjef og teatervertar – endeleg er det i gong att, sjølv om det er litt annleis enn før. På scene 3 er det fullt hus – 38 publikummarar med stort og smått. Publikumsvertar møter oss og viser oss til plassane våre, ein etter ein, eller familiegruppe etter familiegruppe. Vi sit med god avstand mellom oss. Det eksklusive publikummet på premieren var stort sett teaterfolk, med og utan born, og kritikarar –  altså folk som er svært vande med å sjå teater. Stemninga er spent, men meir dempa og roleg enn ho pleier vere når det er teaterframsyning for folk heilt ned til tre år.

Frå bok til teater

Det er Kari Stai som står bak figurane Jakob og Neikob. Stai er grafisk designar, forfattar og illustratør. Ho har laga ein serie bøker om dei to venane, den første kom i 2008. Bøkene hennar er utforma som kollasjar i sterke, klåre fargar og reine linjer. Jakob og Neikob og Alle Andre er den femte i serien og ho er rekna som den beste av dei av fleire kritikarar. Kari Stai har fått mange prisar for bøkene sine, mellom anna Kulturdepartementet debutantpris, Brageprisen og Kritikerlagets pris for beste barne – og ungdomsbok. Bøkene er òg blitt til animasjonsfilm. Universet til Jakob og Neikob er nok derfor godt kjent for mange av barna som kjem til å sjå denne framsyninga framover. Og ja, dette fungerer framifrå som teater, men det finst òg nyskrive dramatikk for barn, stykke som ikkje allereie er kjent gjennom bøker og som vi gjerne ser iscenesett.

Smittande speleglede

Allereie før lyset går av i salen, høyrer vi spelekåte skodespelarar varme opp bak scenen. Når lyset går ned kjem Jonas Fuglevik Urstad ut som ein slags syngjande, energisk forteljar. Han presenterer verda til Jacob og Neikob for oss gjennom song. Dei to venene bur altså saman i eit hus på ein bakketopp. Den eine ser lyst på livet og seier «ja» til alt og den andre ser mørkt på det meste, tenkjer djupe tankar og seier alltid «nei». Dei to venene kjem inn, Jakob (Petter Winther) og Neikob (Per Schaanning) lever harmonisk i lag i huset sitt. Dei lagar mat på ein leikekomfyr, bak eit piano har dei høner som legg egg til dei. Handlingane deira er like enkle og reinskorne som karakterane deira. Dei sjonglerer med koppar og egg, det er fart og driv, dei held på merksemda til det mest krevjande publikum du kan ha: nokså små barn.

Sjarmerande masekopp

I det smått surrealistiske universet til Jakob og Neikob er det sjølvsagt eit klassisk forstyrrande element – det er figuren Masekopp (Jonas Fuglevik Urstad). Han orkar dei ikkje ha på besøk og opnar ikkje når han ringjer på og vil inn. Like etter står det ei stor pakke utanfor døra som venene får skubba inn i stova. Og sprettande ut av pakka: sjølvsagt er det Masekopp. Han er så alt, alt for mykje. Han er så bråkande og masete. Og så kjempesjarmerande. Det at Fuglevik Urstads Masekopp er så superenergisk med så mykje overpositiv, sprø energi gjev Neikob spelerom på den andre sida av skalaen. Det blir rom til Neikobs tunge tankar og tvil på seg sjølv. Oppsetjinga er vellukka balansert.

Å finne seg sjølv

Neikob vil ikkje vere spesiell, han vil vere som alle andre. Jakob som ikkje kan seie «nei» blir sjølvsagt med Neikob på leiting etter ny identitet. Men kven er «alle andre»? Her er det Jonas Fuglevik Urstad som speler alle kandidatane venene møter. Er «alle andre» den gamle dama som stavrar seg av garde med to stokkar? Nei, ho er berre seg sjølv, flirer ho. Er det den macho bussjåføren? Ja! Til det viser seg at han ikkje er «alle andre», men Alejandro – ein artig og framifrå scene. Venene leiter i havet. Her kan det sjå ut som dei slit litt teknisk med ein noko uvillig fjernstyrt hai som det ser ut til helst vil symje sine eigne vegar på premieren. Kanskje kunne scenerommet ha vore meir utvikla her. Når dei to venene leiter etter «alle andre» i verdsrommet  er det ei discokule som lagar stjerner. Kanskje kunne dette rommet òg vore litt meir fantasifullt, sjølv om oppsetjingane på scene 3 stort sett alltid driv med gjenbruk når det gjeld scenografi.

Å vere nokon

Til slutt kjem dei fram til planeten Uno, her finst ein klonemaskin som gjer alle like. Perfekt for Neikob. Her blir han ein robot som alle dei andre på denne planeten. Men slik kan det jo ikkje vere. Jakob som så villig og naivt har gått med på at venen skulle realisere seg sjølv ved å miste seg sjølv får Masekopp med seg for å få Neikob til å bli seg sjølv att. Og Masekopp ordnar opp: Du kan få til alt berre du masar nok! seier Masekopp og reddar dagen. Bodskapen er klassisk for didaktiske songar, bøker og skodespel for barn: du er unik, «du har no’ som ingen andre har, ingen er som deg». Dette er noko ein jobbar mykje med i barnehagar og skoler. Og det sluttar aldri å bli viktig å fremje mangfald, toleranse og demokrati.

Teaterglede

I starten av framsyninga er publikum stille og tilbakehaldne. Ungane sit saman med vaksne i familien og ikkje saman med venene sine slik dei gjer i skole- og barnehagen. Det at vi sit meir for oss sjølve med avstand mellom oss kan òg vere årsaka til at ungane er litt stille. Men etter kvart kjem ungane med nokre kommentarar til det som skjer på scenen: dei er med.

Jakob og Neikob og Alle Andre er blitt godt teater. Spelegleda til dei tre skodespelarane er smittande og herleg. Kostymane understrekar personlegdomen til karakterane og scenografien fungerer stort sett godt. Dramaturgien og regien er effektiv og presis. Musikken som er komponert av Øyvind Osmo Eriksen skapar heilskap og driv – ja, verkeleg teaterglede. Det er berre å ta med seg eit barn eller nokon og kome seg i teateret att!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s